![](https://assets12.geni.com/images/external/twitter_bird_small.gif?1696269371)
![](https://assets10.geni.com/images/facebook_white_small_short.gif?1696269371)
Gards og ættesoga for Nærbø, Torland, s. 314, nr. 14
Håvard Halvardson, son til 12., fødd kring 1620, død 1690, skifte etter han 30-9 det året. Han var gift 1) med enkja etter Erik Larsson Torland på Opstad, Berit Halvardsdtr. Lintjørn, gift 2) med Anna Olsdotter, som etter Ola Aurenes skulle vore dotter til Ola Foss-Eikeland i Høyland. Men eg har meint at ho var dotter til Ola Haugland (Salte?). Den 2-10 1677 var der skifte etter Gjermund Haugland. Enkja, Helga Jakobsdtr., hadde då ei dotter av eit tidligare gifte: Anna Torland, og ein salig son, Ola Saltes barn. På deira vegne møtte stykfaren, Torstein Salte. Eg har meint at denne her nemnde Anna Torland må ha vore andre kona til Håvard Halvardson. Håvard og faren brukte 18 spand kvar i 1665. Håvard hadde 6 born i første gifte og 4 i andre:
Gards og ættesoga for Nærbø, Torland, s. 315, nr. 17
Gitle Tørresson. Om han skriv R. A. Håland at han var son til Tørres Frøyland i Time, og at han først hadde vore gift med Kirsten Rasmusdotter Kalberg, som der var skifte etter 14-3 1674. Dette samsvarer au med Tingbok II side 143, der Gietle Thaarland er stemnd for retten for han "haffuer frafløtt hans jordepart, naffnlig Frøyland, bispestolen tilhørende, uden besigtelse, saauelsom at haffue bortthagit aff vinduer, loser och døre, sengested, bencher och andit". - Gitle var fødd kring 1635, død etter 1701. Etter Kirsten Rasmusdtr. vart ha gift 2) med (Berit Håvardsdotter Torland?) og flutte då til Torland kring 1675. Der finst ikkje noko fullgodt prov for at han var gift med Berit Håvardsdtr., men då me ikkje veit at Berit var gift annan stad, og då sonen hadde ei dotter som heitte Berit, finn me det rimeleg, at det var Berit Håvardsdotter som var andre kona hans. Gitle brukte ellers dei 18 sp. som Håvar hadde brukt. Gitle Tørresson hadde 3 barn i første gifte og 1 i andre:
(Ho vart gift med enkemannen Gisle Tørreson Frøyland fra Time. Han flytte til Torland kring 1675. Dei fekk 1 barn.
Thor Jan Horpestad august 2011)
1680 |
1680
|
Torland, Nærbø, Rogaland, Norway
|
|
???? |
Torland, Haa, Rogaland, Norge (Norway)
|
||
???? |
Torland på Nærbø i Hå; jfr g og æ bok 1 s 315
|
||
???? | |||
???? |
Torland på Nærbø i Hå; jfr g og æ bok 1 s 315
|