Svend Sivertsen Bjerkaker

Is your surname Bjerkaker?

Research the Bjerkaker family

Svend Sivertsen Bjerkaker's Geni Profile

Share your family tree and photos with the people you know and love

  • Build your family tree online
  • Share photos and videos
  • Smart Matching™ technology
  • Free!

About Svend Sivertsen Bjerkaker

BERKÅK

Gnr. 62 Oppstuggu og gnr. Utstuggu

Gamle matrikkelnr. 513 og 514

Uttale: bærkåk

Berkåk ligg lunt til i dei bratte bakkane ned mot Orkla. Her var det god dyrkningsjord, og garden var kornviss. Namnet er samansett. Det første leddet kjem av birki, eit inkjekjønnsord som tyder ein stad der det veks bjørk. Det siste leddet kjem av gno. akr. som tyder ein åker eller dyrka jord. Sisteleddet er vanleg i bustadsnavn over hele landet. Namn med grunnordet åker kan vanskeleg tidftestast til nokon bestemt tidsperiode. Dei eldste kan vere eldre enn vikingetida. Dei fleste går likevel ikkje lenger attende enn til kristen mellomalder (år 1000).

Namnet viser og ei klår tilknytning til ein modergard for Berkåk. Ingen gard skil seg naturleg ut. Vi kan tenkje oss både Skamfer, Kosberg og ein tidlegare storgard som heitte Vang på den andre sidan av elva. Namnet har vore skrive på ulike måter opp gjennom tida. Den første skriveforma vi har finn vi i Aslak Bolts jordebok. Der er forma "af Berkakre" nytta. I 1520 vart namnet skrive Berkirakre, i 1559 Birchager. På 1600- og 1700-talet er formene Bierchager eller Berchager vanlege.

Dei første opplysningane om garden i ei skriftelig kjelde får vi i 1432. Berkåk er ein av dei gardane som er ført opp i Aslak Bolts jordebok. Her kan vi lese: "af berkakre xvj spanna l. b. f.ij. spann" Dette kan vi tolke slik: Før den store krisa etter Svartedauden 1350 sette inn, måtte drivaren på garden betale ei landskyld (bygselavgift) på 16 spann smør, dvs. 245 kg. For å få bygsla bort garden på 1400-talet, måtte erkebispen redusere landskylda til 2 spann smør, dvs. vel 30 kg. Dette tilsvarer berre 1/8 av det skylda var før krisa sette inn. Berkåk berga likevel gjennom kriseåra. Her budde det folk heile tida. Garden vart ikkje fråflytta og lagt for fefot som så mange andre garder. Når det budde folk på Berkåk i dei mørke, dystre kriseåra, har dette flere grunner. Garden var for det første ein stor og kornsikker gård. For det andre var det truleg skysstasjon på Berkåk i den tida. Garden låg høveleg til ved den gamle kongevegen, og her var bru over Orkla. Dette gjore nok sitt til at garden var busett i øydetida etter 1350.

Vi veit likevel lite om dei som budde her. Den første tida etter at garden vart rydda, kan vi rekne med at drivarane var sjølveigarar. Jordeboka til Aslak Bolt syner oss at drivarane i 1432 var leiglendingar under erkebispestolen i Nidaros. Korleis erkebispen hadde fått hand om garden, kan vi berre gisse oss til, Men sjølv om det var kriseår i landet, førte ikkje krisa til verre tilhøve for drivarane på Berkåk.

Landskylda var berre ein brøkdel av det ho hadde vore før Svartedauden, og mange øydegardar gjorde at det var godt med beitemarker. Fleire avgifter fall bort, slik at dei økonomiske børene vart lettare å bere.

Ei skatteliste frå 1520 fortel oss at det budde 3 skatteytarar på Berkåk.Dei var Ola, Gjertrud og Brønnil. Ola betalte skatten med 2 lodd sølv. Det vil seie at Ola hadde ein formue i lausøyre verdsett til 20 merker pengar. Ola måtte dessutan betale 4 lodd sølv av myndlingemidlar som han hadde i si varetekt.

Gjertrud betalte skatten med 1 lodd sølv og 12 sk. for jordegods. Det vil seie at formuen hennes var verdsatt til 10 merker penger. Ho åtte jordegods verdsett til 120 sk. Nokon stor godseigar var ho ikkje, truleg er det berre ein liten arvepart det er snakk om.

Brønnil betalte 2 lodd sølv i skatt. Formuen hennes i lausøyre var verdsatt til 20 merker pengar.

Skatteytarane på Berkåk var ikkje blant dei rikaste i bygda. Gjennomsnittsformuen var på om lag 30 merkar pengar, og vi har sett at ingen på Berkåk hadde så mykje.

