Immediate Family
-
daughter
-
daughter
-
daughter
-
mother
-
father
-
sister
About Tarjei Olsson Berg., d.e.
Tarjei overtok bruket i Berg Valle av faren i 1796,men han selde der og kjøpte Trydal,Systog, Tarjei hadde drive som kreatur og slaktehandlar,som han fekk løyve for i 1791,Dette vart det mindre av då han gifte seg. Etteslekta sitte på Systog Trydal i 2010 .Torgeir Olavson Trydal f,1941 fekk bruket i 1967,men bur i Solør.
Også i Systog Trydal kom det til fleire eigarskifte. Fyrst i 1804 då Arne Hallvardsson Helle fekk skøyte på eigedomen hjå far sin, sidan i 1806 då Arne selde vidare til Tarjei Olsson Berg, son åt Olav Gunnarsson, fødd Flateland, og andre kona, Tore Såvesdotter, fødd Berg (jfr. Valle III, 163).
I motsetnad til Arne Helle flutte Tarjei Berg hit og tok garden i bruk. Korleis han elles stuka kjem me snart til, men lat oss nå like godt fyrst som hente inn eit oversyn over familien hans, slik det står i Vallesoga (VI 177):
Tarjei Olsson Berg, f 1765, d 1821 g 1.1792 m Tore Augundsdtr. Bø, f 1765, d 1804. Born: Olav, f 1792, tvill., g 1812 m Eli Åsmundsdtr. Rygnestad, sjå nedanfor Birgit, f 1792, tvill., g 1814 m Hallvard Folkesson Løyland, busett Nistog Flateland, sjå Valle III, 179 Jon, f 1796, d 1871, ug, busett Flateland, «Sindssyg fra sit 30. aar» Sigrid, f 1799, g 1821 m Gunstein Gjermundsson Stavenes, sjå Uppistog Byklum, gnr 14, bnr 5, Augund, f 1802, d 1803 Anne, f 1804, d 1804 g 2. 1806 m Ingebjørg Tarjeisdtr. Mosdøl, f 1785, d 1807. Born: Knut, f 1807, d 1807 Tore Augundsdotter Bø, fyrste kona åt Tarjei, var frå Nørdre Bø i Valle, bnr 1, og dotter åt Augund Lidvardsson Bø og kona, Sigrid Såvesdotter, fødd Berg (jfr. Valle VI, 177).
Ingebjørg Tarjeisdotter Mosdøl, som vart andre kona av Tarjei i 1806, var dotter åt Tarjei Tovsson Mosdøl og kona, Jorunn Jonsdotter, fødd Brotteli. Det vart eit stutt ekteskap, for Ingebjørg døydde eitt år etter brudlaupet, og vart gravlagd saman med ein 4 dagar gamal son.
Tarjei overtok bruket av faren i Berg i 1796. I ungdomen hadde han drive som kretur- og slaktehandlar, noko han etter Vallesoga (III, 380) skaffa seg løyve til hjå amtmannen i 1791.
Tarjei Olsson Berg., d.e.'s Timeline
1765 |
1765
|
bnr 1 Heimigard, Gnr 51 Berg, Valle, Aust Agder
|
|
1792 |
1792
|
bnr 2 Systog, Gnr 17 Trydal, Bykle, Aust Agder, Norway
|
|
1792
|
|||
1796 |
1796
|
||
1799 |
1799
|
Gnr 25 Flateland bnr 1, Nistog, Valle kommune, Aust Agder, Norge (Norway)
|
|
1802 |
1802
|
||
1804 |
1804
|
||
1807 |
1807
|