Anna Ånensdatter Vigeland

Is your surname Vigeland?

Connect to 328 Vigeland profiles on Geni

Anna Ånensdatter Vigeland's Geni Profile

Share your family tree and photos with the people you know and love

  • Build your family tree online
  • Share photos and videos
  • Smart Matching™ technology
  • Free!

Anna Ånensdatter Vigeland

Birthdate:
Birthplace: Vigeland, Vest-Agder, Norge (Norway)
Death: April 10, 1907 (72)
Vigeland, Vest-Agder, Norway
Place of Burial: Lindesnes, Vest-Agder, Norway
Immediate Family:

Daughter of Aanen Thorsen and Gurine Halkjelsdatter
Wife of Elizæus Thorsen
Mother of Theodor Emil Thorsen; Gustav Vigeland; Edvard August Elisæusen; Julius Thorsen and Emanuel Vigeland

Managed by: Private User
Last Updated:

About Anna Ånensdatter Vigeland

Frå kulturlivet Kunstnarar.

Av bygdekunstnarar har det vore svært få i Vigmostad. Dei einaste ein kan nemne er Ernst Risdal og far hans Tore Henrik. Ernst er nemnt under bygginga av Vigmostad Kyrkje.

Men ei av Vigmostadslektene har fostra ein av verdens største kunstnarar- bildehoggaren Gustav Vigeland, og han sa sjøl at det var frå denne ettegreina han hadde arva det meste av evnene sine.

Som nemnt i band I så heiter det i ei jirdbok over kongens gods i Vigmostad: "Dend er Jordbogen formeridt Anno 1606 med effterskrefne gods som er udfalden efter Torgie Leland, der for nogen aar forleden drebte sig selv."

Dette er slik å forstå at som straff for at Torje Leland hadde teke livet av seg, så tok kongen alt han hadde ått, og han hadde vore sturtrik. Han hadde ått mange store gardar, deriblandt Store Leland og Lisle Leland, og attåt jordegods hadde han ei mengd kostbart lausøyre, mellom anna ein masse sølv av ymse slag.

Nå er det ikkje nemnt nokon ættlingar etter Torje, men i 1613 er nemnt ein som heiter Tore Lisle Leland. Det kan vera mulig at dette er son til Torje Leland, og at han har overteke Lisle Leland av far sin, for Torje kunne sjølvsagt ikkje driva alle gardane sjøl, og når nå Lilsle Leland og alle dei andre gardane kom under kongen, så måtte han og ha leiglendingar på gardane. Det kan då vera rimeleg at Tore har lede fram som kongens leiglending på Lisle Leland. Han er fleire gonger seinare oppført mellom dei som betaler landskyld (jordleige) til kongen. Men om han er son til Torje Leland kan ein ikkje avgjera sikkert.

I 1640 må ein som heitar Jon Torson Lisle Leland betala 14 daler i bot for han "hjemløb fra kongl. Mayestets tjeneste" Dette er sikkert son til den ovanfor nemnte Tore.

Etter skatteliste for 1651-52 betaler Jon (Torson) 1 1/2 mark i "tredjetake" for 15 engelsk i Lisle Leland, så nå har han overteke etter faren.

Etter prestemantalet 1666 er Jon då 50 år og har ein son, Torje, som er 7 år. Her ser ein at Torjesnamnet kjem att. Det kan då godt tenkjast at han heiter etter oldefaren Torje, som nemnt ovanfor.

I eit skattemantal for 1709-12 er Torje Jonson oppført, og han sit då som leiglending på heile Lisle Leland.

I matrikkelen for 1723 er og Torje Jonson nemnt. Han har då ein son som heiter Jon. Ein bror til Torje, Ånen er og nemnt. Denne Jon Torjeson døyde som ungkar. Garden gjekk derfor over til farbroren, Ånen.

Dei hadde nå fått løyst inn att egedomen av kongen, så Ånen var sjølveigande bonde. Kona hans heiter Inger Torjesdotter. Dei hadde 5 born- 3 gutar- Tore- Ola og Jon, og så var det 2 gjentar- Ingeborg og Siri.

Denne Tore Ånenson overtok seinare garden. Kona hans heitte Siri Krestensdotter. Tore døydde nokså ung og hadde bare ein son etter seg. Han heitte Ånen og var bare 1/2 år då faren døydde i 1753. Så han blei vaksen, gifta han seg med ei som heitte Randi Reiersdotter. Dei hadde ein son som heitte Tore. I 1797 overtok han garden. Han var gift 3 gonger. Andre kona heitte Astri, og med henne hadde han to gutar- Ånen og Torje. Etter at faren var død, blei dei i 1843 einige om at Torje skulle overta garden mot å betala Ånen 200 spesidaler.

Ånen Torson blei gift med Gurine Reiersdotter Røstad i Sør Audnedal. Han kjøpte gard på Vigeland. Dette er Gustav Vigelands besteforeldre. Dei hadde bare eit barn, dottera Anna. Ho blei gift med Eliseus Torson frå Opsus i Sør Audnedal. Han var snikkarmeistar og budde i Mandal. Dei hadde 4 born- av dei sonen Gustav. Han levte fleire av sine barneår hos bestefaren på Vigeland, og han sa at han likte seg aller best hos bestefaren Ånen. Han tok namnet Vigeland etter garden der bestefaren budde.

Gustav Vigeland var 70 år den 11 april 1939.

Aftenposten hadde då ein artikkel der Gustav fortel ein del om fedrane sine, og då serleg om bestefar Ånen. Det syner seg her kor sterkt han kjende seg bunden til han, og han seier at bestefaren var usedvanlig hendig og at han brukte kniven med " en kraft og letthet, som jeg ikke har sett maken til. Hans arbeid var primitivt og av eldgammel tradisjon. Kniven var hans hovedverktøy og det var bruksting han utførte, - verktøy og redskaper som i og for seg var kunstverker."

For dei som kjenner Vigelands ætt i Vigmostad, er det ikkje vanskeleg å kjenne att serdrag frå ætta i Gustav Vigelands kunst.

Vigmostadboka Vol 2 Side 307-309

Av Tore Bergstøl

view all

Anna Ånensdatter Vigeland's Timeline

1834
December 2, 1834
Vigeland, Vest-Agder, Norge (Norway)
1867
January 7, 1867
Vigeland, Vest-Agder, Norway
1869
April 11, 1869
Mandal, Vest-Agder, Norge (Norway)
1871
November 6, 1871
Mandal, Vest-Agder, Norway
1872
December 24, 1872
Mandal, Vest-Agder, Norway
1875
December 2, 1875
Mandal, Vest-Agder, Norway
1907
April 10, 1907
Age 72
Vigeland, Vest-Agder, Norway
April 17, 1907
Age 72
Vigeland, Lindesnes, Vest-Agder, Norway