I 1548 heitte drivaren på Berkåk Sjur. Han betalte landskyld for 2 spann med 2 slaktenaut.

Skipsskatten 1559 syner at Sjur framleis dreiv garden. Han betalte ein daler i skatt dette året. Drengen hans het Anders. Han slapp med ein ort.

Vi har få opplysningar om Berkåk i første halvpart av 1600-talet. Garden var gjestgivargard og skysstasjon, og han vart derfor utelate frå skattelistene fordi drivarane var skattefrie.

Det ser ut til at det var bare eitt bruk på Berkåk, og den første drivaren vi får høyre om, er Trond. I 1622 betalte han 2 rdrl. i førstebygsel. Trond dreiv garden fram til omlag 1640, og derstter sat enkja nokre år åleine med garden. I 1648 betalte Løden Trondson 10 rdrl. i førstebygsel "udi Birchager som hannes moder for hannem oploed". Løden, f. 1617, sat med garden i om lag 30 år. I hans brukartid vart garden delt. Om lag 1660 hadde Svend fått halve garden.Svend bygde nye hus ovafor garden til Løden, og kalla garden sin Oppstuggu. Garden til Løden fikk navnet Utstuggu. Dei husa som Svend Trondson bygde, vart nytta heilt inn i vårt hundreår. I 1917 hadde den gamle stuggulåna gjort nytta si, og eit nytt våningshus av lafta tømmer stod ferdig til bruk. I 1901 hadde det vorte bygd nytt fjøs.

Dei første åra etter delinga var begge gardane gjestgivagarder, men matrikkelen 1723 nemner berre Utstuggu som "gæstgifergard".

Da riksvegen vart bygd i 1860-åra, vart gjestgivargarden flytta opp på bakkane. Truleg vart både fjøs og stall og noko av stuggubygninga flytta oppover. Dei heldt fram med skysstasjon heilt inn i vårt hundreår.

Når skysstasjonen vart flytta opp, har nok samanheng med at det kom ny veg. Kunstmålaren Edvard Price frå England peiker på ein annan grunn då han skreiv i dagboka si:" Ved Berkåk ble den så bratt at hesten nesten skled ned på sin bakdel. Ved Berkåk førte en stor rødmalt trebro over elven. Den motsatte bredden var vanskelig å komme opp, så bratt var den (vegen opp Gammelgrøvinn)".

Fra eldgammel tid har folk ferdes etter Kongevegen opp Berkåkbakkane, og mykje storfolk har vitja skysstasjonen.

Når prominente personer var i vente, henta dei Holshornet. Den 6. august 1704 var kong Fredrik den fjerde innom skysstasjonen på Berkåk. Kongen gav da 7 riksd. i sølv til ei plate på Holshornet.

Den neste var Fredrik den sjette, som den 10. juli 1788, da som kronprins, "ved sin Nærværelse på Bierkager" gav 10 dukater til hornet.

Så kom den minnerike året 1814, og da - og under den velkjende ferda til Trondheim i januar og februar - stogga kronprins Christian Fredrik på Berkåk, der han drakk av hornet. Han hadde og samtale med bygdekunstnaren og dannebrogsmannen Ingebrigt Eggan, som han tinga til å lage eit signet åt seg.

Den siste kongen som køyrde kongevegen og var innom skysstasjonen på Berkåk, var Carl den femtande på si kroningsferd til Nidaros domkyrkje i 1860. Han "gammal-Jo niøMoa" (1832 - 1924) hugsa denne hendinga og fortalde om ho.

"det var dagen før olsok og midt i slåttonna, Likevel var det svart av folk ute på tunet og mange hadde klive opp på hustaka for å sjå, og hus var det mange av på Gammalgarden.

Det vart lenge å vente, men endeleg kom den lange reia av folk, hestar og flotte kjøyretøy. Mykje stas vart å sjå, men likevel ikkje slik som bygdefolket hadde venta, for kongen sjølv var ikkje med. Han hadde gjeve seg att nedmed Vangsengbrua, der han tok til med fotografering, vart det sagt. Kanskje fikk han eit glytt på St.Olavs Jernverk i Flåmoen, som den tida var i gang.

Langt om lenge kom kongen etter, heit og andpusten etter klivinga i brattlendet. Sin vane tru stega bygdafolket litt attover og trengde seg saman. Det høvde seg ikkje for vadmålskledte bønder å kome ein konge for nær og i alle fall ikkje å tale med ein som stod så høgt i rang.

