Matching family tree profiles for Åsmund Olavsson Trydal
Immediate Family
-
daughter
-
daughter
-
daughter
-
daughter
-
father
-
mother
-
brother
-
sister
About Åsmund Olavsson Trydal
Åsmund Olavsson Trydal, f 1829, d 1889, til Amerika 1852, farmar, busett York Township, Fillmore County, Minnesota g 1850 m Ingebjørg Ånundsdtr. Stavenes, f 1829, d 1908. Born: Ingebjørg, f 1850, g 1. m Knut Knutsson Kvósåk (jfr. Valle V, 142), g 2. m Jon Hallvardsson Kyrvestad (jfr. Valle IV, 125) Eli (Ella), f 1854, g m Hallvard A. Flateland, 1880 busett Americus Township, Grand Forks County, Nord-Dakota, born iallfall: Oliver, f 1871 Andrew, f 1877 Olav, f 1856, farmar, smed, g m Ingebjørg, 1900 busett Valle Township, Grand Forks County, Nord-Dakota, born: Osmund Theodore Melvin Albert Inga Inga Eliza Marie Bessie Emma Anne Alvina Ånund, f 1857, lagnad ukj. Joel, f 1858, d 1924, farmar, busett York Township, Fillmore County, Minnesota, g 1885 m Cornelia Arneson, d 1944, born: Lena, f 1886 Alice, f 1889 Ole, f 1891 Juno, f 1893 Bertha, f 1895 Emma, f 1897 Osmund, f 1901 Lynda, f 1903 Mildred, f 1907 Tarjei, f 1860, farmar, g m Margit Olsdtr. Uppsal, 1900 busett Benterud Township, nær byen Thompson, Traill County, Nord-Dakota, born: Oscar Bert Olav Osmund (e.) Osmund (y.) Tilford Tillie Emma Alice John Birgit (Betsy), f 1863, d 1894, farmarkone, g 1879 m Ed Kirklee, (= Eivind Arneson Kyrkjeled, Valle, sjå nedanfor), 1880 busett Traill County, Nord-Dakota, sidan York Township, Fillmore County, Minnesota: born: Artie, f 1879 Gertie, f 1880 Ida, f 1884 Anna, f 1886 Arne, f 1888 Charlie, f 1890 Bert, f 1892 Anne, f 1864, farmarkone, g 1895 m em Ed Kirklee, 1910 busett Lincoln County, Minnesota, born, iallfall: Helen, f 1906 Lori, f 1866, lagnad ukj. Tora, f 1870, lagnad ukj. Ingebjørg var dotter åt Ånund Pålsson Stavenes og andre kona Ingebjørg Kjetilsdotter, fødd Ørnefjødd.
Av ein eller annan grunn tok Åsmund og Ingebjørg ikkje ut frå Kristiansand, men frå Kragerø. Skipet dei reiste med var briggen «Alert», og dei kom til New York 16. august 1852. Ombord på det same skipet var Folke, den yngre bror åt Åsmund, Anne, syster deira, Tor Olsson Haugen, mannen hennes, og dei 4 borna deira. Dei sistnemnde hadde vore bruksfolk i Utistog Stavenes nokre år, og er omtala i bolken om det bruket.
Då Åsmund og Ingebjørg emigrerte hadde dei berre med seg den eldste dottera. Alle dei yngre borna vart fødde i Amerika. Åsmund deltok 3 år i den amerikanske borgarkrigen, og er den einaste byklaren me har funne som var med i den ota[1].
Døtrene Birgit og Anne var båe gifte med Ed Kirklee (eller Kirkeley), fødd 1858. Han var son åt Arne Eivindsson Kyrkjeled (1827-1896), som hadde emigrert saman med foreldra sine i 1846, og kona, Gyro Tjøstovsdotter Hoftuft (1829-1910), som hadde emigrert saman med sine foreldra i 1856 (jfr. Valle V, 213 f og 542 f). Birgit fekk 8 born innan ho døydde i 1894. Året etter gifte Ed seg omatt med Anne. I det ekteskapet vart det berre eitt barn. Ed dreiv fyrst i fleire år som farmar i Mayville Township, Traill County, Nord-Dakota, men ein gong fyre 1900 slo seg ned som eigedomsmeklar i Harmony Township, Lincoln County, Minnesota, der foreldra hans budde.
Joel Åsmundsson skaffa seg ein farm nær farsgarden i York Township, og budde der heile si livetid, bortsett frå at han arbeidde eit par år hjå Ed Kirkeley i Nord-Dakota frå 1879, og var ein tur til Noreg i 1883. Han dreiv med korn- og mjølkeproduksjon, hadde telefonstasjon, og tok seg elles av ei rekkje med tillitsombod i lokalsamfunnet (jfr. Curtiss-Wedge, Franklyn (ed.): History of Fillmore County, Chicago 1912).
Om dei andre syskena har me ikkje funne meir enn det som står i familielista ovanfor. Som ein vil sjå vantar det ikkje så få fødselsår på borna, noko som kjem av at det ikkje er oppgåver om desse i den amerikanske kjelda der desse namna er henta (Centennial Celebration 1895-1995 of East Valle Lutheran Church, Thompson, ND, June 24-25, 1995).
Då har me ikkje meir om Åsmund og huslyden hans, og skal gå over til den yngre broren, som også var med på briggen «Alert» frå Kragerø sumaren 1852:
Åsmund Olavsson Trydal's Timeline
1823 |
May 22, 1823
|
bnr 2 Systog, Gnr 17 Trydal, Bykle, Aust Agder
|
|
1850 |
December 1, 1850
|
Valle i Setesdal
|
|
1853 |
December 3, 1853
|
York Twp, Fillmore, Minnesota
|
|
1856 |
March 15, 1856
|
Minnesota
|
|
1858 |
August 16, 1858
|
Minnesota
|
|
1860 |
May 1860
|
York Twp, Filmore, Minnesota, United States
|
|
1862 |
June 3, 1862
|
||
1864 |
1864
|
Harmony, Filmore, Minnesota
|
|
1871 |
February 27, 1871
Age 47
|
York Township, Filmore, Minnesota
|