Gerhard Hartvigsen Munthe (1795 - 1876)

‹ Back to Munthe surname

Is your surname Munthe?

Research the Munthe family

Gerhard Hartvigsen Munthe's Geni Profile

Share your family tree and photos with the people you know and love

  • Build your family tree online
  • Share photos and videos
  • Smart Matching™ technology
  • Free!

Share

Birthplace: Ytre Kroken i, Hafslo, Luster, Sogn og Fjordane, Norway
Death: Died in Hafslo, Luster, Sogn og Fjordane, Norway
Managed by: Cecilie Nygård
Last Updated:
view all 13

Immediate Family

About Gerhard Hartvigsen Munthe

Gerhard Munthe. Offiser, historikar og kartograf. Foreldre: Major Hartvig Kaas Munthe (1766–1830) og Bolette Christine Pavels (1774–1861). Gift 1) 19.8.1831 med Thorborg (“Thora”) Hansen (10.5.1810–31.5.1842), dotter til handelsmann Tøger Hansen (1776–1826) og Maren Henriksdatter Nitter (1775–1846); 2) 24.10.1843 med Ragnhild Susanne Hansen (24.10.1812–15.4.1853), syster til kone nr. 1; 3) 4.1.1855 med Catharine Pauline Suhrland (26.10.1823–27.1.1869), dotter til sokneprest Gerhard Busch Suhrland (1770–1834) og Marianne Haumann (f. 1789); 4) 16.6.1870 med Ingeborg Dorothea (“Dora”) Kiønig (3.7.1837–5.7.1927), dotter til kjøpmann Andreas Aagaard Kiønig (død 1858) og Thorine (“Thrine”) Monsen (død 1866). Dottersons sonesons soneson til Ludvig Hanssøn Munthe (1593–1649); farbror til Hartvig Andreas Munthe (1845–1905; sjå NBL1, bd. 9), Gerhard Munthe (1849–1929), Margrethe Munthe (1860–1931) og Carl Oscar Munthe (1861–1952; sjå NBL1, bd. 9); morbror til Bolette Pavels Larsen (1847–1904); farfars bror til Wilhelm Munthe (1883–1965).

Gerhard Munthe kom frå ei slekt av militære. Sjølv kom han til å verka som kartograf og historikar. Han var kunstkjennar og vertskap for mange av samtidas største biletkunstnarar på heimegarden sin Kroken i Sogn.

Munthe voks opp på Kroken, som farfaren hadde makeskifta til seg. Som 12-åring vart han sendt til Christiania for å utdanna seg som offiser. Etter eksamen frå Landkadetkorpset (Krigsskulen) 1811 fekk han teneste i Den geografiske Opmaaling, der han ei tid var stasjonert i Stockholm for å arbeida med den norske delen av eit stort kartverk over Skandinavia. 1816 vart han også tilsett som lærar i teikning ved Krigsskulen i Christiania. Som kartograf var Munthe medutgivar av dei første norske amtskarta frå 1826 og utover. Desse var svært viktige for utviklinga av norsk kartografi.

Det var likevel som historisk kartograf at Munthe gjorde sin største vitskaplege innsats. 1825 starta han arbeidet med å laga eit geografisk kart frå norsk mellomalder. Han oppheldt seg mykje i København, studerte gamalnorsk språk og skrivekunst og gjekk igjennom store mengder kjeldemateriale. Dette gav han mykje kunnskap om dei gamalnorske stadnamna. Arbeidet resulterte m.a. i at han 1840 gav ut det første norske historiske kart: Noregr. Det gamle Norge før Aar 1500, i samband med Jacob Aalls oversetting av Snorres kongesoger. Munthes arbeid med den gamalnorske geografien var banebrytande og danna m.a. grunnlag for P. A. Munchs Historisk-geografisk beskrivelse over Kongeriget Norge i Middelalderen (1849).

Munthes sterke historiske interesse gav seg også utslag i ei rekke skriftlege arbeid, særleg knytte til slektshistorie frå norsk mellomalder. M.a. gjorde han grunnleggjande arbeid med den gamle norske adelens historie. Arbeidet med norsk mellomalder gjorde Munthe til ein av dei fremste kjennarar av norske mellomalderdokument, og 1836–41 var han styrar for Universitetets diplom- og manuskriptsamling. 1832 var han med og stifta Samfundet for det norske Folks Sprog og Historie (saman med J. C. Berg, Rudolf Keyser og Gregers Fougner Lundh).

