Storbonde Bjørn Gunnarson Mele

Is your surname Gunnarson?

Connect to 1,088 Gunnarson profiles on Geni

Storbonde Bjørn Gunnarson Mele's Geni Profile

Share your family tree and photos with the people you know and love

  • Build your family tree online
  • Share photos and videos
  • Smart Matching™ technology
  • Free!

About Storbonde Bjørn Gunnarson Mele

Mele, Bjorn Gunnarson

Birth : ABT 1585

Death : ABT 1661 Hgsfjord, Norway

Gender: Male

Ættefar til Mele-ætta - med hovedsete på garden Mele i Høgsfjord, medgreiner til dei fleste gardane i Høgsfjord. Bjørn bygde seg opp et 'laksedynasti' i Høgsfjord då barna vart inngift i alle store laksegardar. Dreiv med pengeutlån og kjøpte mykje jordegods. [Forsandboka] Død: 1661 Mele, Høgsfjord
---------------------------------------------------------------------------------------------------------
Bjørn Gunnarson Nordland ble født circa 1585 på Nordland, Forsand, Rogaland, Norge.. Alderen er regnet etter eldste sønnen Gunnar Li.1,3,4 Han var sønn av Gunnar (?) Nordland og Tora Bjørnsdatter Tveiti.5,6 Han ble gift circa 1603 med Ingeborg Ivarsdatter.3 Han var nevnt mellom1603 og 1612 ; Bjørn møter me første gongen på Nordland, den garden som mor hans, Tora Bjørnsdatter er skriven til. Det er i manntallet 1603 , me finn han der. Han bur og på Nordland i manntallet 1606. Men omlag 1606/1607 byter han gard med broren Olav Gunnarson Mele, som bur på Mele i 1603 og 1606. Me finn Bjørn Mele nemd i nokre sers forvitnelege soldatlister fra 1612. Då er han skreven til Mele.3 Han ble gift i1605 med Sissel Knutsdatter Bjørheim, datter av Knut Bjørnson Bjørheimog Udbjørg Tormodsdatter Foss. ; I Forsandboka er det oppgitt c. 1637som gift dato med Bjørn.1,3,7 Han gikk også under navnet som Bjørn Gunnarson Mele mellom 1607 og 1661.3 Bjørn var en rik mann, etter odelsjordeboka i 1624 eide han dette jordegodset. Bjørheim 3 1/2 laupar smør,Randa 2 1/2 laupar smør og 1/2 pund korn, Kåda 1 1/2 lauå smør, Kleppa 1/2 laup smør og 18 merker smør, Egland 1 pund og 6 merker smør, Heggheim 22 merker smør, Lussi på Høyland 16 spann korn, Kvalvik i Hardanger 1/2 laup smør, Vik i Hardanger 1/2 laup smør, Hovland i Hardanger1/2 laup smør. Dette utgjorde tilsammen omregnet 766 merker smør eller neste 11 laupar smør. Som vi ser er det store jordeiendommer det ersnakk om..8 Bjørn Gunnarson Nordland døde circa 1661 på Mele, Forsand, Rogaland, Norge.3,4Bjørn Gunnarson Nordland1,2 (M) f. circa 1585, d. circa 1661, #3801

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Bjørn Gunnarsen på Mæle eige saman med sin første kone Ingeborg halveFrafjord i begynnelsen av 1600 talet.

Om dette var fra kona eller hans eigen eigelut er uvisst. Det går imidlertid å spekulere i om Gunnar Nordland og Gunnar Frafjord er same mann. Imidlertid lite trulig.

