Anne Larsdatter Slettom

Is your surname Kvåle?

Connect to 2,553 Kvåle profiles on Geni

Anne Larsdatter Slettom's Geni Profile

Share your family tree and photos with the people you know and love

  • Build your family tree online
  • Share photos and videos
  • Smart Matching™ technology
  • Free!

Anne Larsdatter Slettom (Kvåle)

Birthdate:
Birthplace: Guttubø, Lom, Oppland, Norway
Death: June 11, 1963 (67)
Lom, Lom, Oppland, Norway
Place of Burial: Lom, Oppland, Norway
Immediate Family:

Daughter of Lars Olsen Kvåle and Marit Pedersdotter Kvåle
Wife of Ola Johannesson Slettom
Mother of Aslaug Slettom; Astrid Olsdotter Sletten; Marit Skjerpingstad; Jofrid Kroken and Private
Sister of Ola Larsen Kvåle; Olaf Kvåle; Amund Kvåle; Lars Kvåle and Kristian Kvåle

Managed by: Private User
Last Updated:
view all 13

Immediate Family

About Anne Larsdatter Slettom

Foreldra til Anne kjøpte Kvåle i 1906 da Anne var ni år gamal. Familien kom da frå Øyjordet. Anne var eldst av alle og den einaste jenta i ein søskenflokk på sju. Ho måtte hjelpe til på garden og i 20 års alderen fekk ho ein gut (Laurits). Faren heitte Nils Vurvold.

I 1921 gifta Anne seg med Ola. Dei budde da ei stund på Kvåle. I desember fekk dei tvillingane Astrid og Margit. Dei var båe svake og Margit gjekk bort berre fire veker gamal. Frå der f løtte familien til Bøstugu. Der vart Marit fødd. Så fløtte dei til Ysthuset, eit hus som stod nedved vegen ved Stubbom. Frå der gjekk fløttelasset til ei stugu i Hågå (Hågåbakkstugu). Da var Astrid fire år og Marit tre.

Dette var ei svært vanskeleg tid. Det var ikkje arbeid å få for Ola og Anne sette opp ein vev og vov råndastakkty. Dei fire budde ei stutt tid i ei stugu i Juland og frå der fløtte dei til Aukrustbakken (Sygard Aukrust). Da tok Astrid til på skulen på Gutubøteigen og Jofrid kom til verda. Her hadde dei ei ku og nokre geit. Der var dei til Jofrid var seks år. Da fløtte dei til Live Klepp nordafor ysteriet.

Der vart familien berre eit år og så gjekk turen oppi Klepp. Eit par år seinare kom Synne Klepp, tanta til Ola heimatt og skulle ha att stugu. Familien måtte atter ut på flyttefot, nå til bedehuset søpå strånd. Men etter to nye år gjekk Synne bort og familien kunne fløtte attende til Klepp der familien vart buande.

Ola gjekk bort berre 45 år gamal og Anne vart dermed tidleg einsleg forsørgar for familien. Ho var mykje borte på bakst og gjekk heilt nedpå Bergom på arbeid. Og det var lange arbeidsdagar frå kl. sju om morgonen til ni om kvelden. Ho fortalde at ho hadde ti kroner dagen. Då ho vart eldre tok ho til med å veve åkle. Folk kom heim med kvitt garn som Anne farga. Det vart mange åkla på dei åra ho fekk halde på. Berre til ein i Skjåk vov ho heile ni åkle - eit til kvar av ungane.

På sine eldre dagar vart Anne plaga av leddgikt, noko som særleg gjekk ut over fingrane. Ho måtte derfor trappe ned med vevinga.

Jofrid, som har fortalt dette om mor si, avlutta slik: Ja, mor hadde i grunn eit slitsamt liv, men ho var bra tilfreds likevel.

Fødsel og dåp Lom 1895

Folketelling 1900 Lom

Folketelling 1910 Lom

Viede Lom 1921

Gravminner i Norge

view all

Anne Larsdatter Slettom's Timeline

1895
October 3, 1895
Guttubø, Lom, Oppland, Norway
1921
September 12, 1921
December 9, 1921
1923
January 16, 1923
1929
December 15, 1929
1963
June 11, 1963
Age 67
Lom, Lom, Oppland, Norway
????
Lomskyrkja, Lom, Oppland, Norway