I heile denne tida verka han òg som teiknelærar ved Krigsskulen. 1835–41 var han meddirektør ved Den Kgl. Kunst- og Tegneskole i Christiania og frå 1837 også for Nasjonalgalleriet, som då vart oppretta under teikneskulens styring. Ved sida av kartografien og mellomalderstudiane var biletkunsten Munthes store interesse. 1819 tok han med seg venen og biletkunstnaren Johannes Flintoe til Kroken, og dette vart starten på ei lang rekkje kunstnarbesøk på garden. Mange av dei viktigaste norske nasjonalromantikarane fann vegen til Kroken, for inspirasjon og arbeid. J. C. Dahl, Adolph Tidemand og Hans Gude var gjester der, det same var ei rekkje kunstnarar frå dei andre nordiske landa og frå Tyskland. Munthe gjorde Kroken til ein møte- og arbeidsplass for samtidas fremste biletkunstnarar.

Munthe fekk ei rekkje æresbevisingar for si akademiske verksemd, m.a. vart han utnemnd til riddar av St. Olavs Orden 1847, og han var riddar av den svenske Svärdsorden. Han var medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab frå 1828, av Videnskabs-Selskabet i Christiania frå 1858 og heidersmedlem av Société de statistique universelle i Paris.

Sjølv om Munthe pga. svekka syn og sviktande helse måtte avbryta si akademiske og vitskaplege karriere og flytta heim til slektsgarden i Sogn 1841, fekk han eit langt liv på Kroken. Også her vart han ein mann det stod respekt av, og han gjekk under namnet “Store-kaftein”. Den første kona døydde frå han 1842. Men Munthe gifta seg tre gonger til. Han gifte seg siste gongen 75 år gamal, denne gong med husbestyrerinna si, og skal ha sagt at han aldri ville vera utan kone; han ville gifta seg opp att, sjølv om han blei 90 år.

Gerhard Munthe døydde på Kroken 1876. Av dei tre døtrene hans var det berre ei, Bolette, som vart gift. Ho hadde ingen barn, og 1884 selde ho Kroken. Hovedbygningen vart seinare brukt til den første husmorskulen i Sogn og Fjordane, og etter omfattande restaurering i 1990-åra vart Munthe-huset 1997 opna for publikum.

Verker

Trykt materiale (eit utval)*

  • Smaalehnenes Amt, kart (sm.m. N. A. Ramm), 1826
  • Heraldisk-historiske Optegnelser, i SNFSH, bd. 3, 1835, s. 333–348, bd. 4, 1836, s. 110–134 og 530–613
  • Noregr. Det gamle Norge før Aar 1500, kart, 1840
  • Noregr, Sviariki, Danmörk. Historisk Oversigtskort over de tre nordiske Riger i Middelalderen, 1842
  • Norske Stedsnavnes rette Skrivemaade, 1847
  • Sjå også bibliografi i NFL, bd. 4, 1896, s. 206–207

Biletkunst (eit utval)

  • Kroken i Luster, gouache, 1820; trykt i Ku&K 1916/17, s. 129

Etterlatne papir

  • Ei samling oppteikningar og brev finst i Handskriftsamlinga, NBO

Kilder og litteratur

  • Norsk biografisk leksikon: Gerhard Munthe
  • H. Munthe: Efterretninger om Familien Munthe i ældre og nyere Tid, 1883–88
  • NFL, bd. 4, 1896
  • H. Koht: biografi i NBL1, bd. 9, 1940
  • G. Alfsen: biografi i NKL, bd. 2, 1983
  • Ø. Loge: Munthehuset. Ytre Kroken – eit kunstnarsenter i det unge Noreg, Luster 1989
  • S. Munthe: Familien Munthe i Norge, 1994
  • T. M. H. Joranger: “Kultursenteret Ytre Kroken”, i Luster. Lokalhistorisk årbok 3, Luster 1997

Portretter m.m.

  • Kunstnarlege portrett (eit utval)
  • Måleri (brystbilete) av Johannes Flintoe, 1817; p.e.; trykt i Norske portretter. Vitenskapsmenn, 1965, s. 179
  • Måleri (brystbilete) av Cordes, 1851; p.e
view all

Gerhard Hartvigsen Munthe's Timeline

1795
January 4, 1795
Hafslo, Luster, Sogn og Fjordane, Norway
1876
December 15, 1876
Age 81
Hafslo, Luster, Sogn og Fjordane, Norway
????
????
????
????