Imidlertid datteren Tora gift med Rasmus Asbjørnsen Ims, førte Frafjord garden videre til Rasmus Ims sine barn.
-----------------------------------------------------------------------------------------------

Bjørn Gunnarson frå Nordland i Forsand var gift andre gong med Sissel Knutsdotter frå Øvre Bjørheim i Strand. Med Sissel Knutsdotter fekk han gods i Lussi i Høyland. Far til Sissel var Knud Bjørnson Øvre Bjørheim. Foreldra hans var Sissel Sebjørnsdotter (frå Talgje i Sjernarøy, og enke etter Knud Olson på Hidle søndre) og Bjørn Larsson på Øvre Bjørheim i Strand. Knud Bjørnson er i odelsjordeboka frå 1617 er det nemnt 1 vett korn i Lutsi i Høyland.
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Bjørn Gunnarson var gift første gong med Ingeborg Mele og hadde truleg barna Gunnar, Ivar, Rasmus, Knut, Tora og Gunhild ("Gunli") med henne. Andre kona var Sissel Knutsdotter frå Øvre Bjørheim i Strand. Med henne hadde han truleg barna Tormod, Bjørn, Ingeborg, Anna, Udbjørg og Marita. Ein Jakob Bjørnson Mele som var soldat og vert nemnt i soldatruller frå 1671, 1673 og 1675 der det står "på Aggerø" var truleg son til Bjørn og Sissel. Bjørn Mele vert nemnt i manntalet frå 1612 og var då soldat i staden for ein Mogens Velle. Men i 1613 har han fått Ljøde Eikeskog til stillingsmann for seg. Bjørn var vel ferdig med soldattenesta si då. Bjørn vert så nemnt i alle manntala frå 1612 til han gav garden frå seg til sonen Tormod. I eit par manntal frå 1639/1640 og 1642/1643 vert han kalla odelsbonde og åddet då 2 pund og 3½ spann korn (=154½ merker smør). I hovudskattemanntalet for 1645 hadde han kone, 2 drengar og 2 jenter. Bjørn døydde truleg i 1661, og han vert dermed ikkje nemnt i manntalet for 1664 der alderen til bøndene vert nemnt. Sidan Bjørn åtte odelsgods i Rogaland, er det visst at han var frå området. Sidan etterkomarane hans eigna til seg så mykje jordegods i Sør-Ryfylke, er det truleg at han eller konene hans hadde gammalt odelskrav på noko av dette godset, og at han og folket hans så løyste dette inn etter kvart. Men godset han eller ætta hans åtte så langt sør som i nærleiken av Eigersund, syner at det er rimeleg å tru at han hadde ætterøter frå dette området av fylket. Bjørn vert nemnt som lagrettemann heile 17 gonger frå 1621 til 1635. Bjørn levde lenge etter dette, så ein kan stille spørsmålet om kvifor han ikkje vert nemnt som lagrettemann seinare enn 1635. Bjørn må ha vore ein kjend og mykje vørd mann i si tid. Han har vore så kjend at det ikkje var naudsynt å opplysa om kven han var son til i tida han levde. Han vart vel berre kalla "Bjørn Mele", så visste alle kven han var. Berre eit par gonger vert han nemnt som Bjørn Gunnarson, og i bumerket hans står det B.G. Alt i dei første odelsjordebøkene ein har frå 1617 og 1624, er Bjørn eigar av odelsgods og kjøpegods. Han var til slutt ein velståande jordeigar. Då Bjørn gifta seg opp att, ville han ikkje dela godset sitt i Årrestad ved Egersund med barna etter Ingeborg, men etter rettsak måtte han gje barna mors-arven. Med Sissel Knutsdotter fekk han gods i Lussi i Høyland. Bjørn Mele åtte òg jordegods i Stavanger. I Stavanger rådstueretts protokoll: "den 5. april 1628 var nærværende begge borgermestre, 4 rådsmenn, byfogden samt menige borgerskap og 12 lagrettemenn. Borgermester Nils Høg på Bjørn Meles vegne tilbød Albret Mogensen de 2 hageplasser (=hauge-") som hans (=Albrets) mor, sal. Anniken Albretsdtr hadde pantsatt til Bjørn, at Albret den til