Barbro Olsdatter Vestly

Is your surname Høyland?

Connect to 2,421 Høyland profiles on Geni

Barbro Olsdatter Vestly's Geni Profile

Share your family tree and photos with the people you know and love

  • Build your family tree online
  • Share photos and videos
  • Smart Matching™ technology
  • Free!

About Barbro Olsdatter Vestly

  • Gards og ættesoga for Nærbø, Høyland, side 36, nr. 27.6
  • g. og æ. i Time, s. 142, nr. 43

Gards og ættesoga for Nærbø, Høyland, side 36, nr. 27
Ola Larsson Høyland var son til 24. Han var fødd kring 1677.
Gift 1702 med Barbro Albretsdotter (nr. 26.5.)
Der er ikkje funne skifte etter dei.
Ola Larsson brukte 1 pund som Jens Godzen si enkje åtte, truleg det same som strykfaren brukte.
Den 27. November 1725 hadde Ola Høyland stemnt Mons Lende for han hadde "bemægtiget" seg eit spand korns landskyld i garden Lende, som var Ola sit odelsgods, utan Ola sitt løyve og utan at han hadde betalt byksel eller landskyld. Ola kravde at Mons skulle gjeva frå seg dette spand kornskyld med siste års avl.
Mons viste fram bykslebrev for 9 spand i Lende, som han hadde frå Peder Josefson (Bø) datert 19-2 1723. Korleis Ola Larsson kunne eiga odelsgods i Lende kan eg ikkje skyna.
Var kanskje farfar hans, Ola Jonson Skjærpe komen frå Lende?
Den 29. november 1727 hadde Ola sin verfar, Albret Høyland, stemnt Ola for retten for han hadde æreskjelt han.
Hans Hansson og Jakob Erikson vitna, - at dei hadde høyrt at Albret spurde Ola kvifor han leide tilbake det naut som han etter avtale skulle føda for han.
Då svara Ola: Det gjer dei toskar, kona og døtrene dine, og var eg drukken i går, er eg i dag og.
Du er ein ærelaus skjelm, det skal eg for dom og Rett bevisa, og kona di har spilt giftermål for meg og eit anna for Hans Skjærpe si dotter, så ho er vorten galen. Dette hende ein morgon då Ola Høyland stod og klædde seg, og vitna skyna ikkje at Ola då var drukken. Ola møtte for retten og tilstod at han hadde forbrote seg mot Albret, og bad om årsaking.
Ola Larsson døde i 1731. Der er ikkje funne skifte etter korkje han eller Barbro.
Han hadde brukt det pund i Høyland som verfaren hadde brukt, og som enkja hans Jens Godzen åtte.
Truleg var dei fylgjande deira barn:

  1. Hans Olson Høyland (sjå nr. 34).
  2. Rasmus Olson, f. 1707, nemnd i 1728, men ikkje seinare.
  3. Lars Olson, lagnad ukjend.
  4. Ingeborg Olsdtr., lagnad ukjend.
  5. Gitlaug Olsdtr., lagnad ukjend.
  6. Barbro Olsdtr., gift 1) med Halvard Olson Hognestad, gift 2) med Per Torkelson Grøtheim (Hognestad), gift 3) med Herman Ellingson Hognestad, seinare Vestly.
view all 15

Barbro Olsdatter Vestly's Timeline

1694
1694
Høyland, Haa, Rogaland
1733
1733
Hognestad, Time, Rogaland, Norway
1735
1735
Hognestad, Time, Rogaland, Norway
1735
Hognestad, Time, Rogaland, Norvège
1736
1736
Time, Rogaland, Norvège
1739
1739
Time, Rogaland, Norvège
1776
June 22, 1776
Age 82
1776
Age 82
Hognestad, Time, Norway