Askjell Torsteinson Bjørke

Is your surname Bjørke?

Connect to 1,811 Bjørke profiles on Geni

Askjell Torsteinson Bjørke's Geni Profile

Share your family tree and photos with the people you know and love

  • Build your family tree online
  • Share photos and videos
  • Smart Matching™ technology
  • Free!

Askjell Torsteinson Bjørke

Birthdate:
Birthplace: Voss, Hordaland, Norway
Death: 1460 (59-61)
Voss, Hordaland, Norway
Place of Burial: Voss, Hordaland, Norway
Immediate Family:

Son of Torstein Olavsson Skeie; Engel Olavsdotter Osgjerd and Engel Olavsdotter Bjørku
Husband of Private and Ragna Bårdsdatter Norheim
Father of Gunnhild Askjelsdotter Gjerdskvål; Gunnhild Askjellsdatter Bjørke and Torstein den rike

Occupation: Lagrettemann på Voss, stor jordeigar, Gardbrukar Bjørku gnr. 152, Voss
Managed by: Jahn Edgar Michelsen
Last Updated:

About Askjell Torsteinson Bjørke

Askjell Torsteinson er den første som budde på Bjørku som ein veit om. Han var gift med Ragna Bårdsdotter som var sonedotter til Svein Arneson (dette stemmer ikkje med bygdebøkene for Kvam) som åtte mykje jordegods. Askjell er nemnt fleire gonger som lagrettemann på Voss, mellom anna i 1427, 1428 og i 1438. Han er ofte nemnt i diplom som ein stor jordegodseigar og han hadde eigedomar fleire stadar i landet.

Askjell har saman med fleire hengt seglet sitt på skriv til kong Karl av Sverige, dagsett 21.09.1449 med bøn om hjelp mot den danske kongen. Askjell har truleg vore i slekt eller inngift med framståande ætter på Vestlandet. I diplom frå Opedal i 1558 er det meldt at godset etter Svein Arneson vart tildømt ei Ragna Bårdsdotter. Ho hadde ein son Torstein og ei dotter Gunnhild. Torstein hadde dottera Inga. Der vart arven ståande. Gunnhild hadde ei dotter Bodille og ho hadde to døtrer, Ingeborg og Stenuor.

Dette diplomet stadfestar at Askjell og Ragna hadde barna Torstein og Gunnhild. Gunnhild var gift med Havtor Gjermundson Gjerdskvål. Sonen Torstein som ofte er kalla "Rike Torstein" budde på Bjørku i 1521. Han var truleg fødd ikring 1440-åra og nemnt som "salig" i 1534. På Bjørku er i 1563 ført opp leiglendingen Torstein, men det må vere ein annan. Namnet "Rike Torstein" fekk han av di han åtte stormykje jordegods rundt ikring på Vestlandet, Sørlandet, Romsdalen og vidare. I eit diplom er det sagt at han arva ein del etter foreldra sine, ein del etter sine "blodsforvandte" og noko kjøpte han.

Nokre meiner at Torstein var gift med Kristina Andersdotter til Valvatne og Vatne, dotterdotter til Svale Jonson Smør, medan andre meiner han var gift med Åsa Hugnesdotter. Kan hende han var gift med begge, slik andre meiner. Han hadde berre dottera Inga som var gift med Sigurd Matsson på Tolga (Talgje). Ho fekk arven etter Svein Arneson som faren hennar hadde sak om. Inga døydde barnlaus i 1555. Sidan vart det mange prosessar om arven etter Torstein og dottera Inga.

Kilde: Vossaboki band III - Gardssoga II, side 486.


Askjell Torsteinson er den første som budde på Bjørku som ein veit om. Han var gift med Ragna Bårdsdotter som var sonedotter til Svein Arneson (dette stemmer ikkje med bygdebøkene for Kvam) som åtte mykje jordegods. Askjell er nemnt fleire gonger som lagrettemann på Voss, mellom anna i 1427, 1428 og i 1438. Han er ofte nemnt i diplom som ein stor jordegodseigar og han hadde eigedomar fleire stadar i landet.

Eit diplom stadfestar at Askjell og Ragna hadde barna Torstein og Gunnhild. Gunnhild var gift med Havtor Gjermundson Gjerdskvål. Sonen Torstein som ofte er kalla "Rike Torstein" budde på Bjørku i 1521. Han var truleg fødd ikring 1440-åra og nemnt som "salig" i 1534.

Kjelde: Vossaboki band III - Gardssoga II, side 486.

2 born

view all

Askjell Torsteinson Bjørke's Timeline

1400
1400
Voss, Hordaland, Norway
1427
1427
Age 27
1435
1435
Voss, Hordaland, Norway
1440
1440
Voss, Hordaland, Norway
1450
1450
1460
1460
Age 60
Voss, Hordaland, Norway
????
Voss, Hordaland, Norway