Immediate Family
-
father
-
mother
-
brother
About Bjarne Håkonsson, på Sandvin
Nevnt 1387-1393.
Nevnt i et diplom fra 1478.
[1. juni 1478], [Kinsarvik] (1): Vitnebrev frå Silfest Vikingsson og Erlend Eiriksson, lagrettemenn i Hardanger. Dei var til stades i nærvære av kongens ombodsmann etter oppmoding frå Orm Ivarsson, då det vart vitna av nokre personar at korkje dei sjølv eller deira foreldre, som budde i Kvam, og saman med dei hugsa 80 år attende, hadde høyrt nokon kjæra på oppsitjarane sin eigedomsrett til Sandvin (Vikøy 11) i Vikøy sokn, og at garden hadde gått i arv frå far til son i fire generasjonar, nemleg at Erling arva far sin Håkon, Håkon arva far sin Erling, og Erling arva far sin Håkon. (DN XXI, nr 579)
[1. juni 1478], [Kinsarvik] (2): Vitnebrev frå lagrettemenn i Hardanger. Dei kunngjer vitneprov frå nokre personar, i nærvære av kongens ombodsmann, etter oppmoding frå Orm Ivarsson, om at korkje dei sjølv, som er 60 år gamle, eller deira fedre hadde høyrt nokon kjæra på oppsitjarane sin eigedomsrett til Sandvin (Vikøy 11). Desse mennene hadde fulgt Sandvin: Bjarne og Erling Håkonssøner, Håkon Erlingsson og Erling Håkonsson. (DN XXI, nr 580)
Kilde: Jo Rune Ugulen "...alle the knaber ther inde och sædescwenne..." : ei undersøking i den sosiale samansetjinga av den jordeigande eliten på Vestlandet i mellomalderen.