Immediate Family
-
daughter
-
father
-
brother
-
sister
-
brother
-
stepmother
-
stepmother
-
half brother
-
half brother
About Råmund Vesle-Omtveit
På ein sate på vestsida av Ordalselvi midt over for Tytegrav, ligg Vesle-Omtveit fint mot morgonsoli. Det er no tvo bruk som ligg nesten tun i tun. Den øvre garden er hovudbølet. Dela i 1835, 24. 10. Til Omtveit høyrde plassen Sporastaul som vart selt frå 1752, 12. 10. til Lavr. Nilsson (men truleg eig far hans Nils Bjørgulvson plassen sk. 6. 6. 1733, net. 45 rd.)
Garden øydegard 1647, 2 tn. + 1 sauskinn og 1 ½ daler «en liten og skarp jord uden tilliggende eiendom.» -- Buskapen 1657, 1 hest, 3 kyr, 5 sauer og 3 geiter.
Vesle-Omtveit er nemnt i eit prenta diplom frå 1557, 20. 4. (D. N. XV s. 785). Torkjel Aslakson seier seg å ha selt Torbjørn Tormodson 3 markabol i Omtveit «som liggir v/ Tithegraff» og har fått det meste av pengane, Kjetil Tjostolvson hengjer innsigle sitt under.
Ditto 1566, 27. 2. (D. N. XI s. 814). Svorne lagrettsmenn Torgrim Berger, Helie Vesterdal «qued guds oc sinne kungørendis» at Olav Tordson selde 3 m. bol i Omtveit i Sandlands grenn i Br.berg til Torbjørn Tormodson. (Skrive i Kviteseid).
Eit uprenta diplom frå 1569, 5. 6. Skjøte på Omtveit + «en ødegaard på Overdalsfjeld» -- (kan det vera Sporastaul?) -- Torbjørn Tormodson sel 6 markabol i desse 2 bruki til Biuff Halvorson (Bjug) og får 32 daler og 2 snime kyr. (haustbærde.)
Lagren: Jørgen Olavson, Eiul Tollefson og Svenigh Tjostolvson.
Eigarar og brukarar. Frå fyrst av er det leiglendingar på garden. Det er Egil Holtan som eig garden (1623-25) sidan Såmund Lundevall. (1626-40). Torgeir Åse eig 2 tn. (1648-61) Anders Omtveit er odelsbonde (1642-48) og eig 2 tn. Knut er brukar 1654-59 (1660 «Knuts arvinger 2 tn. m.b.»). Ved folketelj. 1664 er Lars oppsitjar 30 år, han har garden til 1688. Ouver (1691-92), Lavrants Tovson (1695-99) Bergit Tallevsdtr. Holtan, enka etter Lavrants, har garden 1700-03. Br.berg kyrkje 1 sauskinn 1647, seinare omgjort til 1/8 tn.
Det er skifte på V.Omtveit 1727, 26. 11. etter Bergit Tallevsdtr. -- gift att med Nils Bjørgulvson. 3 born (Tallev Lavrantson, Bjørgulv og Lavrants Nilssøner).
Brt. 153 rd. Net. 83 rd. Medrekn. jord i V.Omtveit 3 ½ sauskinn, 5 7/12 sett. m.b. 110 rd. NB. Bergit «odelsbaaren og løsen til arvetomten Lille-Omtveit.» Tallev, erver garden. Nils Bjørgulvson «henholdt sin odelsrett til Lønnegraff.»
Skifte 1734, 25. 9. etter Tallev Lavrantsson g.m. Svanaug Torjusdtr. (Torgrim 2 ½ år) Net. 71 rd. medr. jord i V.Omtveit 1 tn. 4 sett. 130 rd.
Olav Vesle-Omtveit har garden 1736-57. Torgrim Tallevson får heimel på 1/3 tn. og 7 skinn 1759, 6. 3. (g. 27. 12. 1761 med Mari Eriksdtr.) Skifte etter Torgrim 1768, 8. 6. (Tallev 4 år). Brt. 375 rd. Net. 221 rd. -- medr. garden V.O. 4 sett. 7 skinn, 250 rd. Mari g. II Endre Torkjelson. Han heimlar 11/24 tn. 1768 og Tallev Torgrimson 1/3 tn. og 8 skinn 1786.
I 1810, 30. 7, oppgjev Mari og Endre buet. (Barnlause). Brt. 1637 rd. Net. 1490 rd. (tilgode 1518 rd.).
Arvingar: Endres systersøner: Rårnund Haraldson og Torkjel. Kona Mari hadde systeri Kari g.m. Åmund Tallevson og broren Kjetil, (død). (Born: Erik Kj. Tytegrav, Torbjørn 32 år, Kari og Gunhild).
Råmund Haraldson får fyrst 1/3 tn. i 1808, sidan auka til 1 tn. 4 sett. (1815-21. Han d. 1830 -- 60 år.
Garden vert dela 24. 10. 1835 mellom Tormod Tallevson Magnushommen og Kirsti Lavrantsdtr. og sonen Lavrants Råmundson. (Kurator Halvor O. Sandland). Kvar lut 2 sett, 4 skinn. Lavrants d. 1845 -- 29 år.
I 1834 vigde Margit Råmundsdtr. V.Omtveit og Svein O. Fleinsborg. Dei fer til U.S.A. frå Omtveit i 1843. (Leiglending). Same året til U.S.A. Eivind O. Vesle-Omtveit og Aslaug Kjetilsdtr. (med Eivind 13 år f. i Seljord) Eivind O. Skori kjøpte V.O. 1838.
I 1852 Em. Søren Hakeson V.O. (37 år) og Margit Lavrantsdtr. (36 år) til U.S.A.
Føderådsbrev 1844, 26. 9., til Kirsti Lavrantsdtr.
Margit Aslaksdtr. Hustveit g.m. Gjermand Jonson Bekkhus, Rauland, bur på øvre Vesle-Omtveit i 1860 åri.
Margit g. II Lavrants Kristofferson. (Midbøen II 100). Ho d. 1876 og Lavr. g. II med E. Margit Tallevsdtr. (Kleiv 134) i 1893.
Denne Lavrants eig garden i 1889 og sel han i 1898 til Hans O. Kilen g.m. Bergit O. Øverland. Sonen Olav g.m. Åse Gunnulvsdtr. Trovatn overtok garden 1919. Storleik: 18 mål dyrka jord, 5 mål beite og 700 mål utmark. Nystaul og Djupekjer er gamle attlagde staular. Husi på garden i god stand.
Stoga omreidt 1953. Buret frå 1850, klædt framside med utskurd av Leiv Sandsdalen. Kvern i sameige med nedre Omtveit.
Referanse 0829/88/2 Omtveit, Sandlandsgrendi, Brunkeberg, Kviteseid, Telemark, Norge
Kjelde Kviteseid bygdesoge II - Gardsoge Publikasjon: Eigi forlag, Kviteseid kommune, 1962 Kviteseid bygdesoge II - gardsoga Kviteseid bygdesoge II - gardsoga
Råmund Vesle-Omtveit's Timeline
1771 |
1771
|
||
1814 |
January 28, 1814
|
||
1820 |
May 8, 1820
|
Kviteseid, Telemark, Norway
|
|
1830 |
1830
Age 59
|