Åsni Olsdtr Espeland

Is your surname Herheim?

Connect to 333 Herheim profiles on Geni

Share your family tree and photos with the people you know and love

  • Build your family tree online
  • Share photos and videos
  • Smart Matching™ technology
  • Free!

About Åsni Olsdtr Espeland

Svein Løland forteller:

Åsni Olsdotter, dotter av Ole Torjusson d. e. og Marta Andersdotter, vart fødd cirka 1665 i Ilstad, Sand, Rogaland, og døydde i Espeland, Sauda, Rogaland.

Åsni Olsdotter var truleg mor til dei to barna Isak, første mannen hennar, etterlet seg. Åsni hadde arva 20 merker smør i Gunnarsrød, og 7 mark i Espeland. Åsni hadde sju barn med andre mannen Kleng Olson.

Ho budde i 1706 i Espeland.

Åsni gifta seg med Isak Abrahamson, son av Abraham Oveson og Halvardsdotter, cirka 1687 i Sauda kyrkje, Sauda, Rogaland, NOR.

Prestemanntalet frå 1666 fortel at Pål då var 61 år gamal og hadde sønene Knut 21 år og Torjus 9 år heime. Isak var 41 år og er nemnt utan smør. Men ein 11 år gamal gut som heitte Elias Jakobsson tente hjå han.

Isak var son til Abraham Oveson Nes og er nemnt på Espeland frå 1657. Han er ført som eigar av 2½ pund smør frå første året. Pål hadde dels erva, dels kjøpt og dels panta til seg det godset han åtte. Isak panta og til seg noko av sitt. Tingboka fortel at han 23. oktober 1663 panta til seg "aff Eling Lij och fleere" 1 pund smør og 2 vett tak som han gav 50 riksdalar for. Korleis han hadde kome til resten av det han åtte, er uvisst. Me kan gissa på kjøp. ½ pund av laupen han bruka, bygsla han. Den åtte Ola Eide i Sand og medervingane hans.

Me har to viktige kjelder frå Pål og Isak si tid som fortel om Espeland. Det er feskattelista frå 1657-1658 og matrikkelarbeidet frå 1665. Etter den eldste av desse skal dei to grannane ha site med 2 oksar, 5 kyr, 1 kvige og 16 sauer. Det kan godt tenkjast at dette ikkje er så langt frå det rette. Me vil likevel tru at buskapen på Espeland har vore større, slik vurderinga frå 1665 gir inntrykk av: "Espeland halffsette pund Smør itt halff pund tag Oddels, der Vvnder brugis Hhueder Aae Øddegrd, schylder Nij spd. tag de Gieders, huer sitt med bøxell, Saaes 5 tdr: føddes 24 Noed - 2 øgr Quandals støell Agtes offr Alt god for Landschyld 2 løber Smør, Leding 4 giedschd. Tiende 5 spand korn, smaae R: 16 s."

Isak var gift med Åsni Olsdotter Herheim og dei er nemnde med ein son og ei dotter.

Åsni gifta seg så med Kleng Olson i 1692 i Sauda kyrkje.

view all 13

Åsni Olsdtr Espeland's Timeline

1665
1665
Sauda, Sauda, Rogaland, Norway
1688
1688
Espeland, Sauda, Sauda, Rogaland, Norway
1692
1692
Espeland, Sauda, Rogaland, Norway
1695
1695
Espeland, Sauda, Sauda, Rogaland, Norway
1697
1697
Espeland, Sauda, Sauda, Rogaland, Norway
1699
1699
Espeland, Sauda, Rogaland, Norway
1701
1701
Espeland, Sauda, Sauda, Rogaland, Norway
1706
1706
Espeland, Sauda, Sauda, Rogaland, Norway
1706
Age 41
Espeland (8), Sauda, Rogaland, Norway
????
Espeland, Sauda, Sauda, Rogaland, Norway