Torkell Hommersåk

Is your surname Hommersåk?

Research the Hommersåk family

Share your family tree and photos with the people you know and love

  • Build your family tree online
  • Share photos and videos
  • Smart Matching™ technology
  • Free!

Torkel Larsson Hommersåk

Birthdate:
Birthplace: Hommersåk i Riska; Riska gardar og tettstad s 164
Death: circa 1645 (55-73)
Hommersåk, Rogaland, Norway
Immediate Family:

Son of Lars (på Hommersåk) and nn ektefelle Lars Hommarsåg Hommersåk
Husband of Herborg Olavsdatter Åsland
Father of nn datter Torkellsdatter Hommersåk; Randi Torkelldatter Hommarsåk; Karen Torkellsdatter Hommersåk; Åsa Torkellsdatter Hommersåk; Laurits Torkellson Hommersåk and 3 others

Occupation: Bonde, lagrettemann
Managed by: Tørres Sande
Last Updated:

About Torkell Hommersåk

Torkell Larson var son til Lars på Hommarsåk. Torkell høyrer me om først gong i 1599. Då det spissa seg til i saka mellom lensmannen Asbjørn på Ims og villstyringen Rasmus Taraldson på Haualand, vart "Guttorm Hedtlandt och Tørckildt Hammersang" sende med eit skriv til biskopen i Stavanger. Som brukar av garden på Hommarsåk er Torkell nemnt frå 1603 av. Han døyde i 1644/1645. Dei først åra var han medbrukar saman med faren, men seinast frå 1610 brukte han heile garden åleine. Kan hende hadde han garden så lenge han levde. I alle fall var han brukar ennå i 1644, og i 1645/46 blir han omtalt som død. Torkell er første gong nemnt som lagrettemann i 1616. Sidan var han jamt med i styr og stell på bygdetinget. Elles var han ein av dei få i bygda som hadde fått utlevert gevær, det står i lensrekneskapen for 1617. Han var gift med Herborg Olsdotter. I tingboka for 1654 kan me lesa at ho var syster til Jon Olson Åsland i Time. Jon døydde barnlaus og Torkell Hommarsåk hadde i 1609 fått lagmannen til å setta opp ei liste over det odels-, kjøpe- og pantegodset Jon hadde sete med og korleis det skulle skiftast mellom enkja etter Jon Åsland og Herborg. Det kan altså ikkje ha vore fleire søsken. Me får vita at Jon og Herborg hadde odel i Åsland. I tillegg hadde Jon kjøpt og fått i pant meir jordegods i garden, så han til slutt sat som eigar av halve Åsland. Enka etter han levde heilt til ikring 1652 og sat som brukar av Jon sin part i garden så lenge. Først etter at ho var død, reiste Herborg sine etterkommarar odelssak mot enka sine arvingar. Herborg sin soneson vann saka om bruksrett, sidan han var odelsarving. I denne saka vart det lagt fram dei papira Jon hadde på dei forskjellige partane han åtte i garden. Dei fleste var kjøpe- og pantebrev, og dei fortel oss derfor ikkje noko om forfedrane hans. I bygdeboka for Time er ein Ola Omundson sett opp som far til Jon og Herborg, men Jon kjøpte jordegods av han så det var nok ikkje faren. Derimot vart det også lagt fram "Jt gammelt velfor seiglet Pergamendtbreff" der det stod at Ola Navarson i 1563 fekk tingsvitne på at han hadde kjøpt ein part i Åsland. Dette må ha vore faren til Jon og Herborg, elles ville ikkje dette gamle brevet ha noka meining i odelssaka i 1654. Torkell og Herborg hadde 8 barn, 3 søner og fem døtrer.
view all 15

Torkell Hommersåk's Timeline

1580
1580
Hommersåk i Riska; Riska gardar og tettstad s 164
1600
1600
1605
1605
Hommersåk, Rogaland, Norway
1605
Hommersåk i Riska; Riska gardar og tettstad s 164
1609
1609
Hommersåk, Rogaland, Norway
1623
1623
Hommersåk i Hetland, Rogaland
1645
1645
Age 65
Hommersåk, Rogaland, Norway
????
????
????
Hommersåk, Riska, Rogaland, Norway