Brynjulf Bjørnson til Aurland

How are you related to Brynjulf Bjørnson til Aurland?

Connect to the World Family Tree to find out

Brynjulf Bjørnson til Aurland's Geni Profile

Share your family tree and photos with the people you know and love

  • Build your family tree online
  • Share photos and videos
  • Smart Matching™ technology
  • Free!

Brynjulf Bjørnson til Aurland

Birthdate:
Death:
Immediate Family:

Father of Bjørn Hesir Hauld and Kjetil Brynjulfson

Managed by: Cecilie Nygård
Last Updated:

About Brynjulf Bjørnson til Aurland

Aurland i mellomalderen

Av Anders J. Ohnstad

Ein studie i gamle ætter

Det som er samla i dette vesle sogeskriftet, er eit samandrag av eit sogearbeid som har gått over lang tid, like sidan Aurland sogelag vart skipa i 1929.

Etterkvart som arkivmateriale vart samla og granska, synte det seg at Aurland si bygdesoge hadde verdfulle opplysningar til rikssoga. Aurlandssoga og Aurlandsætti har eit breitt vengjefang, med utlauparar til mange kantar, både her i landet og utanfor landegrensene. Slike ættetrådar ligg ofte halvt løynde, og det skal mykje granskingsarbeid til før ein ser samanhengen mellom det lokale og det rikshistoriske. Detaljar frå lokalsoga kan somme gonger løysa vanskelege flokar, der dei gamle historikarane vanta opplysningar.

Det er turvande at både lek og lærd får vita noko om dette samarbeidet mellom det lokale og det rikshistoriske.

Mang ein gong kunne ein ønskja at bygdesoga hadde vorte skriven før rikssoga. Det er i alle høve ei glede at bygdesogene aukar i kvalitet og tal. Dermed er ein provins til landet lagt, for dei styrkjer vår rikssoge.

Brynjulv, son til Bjørn Buna, herse i Sygnafylket

Dei gamle hovdingane, hersar og neskongar, hadde i lange tider styrt sine nedarva landslutar og tolde ingen overkonge. I det gamle ættesamfunnet hadde tradisjonen stor makt. Ein herse let seg ikkje lett kasta frå sitt hovdingsete. Det vart difor stor oppstand då Harald Hårfagre tok til å samla Noreg til eitt rike. Den sterke Bunasætti delte seg i to. Nokre av ætti forlet landet i harme. Både Bjørn Buna og sonen, Kjetil, med dotteri Aud, ho som fekk tilnamnet den djuptenkte, rømde til Skottland og Irland, til Vesterhavsøyane og Island.

Men Brynjulv Bjørnson heldt på si kongevenlege line til kongsgarden Husabø på Systrond i Sogn. Bjørn Buna og sonen Kjetil var hersar, men då desse rømde landet, gjekk nok både makti og myndet over til Brynjulv som då vart ein stamfar til den luten av ætti som vart verande i Noreg.

Dei som rømde landet, bygde seg vikingkongedøme og gjorde det godt lenge, men laut til slutt røma då keltane gjorde oppreist. Brynjulv vart truleg sitjande på den gamle ættegarden Sult i Aurland og vart stamfar til denne Sultætti, som ei tid vart kalla Soopætti (Sopætti) og til slutt Aurlandsætti. Sjølve garden Sult fekk på 1100-talet namnet Unestad etter storbonden Une eller Onn (Onnstad). Denne Une var nabo til lendmann Jon Peterson på nordsida av Aurlandselvi.

Brynjulv må ha vore ein hovding av dei store. Det var han som nemnde opp dei 36 domarane til Gulatinget og må elles ha hatt stor makt og mynde i Sygnafylket. Me veit at han hadde venskapsband til Roald herse i Fjordane. Ein gong røynde det på denne venskapen, for Bjørn Brynjulvson, ogso kalla Bjørn Hauld, stakk av med Roald si syster, Tora Ladhand. Han burde ha bede pent om løyve. Men Bjørn og Tora fekk ei dotter, Åsgerd, som med tidi vart ei kjend kvinne på Island, i det ho vart stammor til m.a. Myrmannafolket.

Ho og Egil Skallagrimsson vart foreldre til ei stor slekt. I den ætti kom det mykje gjævt folk. Eldste sonen deira, Torstein Egilsson, fekk Helga den fagre, ho som vart ein hovudperson i Gunnlaugssoga. I den ættetavla kom historikaren Are Frode, Tordis og Torgerd, og 3 – 4 ættled ut i tavla finn me ogso Snorre Sturlason.

