Is your surname Midtgård?

Research the Midtgård family

Share your family tree and photos with the people you know and love

  • Build your family tree online
  • Share photos and videos
  • Smart Matching™ technology
  • Free!

Sjur Ingebrigtsen Midtgård

Birthdate:
Death: circa 1705 (81-98)
Immediate Family:

Son of Ingebrigt Midtgård
Husband of NN Midtgård
Ex-partner of Gunilde Knutsdotter Austrem
Father of NN; Ingebrigt Sjursen Midtgård; Endre Sjursen Midtgård; Jørgen Sivertsen Midtgaard; Jørgen Sjursen Midtgård and 2 others

Managed by: Eivind Vaksvik
Last Updated:

About Sjur Midtgård

f. 1615 i ?, d. 1705 i Sjursgarden, bnr 3 Midtgård. Bruker av Sjursgarden frå 1651-1693. Tok over bruket etter to enkjer Barbra Larsdotter Trandal og Tora. I 1652 vart Sjur stemd av Barbro Larsdotter fordi han ikkje ville gi henne kår. Den tidlegere brukaren hadde lovt henne at ho skulld "njude i hennes Lifstid et nødsfoster og halfandet mæle sæd". I 1653 fekk Sjur barn med tenestejenta si, Gunilde Knutsdotter Austrem. Gunilde hadde gått til Tusvik, fått skyss over fjorden, og hadde gått gjennom Skodje og Ørskog til Tomrefjorden, der ho arbeidde i 8 dagar. Då ho gjekk vidare derifrå kom ho til ei stor myr. Der svima ho av, og då ho kom til seg sjølv var ho forløyst og barnet lå der livlaust. Ho la liket under ei bjørkerot og kom seg til folk att. Saka kom fram på tinget i Vågnesholen i august 1653, 14 dagar etter fødselen. Gunilde fortalde at ho hadde tenkt seg til ein slektning, Jens Parelius, som var prest i Stjørdalen. Det hadde Sjur og rådd henne til. Ho vart ikkje dømd for å ha teke livet av barnet, noko som ikkje kunne prøvast, men det ho elles hadde gjort var den tida nok til dødsdom. Sjur hadde "forbrutt sitt gods" som skulle tilfalle kongen. For ikkje å verte "slett busleden" bad Sjur om å få løyse inn at buet sitt med hjelp av vener, og det fekk han for 26 rd i 1654. Det ser ikkje ut til at Sjur etter denne tragiske saka var skremd av "øvrigheita": I 1667 fekk han 7 rd i bot "for opprør på et skatteting". Seinare vart han kalla "dannemand", som berre vart brukt om velvyrde menn.

Kilde: Bygdesoga bind III, side 628 og Gardssoga for Borgund, band 2 side 45.