![](https://assets13.geni.com/images/external/twitter_bird_small.gif?1715279623)
![](https://assets11.geni.com/images/facebook_white_small_short.gif?1715279623)
Askjell Torsteinson er den første som budde på Bjørku som ein veit om. Han var gift med Ragna Bårdsdotter som var sonedotter til Svein Arneson (dette stemmer ikkje med bygdebøkene for Kvam) som åtte mykje jordegods. Askjell er nemnt fleire gonger som lagrettemann på Voss, mellom anna i 1427, 1428 og i 1438. Han er ofte nemnt i diplom som ein stor jordegodseigar og han hadde eigedomar fleire stadar i landet.
Eit diplom stadfestar at Askjell og Ragna hadde barna Torstein og Gunnhild. Gunnhild var gift med Havtor Gjermundson Gjerdskvål. Sonen Torstein som ofte er kalla "Rike Torstein" budde på Bjørku i 1521. Han var truleg fødd ikring 1440-åra og nemnt som "salig" i 1534.
Kjelde: Vossaboki band III - Gardssoga II, side 486.
2 born
1400 |
1400
|
Voss, Hordaland, Norway
|
|
1450 |
1450
|
||
1460 |
1460
Age 60
|
Bjørku, Voss, Hordaland, Norway
|