Is your surname Marken?

Research the Marken family

Share your family tree and photos with the people you know and love

  • Build your family tree online
  • Share photos and videos
  • Smart Matching™ technology
  • Free!

Tor Marken

Birthdate:
Death: Marken, Torsgaren bnr 1 (døde etter 1650)
Immediate Family:

Father of Ola Torson Marken

Managed by: Janita Kristin Orvik
Last Updated:
view all

Immediate Family

About Tor Marken

Etter slektstradisjonen, var det Tor som rydda Torsgaren, "og han var ovå Lande".

Nærmare kjem vi nok heller aldri oppklaringa av Tors herkomst. Men at kona hans høyrde til den slektsringen som nettopp då dreiv so hardt med å rydde og bygge Ellingseter og Nakken ut frå Gjelsten, er høgst truleg. Dei sleppte nok ikkje heilt framande og uskylde so nær innpå seg. Det er likevel påfallande at medan Nakkenbakken og Nakken II blomstra so brått opp, nærmast utan å passere øydegardsstadiet, so var og vart Marken i lange tider undermåls-og øydegards-bruket, som ikkje kom over 1/2 vog i skyld, på tross av sine veldige markavidder. Likevel var Tors-mennene velvyrde nok til stadig å kunne hente sine koner frå dei likaste gardane i Vestnes.

22 gonger finst Tor nemd i kjeldeskriftene, men aldri med farsnamn, og berre to gonger som Thor- ellers er det Thore, Thorre og Torre, medan slektstradisjonen har Tor. Og aldri er skrive Thore i Marken - bortsett frå i 1620 då han er skriven Thore Ellingsetter, og i 1623 då han heiter Thore Ellingsett. Det heiter derimot på Torsgara. Men vi seier alltid frammi markjijn eller framme i markå, når vi meiner utmark for naustkrøter - ikkje skog og ikkje fjellområde for sau og jakt.

Thore Ellingsetter er nemd og skattlagd for første gong i 1620 - same år som Kristen på Nakken II ver med. I skatterregistret i 1629 er Tor skriven "forarmet och aff yderst Råd giffuet 1 rdl". Men ellers betaler han si skatt som hine i Ødegårds-klassen-der skatten er halvparten av halvgardmennenes. Han er skattlagd for siste gong på Kopskattlista 1645. Då er folka på garden, over 12 års alder, berre "Thorre i Marchen, hans hustru". Men so finn vi då ogso den vaksne son deira, som i 1646 tar over, oppført som soldat på Knekteskattlista i 1644. Ola er truleg dei einaste barnet etter Tor.

view all

Tor Marken's Timeline

1590
1590
1615
1615
Marken, Torsgaren bnr. 1
????
Marken, Torsgaren bnr 1