Matching family tree profiles for Torgeir Augundson Kosi, 'Myllarguten'
Immediate Family
-
daughter
-
daughter
-
daughter
-
daughter
-
daughter
About Torgeir Augundson Kosi, 'Myllarguten'
https://tng.slekt-i-midt-telemark.no/getperson.php?personID=I24262&...
1865 census for Romtvet og Ødegaarden, Rauland:
http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038151000357
-------------------------------
Torgeir Augundsson var fødd i Sauherad i Telemark. Etter tradisjonen var han son av ein myllar, og fekk derfor tilnamnet «Myllarguten», eller «Møllarungen» Både fødselsåret og opphavet til Myllarguten har vore mykje diskutert, utan at det er funne noko endeleg svar på spørsmåla. Torgeir skal ha byrja å spela alt i 3-4 årsalderen, og han lærde først av far sin, seinare av Mattis Flathus som var utflytt tinndøl. Familien var fattig, og dei flytte rundt i heile Sauherad. Ei tid budde dei på Hørte, og der trefte Myllarguten Øystein Langedrag som han sidan lærde mykje av.
Myllarguten måtte tidleg ut i gjetararbeid, og på denne måten kom han til forpaktarspelemannen Jon Kvammen eller Jon Kjos i Åmotsdal, og lærde av han. Han vart etterkvart ein svært ettertrakta gjestebodsspelemann, og reiste rundt i distrikta og spela. På denne måten møtte han, spela saman med og let seg inspirere av mange av dei store spelemennene frå denne tida.
Da Myllarguten var rundt 30 år, vart han gift med Ingebjørg Eddanshaugen frå Edland. Dei fekk i alt 10 barn, men 3 av desse døydde tidleg. Myllaren var ingen gardbrukar, og det vart eit hardt liv i fattigdom og med flytting frå stad til stad. Nokre kroner var det å tene på spel, og det var særleg på Vestlandet Myllarguten for mykje, heile 30 gonger var han der, seier soga. Under ei spelferd til Bergen i 1831 trefte han Ole Bull. Bull vart imponert av spelet hans, og skreiv ned ein del av slåttane. I 1849 møttest dei att, og Ole Bull arrangerte da ein konsert i Logen i Kristiania der Myllarguten var hovudattraksjonen. Konserten vart ein suksess, og framover åra spela han fleire stader i landet og fekk gode kritikkar. Men på slutten av 1850-åra snudde lykka seg. Den nasjonalromantiske perioden var på hell, og med dette også interessa for «bondespelet». I 1858 heldt Myllarguten ein ny konsert i Kristiania, men kritikkane var dårlege. Han var også til København og spela og fekk dårleg kritikk også der. Siste konserten heldt han i Kristiania i 1864.
I den populære perioden hadde Myllarguten tent gode pengar på konsertane. Han kjøpte Suistog Øygarden i Arabygdi, men alt i 1865 måtte han gå frå garden. Familien flytte da til husmannsplassen Kosi og der levde Myllarguten resten av livet sitt. Den 21. november 1872 døydde Myllarguten som ein fattig mann. Han vart gravlagd ved Rauland kyrkje, og det var berre ein einaste pråm med i likferda etter han.
Gjennom dei store musikalske evnene og den utstrekte formidlinga av stoffet har Myllarguten blitt den mest kjende hardigfelespelemannen gjennom tidene. Han hadde stor slåttekunne, og kunne spela fleire ulike former av mange slåttar. Han dikta om og flikka på gamle slåttar, og bygde dei ut til store, i dag velkjende kappleikslåttar. Spelet hans skilde seg frå det eldre ved at det var reint durspel, til tider med mykje dobbeltgrep. Myllargutenvar også kjend for å ha ein særs god boge. Truleg har både Vestlandsspelet og Ole Bull påverka han når det gjeld tonalitet og bogeføring.
Avisa «Morgenbladet» skriv i ein artikkel 17. januar 1849:
Christiania, den 16de januar.
Møllarguttens Koncert paa Hardangerfele.
Sjelden er vel en Musiker for første gang optraadt under mærkeligere og gunstigere Vilkaar. Den simple Bondespillemand, indtil den seneste Tid fast ukjendt udenfor sin egen Kreds, bebuder en Koncert i Norges Hovedstad, med Bistand af Norges ypperste Harpeslager, hvis Ry gjenlyder fra trende Verdensdele og hvis Lovtaler det i særdeleshed er, som beredte Bondespillemanden en glimrende Modtagelse. Hvo er da denne Thorgeir Audunssøn? Som sagt, en simpel Bondespillemand fra Thelemarken, høit anseet i sin egen og de tilgrændsende Bygder, der vide at fortælle de underligste Sagn om om de Gaver, Huldren har lagt paa hans Vugge, og de Kræfter, han ved sine toner formaar at sætte i Bevægelse. Og i sandhed, det er store Vuggegaver, som ere faldne i denne Mands Lod.
Han kjender ikke en Note; kans Spil er vildt,- den norske Fjeldnaturs Vildhed i sin Storhed, sin Rædsel og sin Fred klinger igjennem hans Gangare og hans Slaatter. Enhver, der har Sands for de ægte nordiske Melodier, deres Rigdom, deres Lyst og tilbagetrængte Smerte, vil føle og erkjende, at Thorgeir Audunssøn giver disse i deres nationale Fuldendthet. Hans Spil - næsten uafbrudt i Dobbelttoner - udføres med enVirtuoses Færdighed, Sikkerhed og Renhed; hans Bue er kraftfuld, men frembringer aldrig en raa eller skrigende Tone. Et meget bestemt Sforzato, Crescendo og Decrescendo vidner om denne Mands ualmindelige Opfatning, og især vækker hans synkoperede Satser Beundring. Og alt dette har han ved sit Genies Umiddelbarhed; thi af de Kunstord, vi her have tilladt os at nævne, kjender han ikke et eneste. (......)
Myllarguten i København
Myllarguten heldt 3 konsertar i Tivoli i København i juni 1862.
Konsertsalen frå den tida eksisterer ikkje lenger, men det er bygd ein kopi på den same tomta.
https://www.youtube.com/results?search_query=Myllarguten
Bygdebok for Sauherad 1 side 273 har en lang utgreiing om Myllargutens opphav og oppvekst.
Torgeir Augundson Kosi, 'Myllarguten''s Timeline
1801 |
October 1801
|
Kåsa under Røntved, Sauherad, Telemark, Norge (Norway)
|
|
November 1, 1801
|
Nes kirke, Prost Im. Grave
|
||
1816 |
1816
Age 14
|
Prost Im. Grave
|
|
1816
Age 14
|
Prost Im. Grave
|
||
1830 |
June 24, 1830
|
Hougen, Vinje, Telemark, Norge (Norway)
|
|
1832 |
4, 1832
|
||
1834 |
1834
|
||
1836 |
October 17, 1836
|
||
1839 |
9, 1839
|
Arabygdi (Son av Myllarguten!)
|