Tølløv Olsen Bjørkeset

Is your surname Bjørkeset?

Research the Bjørkeset family

Tølløv Olsen Bjørkeset's Geni Profile

Share your family tree and photos with the people you know and love

  • Build your family tree online
  • Share photos and videos
  • Smart Matching™ technology
  • Free!

About Tølløv Olsen Bjørkeset

Flesberg-boka Bind III

Nedre Bjørkeset Gnr 64/4 - Side 350-352

Tølløv Olsen, sonen (til Ola Andresson), overtok som eigar og brukar av Bjørkeset, 10 skinn. Han bodde her ved skattemanntallet i 1664. Presten noterte da at Tølløv var 25 år gammel, medan futen sette alderen til 28 år. Han fekk ei lang tid som bonde i Bjørkeset, og det ser ut til at han var en drivandes kar. Omkring 1680 kjøpte han Botnan. Dessuten festa han i 1698 Lindbu i Sigdal av presten der, Niels Griis. Der gjorde han det i stand, slik at det var vinterbuandes.

Skattelista frå 1683 har med ei opplysning om at det hører kvenn til Nedre Bjørkeset. Året etter vart skatteskylda sett opp frå 10 skinn til 16 skinn. Egentlig var skylda alt i 1671 blitt forhøya til 15 skinn, men det var av ein eller annan grunn blitt oversett i regnskapa.

Ætta hadde ått noko av Livland. Tølløv vitna i 1703 at han i sin tid hadde spurt Ola Koppangen, far sin, håffer ikkje dei, like så vel som Hellek Livland og Åsland-følka, kunne høgga ved Ostekjønn og Mjovatnet. Faren hadde svart at Livland åtte ikkje noko der. Det hadde Ola hørt av far sin att. Tølløv Olsson var gift tri vendur. Fyrste kjerringa hans var Jårån Klemetsdotter frå Mørk.

Tølløv Olsson og Jårån Klemetsdatter hadde i alle fall to sønner sammen:

1: Nils, omkr 1669-1729, g. 1697 m Torø Klevjorden, b. her.; 2: Klemet, omkr. 1672-1741, g. 1708 m Anne Eivindsdotter Høymyr, b. Gåreberg.

Tølløv vart enkemann. han gifta seg att med Beret Olsdatter, stedatter til Sevat Grønli, som au er omtala under Strand her i Lyngdal.

Tølløv Olsson og Beret Olsdatter hadde visstnok desse barna:

1: Andres, omkr 1678-1757, g. 1705 m Ulvhild Olsdatter Vangestad, sjå Øvre Bjørkeset. ; 2: Torgunn, g 1714 m. Ola Halvordson, sjå under.; 3: Ola, d 1735 (drepen på Kongsberg-marken), g 1724 m. Marte Kristensdatter Slette eller Rolstad, Sigdal. bor på Vest Bråta, sea Rolstad.; 4: Kittil, d 1732, g. før 1725 m. Torø Kristensdatter Slette, Sigdal, bor der.; 5: Kari, omkr 1684-1729, g 1722 m. Hallstein Torsteinsson No. Ramberg, bor der. ; 6: Jårån, 1686-1751, g 1705 m Anund Hellekson Sø. Håvardsrud. Bor Tveiten.

Beret dø ganske tidleg, og Tølløv gifta seg att trea venda med Ulvhild Herbrandsdotter frå Dyrebu. Det hendt før 1688, da den fyrste kjøkjeboka her fra Flesberg tek til.

Tølløv Olsson og Ulvhild Herbrandsdatter hadde barna:

1: Beret, f 1690-1751(?). g. 1710 m Hellek Knutsson Livland, bor Ne. Lia.; 2: Sønnøv, 1693-1763. g.1.g. 1722 med Kittil Helleksson Sø. Håvardsrud. g.2.g. 1726 m. Niri Halvordsson Jondalen. Bor på Rindom.; 3: Herbrand, 1696-1739, g 1725 m. Maret Olsdatter No. Høltan, b. Vest Bråtå.; 4: Niri, 1700-1747, g 1731 m. Jårån Torsteinsdotter Vatnebryn. bor på Ne. Stemning.

Når det gjeld borna etter Tølløv Bjørkeset, så har vi ikkje noko samla oversyn i førm av skifte å hølde oss til som kjelde. Listune over born kan difor vera ufullstendige og unøyaktige. I eit par tilfeller er det ikkje heilt på det reine hå for eit barnekull baran hører til i. Da Tølløv Bjørkeset dø i 1721, er det oppgitt at han er 85 år. Ulvhild Herbrandsdotter Bjørkeset dø i 1725, 62 år gammel.

Dottera Torgunn tente i 1707 hos Ola Julson på Li. Ho fekk eit barn, og til barnefar utla ho Hellek Gudbrandsson Tøllom. Hellek burde betale for korn, klær og anna som ho trong til dagleg, meinte ho. Da han viste seg uviljaug, tok ho til seg kleo hans og ville ikkje levere dei fra seg att. Saka enda for foretten. Der gjorde han eid på at han aldri hadde li med Torgunn, og da hjølpte det ikkje at ho førte vitneprov som stødde den forklaringa ho hadde komme med.

Ulvhild, enka etter Tølløv Bjørkeset, møtte ikkje opp for å betale for den skogbefaringa som var blitt gjort i 1719, da dei gikk opp grensa for tømmer som fritt kunne leveres til Drammensvassdraget. Men Nils Buin, som arving, sa at dei ville betale si deil. Det var han som overtok garden.

view all 17

Tølløv Olsen Bjørkeset's Timeline

1636
1636
Nedre Bjørkeset, Flesberg, Buskerud, Norway
1669
1669
Nedre Bjørkeset, Flesberg, Buskerud, Norge (Norway)
1672
1672
Bjørkeset, Flesberg, Buskerud, Norge (Norway)
1678
1678
Bjørkeset, Lyngdal, Flesberg, Buskerud, Norway
1680
1680
Nedre Bjørkeset, Flesberg, Buskerud, Norge (Norway)
1682
1682
Nedre Bjørkeset, Flesberg, Buskerud, Norge (Norway)
1684
1684
Nedre Bjørkeset, Flesberg, Buskerud, Norge (Norway)
1686
1686
Nedre Bjørkeset, Flesberg, Buskerud, Norge (Norway)
1690
1690
Bjørkeset, Flesberg, Buskerud, Norway