Kongen gjekk inn i storstuggu, og der stod Holshornet på langbordet, velfylt med øl. Kongen åg med interesse på hornet ei stund. Da han lyfte hornet til munnen for å drikke, stod folk i spenning. Det var vanskelig å drikke av det. Jau da, han lyfte det vel høgt, så ølet skvatt ikring han. Men kongen tok uhellet med eit smil.

Nest kongen la dei merke til ein morian (neger) som sat på kusksetet i kongevogna. Mest ingen hadde sett ein svarting før, og folk storundra seg over at ein slik kar hadde klart å kravle seg så nær ein konge.

Karen Engelsdt. Stavne f. Meslo (1853 - 1933) hugsa fra ho var barn at når dei for heim fra Storslette, kunne dei møte dilligencen (husvogner på fire hjul) på veg opp Berkåksbakkane.

Det er 120 - 125 år sidan kongevegen i Berkåksbakkane var nytta som allfarveg. I dag er øvre delen av bakkane bruka som gardsveg til Oppstuggu Berkåk. Nedre delen, frå Utstuggu og ned i Moen er no knapt nok bruka som gangsti.

I denne historia vil likevel Berkåk som gard og heim for alle dei hundre menneska som vaks opp her, bli satt i forgrunnen. Det var det jorda gav, menneska skulle leve.

Oppstuggu og Utstuggu vart like høgt skyldsett då den opphavelege garden vart delt. Skylda var tidlegare 5 øre, no fekk kvar gard ei skyld på 2 1/2 øre. Det vil seie at drivarane måtte ut med ei årlig bygselavgift på om lag 14 kg smør. I 1548 betalte Sivert landskylda med "eit slaktenaut". Skylda var av mange grunnar viktig for drivarane. Matrikkelen 1723 meinte at ho kunne skrivast opp slik at ho vart eit spann. Dete sette drivarane seg imot, og ikkje før ut på 1800-talet vart skylda regulert.

Vi har alt høyrt at Berkåk var erkebispegods i 1423. Ved reformasjonen 1537 gjekk garden over til krona. Kongen sat med garden i lang tid. I slutten av 1600-talet gjekk Oppstuggu over til etatsråd Muller, men kongen fekk att garden innan kort tid. Ved det store krongodssalet 1728 kjøpte sorenskriver Jens Randulf både Utstuggu og Oppstuggu. Han betalte 150 rdlr. for kvar av dei. Alt året etter selte han til oppsittarane for 250 rdrl. Men samstundes heldt han att retten til alt sagtømmer i skogen. Drivarane forplikta seg til å levere alt sagtømmer i skogen til Berkåk sag, som dei nokre år tidlegare hadde bygd i Skauma.

Berkåk sag eller Nedre Skauma sag låg nedafor Skamfer. Saga hadde "en stor og sterk fordemning i den overforliggende store sjø, som bringa so mykje vatn til saga at ho kunne nyttast 5-6 veker om våren og 2-3 veker om hausten". Denne saga vart seinare seld til Sivert Skamfer, og drivarane på Utstuggu fekk seinare ei lita oppgangssag i Jaklabekken.

I fekk Ola Estenson på Oppstuggu kongelig løyve til å sette opp ei sag i bekken Ea saman med Peder Skamfer. Vi veit ikkje kor lenge desse sagane var i drift, men det syner at drivarane var merksame på den innkoma sal av sagbord kunne gje. Det som vart skore på saga i Skauma vart sende til Trondheim, medan vrakborda "bliver igjen til bygdens behov".

Matriklane nemner at Berkåk har skog til ved og hustømmer, men fleire andre kjelder fortel oss at dei hadde ein god del til sal også. Kjeldene tek som regel atterhald om djup snø og uføre, "hvorved neppe noe kan føres fram".

Berkåk hadde eit rikt og allsidig næringsgrunnlag, og eit viktig spørsmål for oss er derfor korleis drivarane har utnytta dette.

Tabellane gjev oss ein oversiktover utsæd og husdyr opp gjennom tida. Vi ser at matrikkelen 1667 stipulerte korntienda til 4 tønner på kvar gard. Det vil seie ein kornproduksjon på 80 tønner tilsaman (11200 liter). Matrikkelen 1723 reknar med ein utsæd på 20 tønner. Dersom vi rekner med 4 foll, vert kornproduksjonen 80 tønner, dvs. like så mykje som i 1660-åra. Vi ser at kornproduksjonen er svært stabil frå 1660-åra til først på 1800-talet. Kvar gard skulle etter dette få ei kornavling av om lag 50 tønner i 1800 (7000 liter). Vi reknar no med 5 foll. Dette var produksjonen i eit normalår. Det er klart at avlingane varierte alt etter som det var eit godt år eller ikkje. I 1657, da garden enno ikkje haddde vorte delt, ser vi at drivaren hadde svært mange dyr. Dei hadde 7 hestar, som truleg var naudsynt, ettersom det var skysstasjon her.

