Historical records matching Riksarkivar Dr Asgaut Steinnes
Immediate Family
-
wife
-
daughter
-
daughter
-
daughter
-
son
-
father
-
sister
-
brother
-
sister
-
brother
-
brother
About Riksarkivar Dr Asgaut Steinnes
https://no.wikipedia.org/wiki/Asgaut_Steinnes
Rogalendingar og ætter I av Ola Aurenes side 149.
Asgaut Steinnes.
Fødd i Klepp 11. oktober 1892, son til Eirik Steinnes og Sofia Marie Seland. Student 1912, andre-eksamen 1915. Fag: norsk og latin. Dr. philos. 1928 på avhandlinga <<Leidang og landskyld>>. Han var lærar ved ymse privatskular i Fyresdal og Oslo 1912-19, overlærar ved Stavanger off. skule 1919-21, adjunkt ved Voss landsgymnas 1921-25 og ved Eidsvoll landsgymnas 1925-30, men permitert dei siste 2 åra. Universitetsstipendiat i historie 1928-33. Vart utnemnd til riksarkivar 1933. Medarbeidar ved Instituttet for sammenlignende kulturforskning frå 1929. Medlem av Det Norske Vitenskaps-Akademi i Oslo frå 1938. Fekk i 1943 <<Fridtjof Nansens belønning>>.Formann for tilsynsmennene for Norsk stadnamnarkiv frå 1946. Er elles med i mange nemnder og styre, m. a. i styret for Det Norske Teatret. Steinnes har skrivi fleire større og mindre avhandlingar om historiske emner. Forutan doktoravhandlinga kan me nemna <<Gamal skatteskipnad i Noreg>> I og II. Desse og doktoravhandlinga er utgjevne av Det Norske Videnskaps-Akademi. Mesteparten av skriftene hans er samfunnshistoriske utgreiingar med emne frå norsk mellomalder. Gift 11. februar 1917 med Gudrun Mauland, fødd i Aure 9. november 1894, dotter til kyrkjesongar Torkell Mauland (sjå der). Lærarskuleeksamen 1916. Born: a. Sigrid Steinnes, fødd 21. november 1917, død 29. desember s. å.
b. Sigrid Steinnes, fødd 26. september 1918. Studerte filologi, men braut av, då Universitetet kom under N. S.-styring hausten 1941, og arbeidde dei 3 siste åra av krigen i sekretariatet for <<Hjemmefrontens ledelse>>. Gift 30. juni 1945 med Olav Løkse; har vori lektor på Kongsberg og i Aker og er frå 1946 konstituert rektor ved Landsgymnaset for Troms og Finnmark.
c. Kari Steinnes, fødd 26. september 1918. Kontorfullmektig ved Universitetet.
d. Eirik Steinnes, fødd 23 oktober 1923. Stud. mag. art.
(By Irene Røyneberg)
Riksarkivar Dr Asgaut Steinnes's Timeline
1892 |
October 11, 1892
|
Kleppe, Klepp, Rogaland, Norway
|
|
1917 |
November 21, 1917
|
||
1918 |
September 26, 1918
|
Bærum, Akershus, Norway
|
|
September 26, 1918
|
|||
1923 |
October 23, 1923
|
||
1973 |
July 6, 1973
Age 80
|
Oslo, Oslo, Norway
|
|
???? |
Vestre gravlund, Oslo, Oslo, Norway
|