seg ville innløse. Dertil Albret svarte at etterdi allting etter hans (=Albrets) sal. mor var opptatt inntil 3 uker etter påske, ville han imidlertid se, hva råd han fikk ....". Det har aldri vore lett å skriva sjølvmeldinga si. På fjerdingstinget 1637 var denne saka oppe: "Kristen Andersøn med skriftlig stevning hitstevnte Bjørn Mele for sitt odelsgods (som) han fordult (gløymt bort eller gøymt bort) har uti båtmannsskatten, formenendes at såvidt han ikke angitt har og skattfridd, bør Ko. Ma. å være forbrutt med mere stevningens innhold. hertil å svare innstevnte Bjørn Mele uti rette møtte og berettet det han har utgitt skatt for gården i seg selv han påbor, og ei av-visste hans gods uti samme skatt skulle takseres. Endog hans gårds skatt beløper seg nesten så meget som hans odelsgods's takst i samme båtmannsskatt kan være. (Han) ville gjerne heretter gi skatt for godset og begjærende denne hans forseelse og misforstand ham ei til onde eller skade måtte ettertraktes. med mere hans svar. Er bedaget til våres gunstige lensherres ankomst at Bjørn denne leilighet hos hans velbyrdighet kunne bilegge og avvike." Om Bjørn mista noko gods då, og kva det var, veit ein ikkje. Bjørn fekk hand om laksefisket i Frafjordåna medan første kona levde. Laksefisket gav gode inntekter og vart grunnlaget for velstanden. Ut frå kjeldene kan ein sjå at Bjørn stod i og rudda i åna så laksen skulle koma opp og trivast. Bjørn hadde både glede og sorg av åna. Kjeldene fortel oss om dei store elvebrota som øydela mykje av jorda hans, men samstundes gav han betre fiske. Det første store elvebrotet høyrer ein om den 18. juni 1625, og det andre fortel tingboka om den 13. juni 1659. I odelsjordeboka for 1661, like før Bjørn døydde, vert han ført opp med jordegos i Berge (i Kålabygda) 9 merker, Vølstad 72 merker, Fjelle (i Strand) 54 merker, Løland 90 merker, Brådland 45 merker, Bokn (i Fister) 168 merker, Lussi (i Høyland) 72 merker og Byrkjeland 72 merker, til saman 582 merker smør som tilsvarer 8 laup 6 merker smør. Bjørn døydde i 1661. Ved skiftet etter sonen Ivar Bjørnson Barkve 30. juni 1674 vert dei søskena til Ivar som levde rekna opp. Desse var Gunnar Li, Rasmus Bokn, Tormod Mele, Bjørn Dirdal, Tora, Gunli, Anna Selvik, Udbjørg Ullestad og Marta Frafjord. Etter lova på den tid, så arva ikkje søskena som var døde. Knut Bjørnson Nessa vert difor ikkje nemnt. Og sonen(?) Jakob vert heller ikkje nemnt. Enka etter Bjørn, Sissel Knutsdotter, ville gifta seg på nytt, og manne var Tormod Gunnarson. Dette giftarmålet likte ikkje barna hennar. Versonen Rasmus Kristofferson Selvik (gift med Anna Bjørnsdotter), og sonen Tormod laga uro i Høle kyrkje 25. januar 1663. Rasmus hadde gjeve vermor si råd om giftarmål, men Sissel følgde ikkje dette rådet. Rasmus måtte stå til rette for dette og at han etter gudstenesta hadde reist til Mele og skjelt ut vermor si. Sissel vart truleg gift i 1663 med Tormod Gunnarson som overtok ein del av garden på Mele. Ein kjenner ikkje noko til kvar Tormod Gunnarson var frå. Sissel hadde nok ikkje barn med Tormod.



Fra Høgsfjord

view all 22

Storbonde Bjørn Gunnarson Mele's Timeline

1577
1577
Mæle, Forsand, Rogaland, Norge (Norway)
1580
1580
Age 3
Nordland, Mele, Høle i Strand, Rogaland, Norway
1606
1606
Mele, Forsand, Rogaland
1620
1620
Mæle, Forsand, Rogaland, Norge (Norway)
1620
Mele, Forsand, Rogaland, Norway
1630
1630
Mele, Forsand, Rogaland
1632
1632
Mele, Forsand, Rogaland
1636
1636
Mele, Forsand, Rogaland