Opplysninger i matrikkelen 1723 synest tyde at dei hadde for til alle desse dyra. Det var fleire dyr på Utstuggu og Oppstuggu tilsaman i 1723 enn det var i 1657. Drivarane slo i alt 72 lass høy på heimenga i 1723, like mykje på kvar gard. I 1660-åra køyrde dei heim 10 lass høy frå Holte engeslett. Dette var neppe heile høyavlinga, men full oversikt over høyproduksjonen får vi ikkje før i 1866.

Dei opplysningane vi har, tyder på at korkje åkerarealet eller enga har vorte utvida fram til 1800. Levestandarden både på Utstuggu og Oppstuggu har vore god. Ikkje noko tyder på at det har vore lite mat og barkebrødstider, sjøl om det alltid har budd mykje folk på gardane.

Utetter 1800-talet er vi vitne til ei rivande utvikling. Tabellen syner at drivaren på Utstuggu kunne rekne med vel 60 tønner korn (8400 liter) og 60 tønner poteter i 1835. Produksjonen på Oppstuggu var noko mindre, men dei hadde fleire dyr. Vi må vere merksame på at 2 mindre gardar hadde vorte skilde ut frå Oppstuggu, og dei er slegne saman med modergarden. I tida fram til 1865 er produksjonen uendra på Utstuggu, men dei hadde færre dyr enn i 1835. Matrikkelkommisjonen 1866 meinte dei kunne halde fleire dyr enn dei gjorde. Vi må tru svelteforingas tid var over. Drivaren Trond dreiv og gjestgivargarden og skysstasjonen, og var dessutan postopner.

Oppstuggu hadde vorte delt opp i 5 gardar i 1865, og det er derfor rimeleg at produksjonen ikkje var så høg. Tor Erikson måtte klare seg med ei avling på 5000 liter korn og 2500 poteter.

Dette reiser eit nytt spørsmål. Var det dårleg økonomi som fekk drivarane til å selge unna Oppstuggu bit for bit? Dersom vi går 150 år attover i tida, attende til Sjur Knutson, får vi eit positivt bilde av økonomien. Buet etter Sjur vart gjort opp med eit overskot på nærare 100 rdlr. Det var mykje pengar i slutten av 1600-talet.

Buet etter Tor Olsen, 1737, syner eit overskot på 318 rdlr. Tor hadde nokre år tidlegare kjøpt Oppstuggu til sjøleige, og alt tyder på at det var stor velstand på garden. Tor etterlot seg ein stor, god gard, mange dyr og mykje reidskap. Her fantes koparkjelar, tinnfat, messingstakar og sølv. Gjeld hadde han mest ikkje.

Dottera Ragnhild og mannen Erik Rasmussen tok over garden etter Tor. Buet etter Ragnhild, 1755, syner eit overskot på 374 rdrl. Gjelda var berre 41 rdrl.

Det synest som om Erik Rasmussen ikkje hadde noka heldig hand om garden. Då skiftet etter Erik vart halde, synte det seg at han hadde 420 rdrl. i gjeld. Gardverdien vart sett til 500 rdrl. Økonomisk stod det ikkje så bra til med Erik som med dei tidlegare drivarane på Oppstuggu.

Dette forsterkar seg utetter 1800-talet. Både Erik Toreson og sonen Tor Erikson tok opp uvanleg mange lån. Fleire mindre eiendommer vart skilde ut og selde. I 1815 vart Berkåkshåggån skild ut og seld til Ingebrigt Anderson Voll. 10 år seinare fekk Haldo Hansson skøyte på ein eigedom som den gongen vart kalla Bakken. Det er den eigedomen vi no kallar Moa. I 1820 haddde Kari Sivertsdt., gift med Tor Eriksen, selt ein del av garden til Tore Olson. Det ser likevel ikkje ut til at desse sala kunne rette opp økonomien. I 1846 vart det auksjon på Oppstuggu. Lensmann Sliper kjøpte heile garden for 800 spd. 2 år seinare selde han halvparten til Knut Ellevson for 1000 spd. I 1854 selde han den andre halvparten attende til Tor Eriksen. Tor slapp med 567 spd. Lensmannen hadde likevel tent godt. I 1872 selde Tor halvparten av det som var att av Oppstuggu til Jon Jonsen for 600 spd.

I 1866 var åker og dyrka eng på 48 mål, og etter salet i 1872 hadde ikkje Tor att meir enn 24 mål dyrka jord.

