Bjørg Severinsdatter Grebstad

Is your surname Grebstad?

Connect to 468 Grebstad profiles on Geni

Bjørg Severinsdatter Grebstad's Geni Profile

Share your family tree and photos with the people you know and love

  • Build your family tree online
  • Share photos and videos
  • Smart Matching™ technology
  • Free!

Bjørg Severinsdatter Grebstad

Birthdate:
Birthplace: Grebstad Sykkylven
Death: October 09, 2017 (86)
Immediate Family:

Daughter of Severin Gregorius Jensen Grebstad and Berte Oline Larsdatter Aursnes
Wife of Arne Salomonsen Hovland
Mother of Asbjørn Grebstad Hovland; Private User; Odd Jan; Private User and Jens Arne Hovland
Sister of Jens Arnt Severinson Grebstad; Liv Severinsdatter Grebstad; Anne Severinsdatter Grebstad; Lars John Severinson Grebstad; Private User and 2 others

Managed by: Asbjørn Grebstad Hovland
Last Updated:

About Bjørg Severinsdatter Grebstad

Det er med stort vemod og sakn vi er her for å ta farvel med vår gode mor, svigermor og farmor Bjørg Hovland. Bjørg vart fødd 26. april i 1931 i Yste Jørngarden på Grebstad. Foreldra var Berte og Severin Grebstad, og ho vaks opp som nr. 6 i ein stor søskenflokk på 8 med søskena Jens, Liv, Anne, Lars, Olav, Svein og Marit. Livet i Jørngarden innebar både leik og plikter. Mor deira hadde dårleg helse, så ungane måtte hjelpe til med både husarbeid og gardsarbeid. Far deira hadde i tillegg butikk på Aure og her var det også behov for hjelp. Bjørg arbeidde gjerne begge stader, men likte seg besallaget var ho oftast med på. Det var i dette miljøet ho traff Arne, og dei gifta seg i 1957. Same året flytta dei til Aursneset. Dei fekk fem søner; Asbjørn, Bjarte, Odd Jan, Vidar og Jens Arne. Bjørg var heimeverande og stelte hus og heim. Ho pleia også si gamle tante Karen og svigerforeldra Johanne og Oldus i deira alderdom. I tillegg hadde ho ein liten reinhaldsjobb, først på Aursnes Fiskevegnfabrikk, så på Møre Trafo. Med fem gutar i hus - som ofte hadde mange vener på besøk - var det alltid mykje liv og røre, noko som både Bjørg og Arne sette stor pris på. Hage og blomsterstell var ei av dei store interessene til Bjørg. Velstelte blomsterbedd pryda hagen, og georginene ho hadde med seg frå Grebstad hadde heidersplassen. Klubb og sosiale arrangement var ho gjerne med på, men lengre turar frista sjeldan. Ho hadde likevel stor glede av turane til Finland og Jersey. Men det vart med desse to utanlandsreisene. Det var no absolutt finast her i Sykkylven. Aursneset var perla på jord, og få måleri kunne stille opp mot utsikta frå stovevinduet.

Bjørg og Arne fekk etter kvart ni barnebarn. Familien var svært viktig for dei, og farmor og farfar hadde alltid tid til dei små. Spesielt dei eldste barnebarna har tilbrakt mykje tid i farmorhuset, med leik, latter og god mat. Nokre av barnebarna hadde sine første leveår i næraste nabolaget, og vegen til farmor og farfar var alltid kort. Her vart dei tatt i mot med opne armar. Farmor hadde alltid favorittretten klar, både middag, nysteikte brød, rundstykker og hardvafler. Det merkelege var at brøda og pålegga alltid smakte betre hos henne. Det kunne gjerne vere vanlig kvitost, det var berre det at den smakte så mykje bedre når farmor laga til. Dei gamle leikene vart tatt fram og den gule bilbana gjekk gjennom heile stova både over bord og stolar. Få vere med farmor på basar på bedehuset var også et stort høgdepunkt. Når søner og svigerdøtre kom for å hente dei små, sto middagen ofte klar på bordet. Kanskje små ting som var sjølvsagt for Bjørg, men som betydde uendeleg mykje for oss i ein travel kvardag. Bjørg sette pris på oss svigerdøtrene, vi var nok ei kjærkoma avveksling frå gutane som hadde dominert i stova. Det var no likevel ikkje tvil om kven ho tok parti med i diskusjonar, gutane hinna hadde alltid rett. Arne gjekk bort i 2012, og det vart stillare i blåhuset på Aursneset. Men i tillegg til familien og søskena hennar, har Bjørg heile tida hatt fleire gode naboar og veninner som stadig kom innom på besøk. Dette sette ho umåteleg stor pris på. Ho følgde også godt med på nyheiter, kva som skjedde i bygda og ikkje minst aktivitetane og studia til barnebarna. Dei siste åra blei Bjørg si helse etter kvart meir og meir svekka, og for eit års tid sidan fekk ho seg leiligheit på buas. Her fekk ho den hjelpa og tryggheita ho trengde. Etter eit kort sjukeleie sovna ho stille inn natt til måndag 9. oktober. Takk, kjære mor, for tida som gjekk, Takk for dei dagar vi saman fekk Takk for dei minner du ga her på jord Takk for din kjærlighet uendelig stor!

Søner, svigerdøtre og barnebarn er takksame for tida og omsorga Bjørg har gitt oss, og vi lyser fred over hennar minne.

view all 14

Bjørg Severinsdatter Grebstad's Timeline

1931
April 26, 1931
Grebstad Sykkylven
July 5, 1931
Sykkylven Kyrkje
July 5, 1931
Sykkylven
July 5, 1931
Sykkylven
July 5, 1931
Sykkylven