Sigrid Jensdatter Fossmark

Is your surname Fossmark?

Research the Fossmark family

Sigrid Jensdatter Fossmark's Geni Profile

Share your family tree and photos with the people you know and love

  • Build your family tree online
  • Share photos and videos
  • Smart Matching™ technology
  • Free!

Sigrid Jensdatter Fossmark

Also Known As: "Sigri/ Jensdotter"
Birthdate:
Birthplace: Fossmark br. 5, Fossmark, Bruvik, Vaksdal
Death: 1709 (28-29)
Fossmark bnr. 5, Vaksdal, Vaksdal, Hordaland, Norway
Immediate Family:

Daughter of Jens Nilsson, Fossmark Bruvik (Indre) and Marta Bessesdatter Fossmark
Wife of Olav Fabiansson Fossmark
Mother of Marta Olavsdatter Fossmark, d.e.; Brita Olsdatter Faugstad; Jens Olsson Fossmark; Olav Olsson Fossmark and Synneva Olsdatter Fossmark
Sister of Besse Jensson Fossmark
Half sister of Besse Jensen

Managed by: Tore Gatland
Last Updated:

About Sigrid Jensdatter Fossmark

Skiftet etter Sigrid syner at dei var velstandsfolk. Samla eige i buet var

verdsett til vel 146 rdl., og buet var heilt gjeldfritt. Der var mykje

verdfullt lausøyre og mange husdyr.

FOSSMARK BRUK Nr. 5

1699 transport til Olav Fabiansson Fokstad frå vermora Marta Bessesdtr. Ho skulle ha kår av bruket. Dokumentet som vart oppsett i samband med denne overdraginga er eitt av dei eldste kjende skriftlege vitnemål om kåryting i denne sokna. Marta skulle ha mat, klede og tilsyn i levetida og «en ærlig begravelse» når ho var død. Kåret vart avlyst 1717. Sjå nfr. Olav Fabiansson 1677-1718 g. 1. g. med Sigrid Jensdtr. Fossmark - 1709.

Skiftet etter Sigrid syner at dei var velstandsfolk. Samla eige i buet var verdsett til vel 146 rdl., og buet var heilt gjeldfritt. Der var ikkje anna jordegods enn dette bruket, som var verdsett til 20 rdl. Men der var mykje verdfullt lausøyre og mange husdyr. Eit sylvstaup på 17 lodd var verdsett til 8 rdl. 3 stølebelte var verdsette til 10, 7 og 6 rdl. (Husdyra er tekne med framanfor under oversynet over skyld, fødnad m.m. på dette bruket.)

Born: Marta 1700-1764 g. 1732 m. Guttorm Larsson Hundhamar. Dei vart skilde 1751. Brita 1702-, g. m. Eirik Bastesson, brukar på Fokstad/Faugstad. Jens 1703-1704. Olav 1704-, brukar her. Synneva 1707-, g. m. Lars Torsteinsson Langeland. Sjå Samnanger I s. 548. Olav Fabiansson g. 2. g. 1712 m. Magdeli Johannesdtr. Øvste Mjelde 1690-1778. Sjå Haus s. 42. Johannes Øvste Mjelde var lensmann i Mjelde skipsreide. Han samla mykje jordegods, og Magdeli var eit av dei rikaste gifte i heile Haus prestegjeld. Olav og Magdeli fekk 1717 skøyte på dette bruket hjå Nils Langeland som var gift med Marta Bessesdtr. I skøytet vert det gjort greie for at bruket tidlegare er overdrege til Olav Fabiansson mot kår til Marta, men no vert bruket kårfritt, avdi Olav har betalt ein sum som dei har vorte forlikte om. Kor stor pengesummen er, er ikkje nemnt. Olav og Magdeli fekk to born:

Sigrid 1713-, g. 1732 m. Mons Einarsson Rivenes, brukar på Øvste Mjelde, Haus. Anders 1716-, brukar på Fokstad/Faugstad.

Magdeli Johannesdtr. g. 2. g. 1720 m. Nils Monsson Raknes 1675-1733. Nils var frå Hole i Hosanger, men tok namnet Raknes då han gifte seg 1. g. 1705 m. Hille Olsdtr. Raknes. Sjå Hosanger I, 1. del s. 380. Nils fekk bygselsetel på Fossmark bnr. 5 hjå ervingane etter Olav Fabiansson. 1725 fekk han skøyte på Dale bnr. 11. Ein merknad i presteboka for Haus 1732 kan tyda på at soknepresten tykte Nils var påhalden: «Dend 31te oktobris var Brudvigs taksigelses prædicken for jordens velsignede vext holdt, men Nils Fosmark var tilsagt at holde nattehold efter sædvane, som det havde nægted, derfor ieg holdt selv.» I dei 13 åra Magdeli og Nils var gifte fekk dei 7 born: Helga 1720-, sjå Stanghelle bnr. 1. Olav f. og d. 1723. :Mons 1724-, brukar på Helle bnr. 3. Olav 1726-, brukar på Hana. Nils 1727-, brukar på Helle bnr. 7. Johannes 1729-, brukar her. Anna f. og d. 1731.

Magdeli g. 3. g. 1734 m. Anders Nilsson Helle. Sjå Helle bnr. 1. Borna frå 2. ekteskapet fylgde med mora til Helle og vaks opp der.

http://www.vaksdalhistorielag.org/wiki/index.php?title=Gnr._19_Foss...

view all

Sigrid Jensdatter Fossmark's Timeline

1680
April 7, 1680
Fossmark br. 5, Fossmark, Bruvik, Vaksdal
1699
1699
Fossmark br. 5, Vaksdal, Hordaland, Norway
1702
1702
Osterøy, Hordaland, Norway
1703
1703
Fossmark br. 5, Vaksdal, Hordaland, Norway
1704
1704
Fossmark br. 5, Vaksdal, Hordaland, Norway
1707
1707
Fossmark br. 5, Vaksdal, Hordaland, Norway
1709
1709
Age 28
Fossmark bnr. 5, Vaksdal, Vaksdal, Hordaland, Norway