Økonomien på Utstuggu ser ut til å ha vore svært god heile tida. Det første skiftet vi har, er etter Haldis Ingebrigtsdotter, g.m. Løden Olsson. Skiftepapira syner at det fantes sølv, messingstaker, koparkjelar og uvanleg mykje klede på garden, både av lin og vadmel.

Buet etter sonen Ola, i 1769 vart gjort opp med eit overskot på vel 440 rdrl. Ola etterlot seg ein del reidskap som syner at han har vore smed. Sonen til Ola, Jon, var svert velståande, og buet etter han viser eit overskot på 818 rdrl. No hadde dei prydgjenstander av sølv, tinn og messing i stova og driftsbygningane og stabbura var fylde med reiskap og mat. Drivarane tok opp nokre lån på 1800-talet, men hadde aldri vanskar med å betale dei attende. Den over 100 mål store garden har vore ein trygg og god heim åt dei som har bodd her. Matrikkelen 1866 reknar med at garden kunne gje ei årleg nettoinnkome på om lag 280 spd. Etter kroneomrekninga 10 år seinare vert det 1120 kroner.

PÅ Oppstuggu fekk Tor Erikson ei årleg nettoinntekt på 480 kroner. Dette vart halvert 6 år seinare da garden vart delt att.

Matrikkelen 1866 nemner ikkje laksefisket i Orkla, men i 1871 leigde det engelske firmaet Parker & Simonds fiskeretten i elva for 10 år. Seinare kom andre til og leigde fisket. Dette kasta av seg nokre skillinger.

Drivarane på Berkåk ser ut til å ha levd i fred med grannane. Vi er ikkje vitne til alvorlege rettsakar om grenselinjer og utmarksrettar. I 1893 vart innmarka utskifta, og i 1912 vart utskiftinga av skogen ferdig.

Gardane har seter i "Berkåksetra", om lag 1 mil sar for garden. Oppstuggu setra mest fram til våre dagar, og bygde ny seter i Skjervløkkja i 1950 medan drivarane på Utstuggu la ned drifta i 1890-åra.

I vårt hundreår har drivarane på Oppstuggu dyrka opp mykje jord, slik at garden har 70 mål innmark i dag.

Trond Olson innleiar på mange måter ei ny tid då han flytta skysstasjonen opp på bakkane. Han kalla garden Ny Bjerkaker, og det ligg noko symbolsk i det namnet. Det var her den nye tida skulle få utfolde seg. Trond Olson budde aldri på gammalgarden. I 1914 delte han ein del av garden og husa som stod att til Trond Trondsen Bjerkaker då han kom att frå Amerika. Han budde på gammalgarden til han fekk bygd nytt bustadhus.

Garden selde han til Pål Gisnås.

I dag er dei gamle husa på gammelgården borte.

Særleg jernbanen fekk mykje å seie for utviklinga av området. Det vart anleggsdrift og folk kjøpte tomter og bygde hus. Medan mellomkrigsåra vanlegvis er ei tid prega av krise i jordbruket og arbeidsløyse, var det aktivitet på Berkåk. Fleier mindre egedomar vart skilde ut og selde. Mange hadde nokre dyr; det kunne vere ei ku, nokre sauer, høner eller gris.

Den merkelegaste tida må likevel vere tida etter andre verdenskrig. Ho står i sterk kontrast til tidlegare tider. Berkåk vart gjort til sentrum i kommunen, og hus etter hus vart bygd i nyregulerte boligfelt.

Hundreåra har gått. Nede i bakkane, der det før var fleire gardar og ei mengd hus, der kongar og anna storfolk for forbi, står i dag 2 gardar. Den eine er fråflytta, men den andre er frmleis i drift.

Samanhengen med fortida er likevel ikkje broten. Den vesle åkerlappen der det vaks bjørk, der en familie for om lag 1000 år rydda skog og bygde seg ein heim, har gjeve namn til eir livskaftig samfunn i vekst og utvikling.

Rennebuboka, bind II, gard og ætt, side 388 - 396

Kari-Elin Røttereng Lillemo

view all 15

Svend Sivertsen Bjerkaker's Timeline

1669
January 4, 1669
Rennebu, Sør-Trøndelag, Norway
1694
1694
Rennebu, Sør-Trøndelag, Norway
1695
1695
Rennebu, Sør-Trøndelag, Norway
1698
1698
1700
1700
1705
1705
Rennebu, Sør-Trøndelag, Norway
1705
1707
1707
Rennebu, Sør-Trøndelag, Norway
1714
1714
Rennebu, Sør-Trøndelag, Norway