Karen Jonasdatter Tunheim

Is your surname Tunheim?

Research the Tunheim family

Karen Jonasdatter Tunheim's Geni Profile

Share your family tree and photos with the people you know and love

  • Build your family tree online
  • Share photos and videos
  • Smart Matching™ technology
  • Free!

Om Karen Jonasdatter Tunheim (Norsk)

https://slektogdata.no/gravminner/grav/a0b6981f-d174-4cbb-a84d-fa70...

I tidsskriftet "Heimen" har Nils Tjensvoll skrevet følgende i 1922 om Karen Tunheim: "Daa Karen Tunheim eller Karen i Botn som ho vanleg nemndest, døydde i vaar, 90 aar gamall, var ein lang og velnytta arbeidsdag til endes. Karen var fraa Lende i Timesokna paa Jæren. Ho vart gift med Hallvard Tunheim, ein av sønene aat den Samuel Tunheim som var so munnrapp og ordhag at det lever rispor og vendingar etter han millom folk paa Jæren den dag i dag. Torkel Mauland veit mykje aa herma etter Samuel. Karen og Hallvard fekk seg ein jordflekk i utmarka, lengst inne i torvmyra. Snart stod det ei stova i Botn. Og so bar det til med spade og spett, stein vart broten, torva snudd. Um ikkje lenge grønka det so vakkert i brune lyngheida og snart var det baade stort og smaatt fe aa finna i fjøset. Lita og inga hjelp hadde dei, so det var kje store jordlappane dei vann inn aar um anna. Men "jabno' drege", segjer jærbuen, og no staar det 7-8 kyr paa baasen, og so hesten og smaleflokken ikkje aa gløyma. Det var no helst Hallvard som putla og grov i jorda. Ettersom sønene voks til, fekk dei hjelpa. Men Karen hadde mest aa gjera innadørs. Der dreiv ho sitt yrke fraa morgon til kveld. Rokkehjulet surra, skytlane dansa og mykje og fin vevnad fann vegen ut or stova hennar Karen i Botn. Ho maatte havt eit uvanleg godt næme. For det ho kunde - og det var ikkje lite - det hadde ho lært seg sjølv. Fint og vakkert var alt ho gjorde. Gjennom husflitsutsala baade i Stavanger og Oslo har mange av hennar teppe og dukar funne veg til norske heimar. Ho har faatt mange premiar for vevnaden sin, mindre enn 7 kunde ikkje gjera det. Paa landssjaaet i Bergen fekk ho bronsemedalja, og so seint som i 1912 fekk ho ei 1. premi for arbeidet sitt. Daa var ho 80 aar. Ei tid la ho seg serleg etter aa veva flaggduk. Mange av dei flagg som no gaar til tops utover Jæren ved helg og høgtid er fraa Karen si hand. Ho baade vove og sauma dei. Karen var frisk og arbeidsfør like til det siste. Den siste dagen ho sat uppe, spann ho to snellor garn, tvinna det, la upp spøt og batt eit stykke. Um kvelden gav hennar næraste gaum paa at ho sa ho kjende seg trøytt. Det var eit sjeldfengd ord i hennar munn. Og daa ho la seg um kvelden var det for aldri aa staa upp meir. Ho vart liggjande eit par dagar. So døydde ho. Mannen var død nokre aar fyreaat. Det er vorte tomt i Botn etter dei gamle. Ikkje berre dei næraste, men mange andre og kjenner saknaden etter dei. Ikkje minst vil Karen bli sakna av alle dei som slit i torvskuren derinne. Det fall av seg sjølv, at naar folk fraa gardane "reiste i myra", so skulle dei sjaa innum stova i Botn. Ein slik dag i myra kunde vera slitsam nok, ofte i vondt ver og væta. Daa var det godt aa tyda inn i den lune stova i Botn. Karen tok like venleg imot alle. Ho var ikkje sein um aa "svinga kjelen" og duka bordet. Mange er dei som no med takk minnest hennar gjestmilde hug og heim."

Avskrift av Helge Bjørgen

view all 13

Karen Jonasdatter Tunheim's Timeline

1832
April 22, 1832
Lende, Time, Rogaland, Norway
1858
March 23, 1858
Tunheim, Time, Rogaland, Norway
1861
January 18, 1861
Tunheim, Time, Rogaland, Norway
1862
September 17, 1862
Tunheim, Time, Rogaland, Norway
1865
January 4, 1865
Tunheim, Time, Rogaland, Norway
1867
March 10, 1867
Tunheim, Time, Rogaland, Norway
1869
August 28, 1869
Tunheim, Time, Rogaland, Norway
1871
October 21, 1871
Tunheim, Time, Rogaland, Norway
1874
February 19, 1874
Tunheim, Time, Rogaland, Norway