Hersen Brynjulv må ha vore ein staskar. Han stod truleg midt i mellom heidenskap og Kvite-Krist si lære. Det fortelst om han at han let ikkje sonen Bjørn få eit krigsskip då han skulle ut i vikingferd. Han skulle fara sømeleg åt og ikkje herja og brenna, men handla med dei framande. Den gamle hersen må ha hatt høg moral. Om denne kom frå Håvamål eller Kvite-Krist si lære, veit me ikkje, men det er då eit ljosglimt i den ville vikingtidi.

Harald Hårfagre sin eldste son, Eirik, fekk tilnamnet Blodøks. Rett nok hadde han blod både på øks og sverd, men han kunne ogso vera raust og godhuga. Det synte seg den gongen då Egil Skallgrimsson vart fanga i Jordvik (York). Då hadde Eirik høve til å ta livet av den skamdjerve Egil. Arinbjørn Roaldsson, som den tid gjorde teneste hjå Eirik, blanda seg opp i dette og sa til Egil: ”I natt må du skriva eit hyllingsdikt til Eirik. I morgon kan det vera for seint.” Dermed fekk me diktet Hovudlausen, det som berga Egil.

Den gongen burde Eirik ha hatt eit betre tilnamn enn dette Blodøks. So langt me kan døma om det, ser det ut til at Arinbjørn må ha vore ein staskar. Han berga på ein måte Egil sitt liv.

Etter det soga fortel, var Arinbjørn syskenbarn til Åsgerd Bjørnsdotter, ho som fyrst var gift med Toralv (Torulf) og deretter med Egil Skallagrimsson.

Aurland har ei grav frå vikingtidi, rettare sagt ein gravhaug (utgraven i 1890-åri). Namnet på denne haugen lever enno under namnet Ambjørshaugen (Arinbjørn sin haug). Han ligg (låg) vakkert til med utsyn ut over Aurlandsfjorden. Denne haugen er den einaste gravhaugen frå vikingtidi i Aurland, der me veit namnet på personen som er gravlagd.

Venskapen mellom dei to herseættene heldt seg oppe. Det ligg difor nær å tru at dette kan ha vore Arinbjørn Roaldsson si grav.

Soga seier at Eirik Haraldsson Blodøks delvis voks opp hjå Roald herse i Fjordane, og deretter tok Arinbjørn teneste hjå Eirik. Dette er nesten ei solskinnssoge midt i ei blodig tid. Det ser ut til at Brynjulv herse døydde tidleg på 900-talet.Sønene Tore og Bjørn Hauld førde slekti vidare. Det kom i alle høve mykje godt folk etter Brynjulv og sønene hans (sjå sogeheftet Aurlandsætti i mellomalderen, på Island og her heime, 1999).

Rett nok hadde Aurlandsætti utlauparar til mange kantar, både til Orknøyane (Ingrid Kollsdtr.), til Setesdalen (Helga Håreksdtr.) og til bygder på Mørekysten. Det er likevel naturleg å tala om ætti på Sult som Aurlandsætti og Brynjulv som ætti sin stamfar

(sjå nemnde sogehefte s.52 og 59).

Grimsete – ein gamal buplass i Aurland

Eit strategisk sentrum for veidefolket

Når me kombinerer ættegransking med lokal kunnskap (topografi), kan me somme gonger løysa vanskelege flokar. Når sogekunnskapen er knapp, som han ofte er, kan landskapet mang ein gong vera til stor hjelp. Finst det ogso gamle stadnamn i dette landskapet, kan dei ogso vera til hjelp.

Me skal her sjå at det me veit om dei to store jaktfelti, Låvisdalen og Blåskavlafeltet er bygt på historisk og topografisk kunnskap. Når soga er knapp med sine opplysningar, kan landskapet med sitt lende, sine gangstigar og vegar, sine stadnamn og fétrokk ofte vera gode informantar.

Eit namn som Grimsete fører oss inn i ei interessant soge om det store veidefeltet i Låvisdalen. Slik er det òg med eit namn som Røyrgrind, der bægjegardar og skyttagluggar er bygde opp som ein del av fangstfellene kring Blåskavlen.

Soga seier at Bunasætti i tidleg mellomalder må ha vore ei av dei store og sterke ættene både i tidleg mellomalder og truleg ogso i hundreåri før Kristi fødsel. Me høyrer litt om dei både i Telemark og i austerveg, kanskje som farande kjøpmenn over mot Sverike.

Men det ser ut til at denne ætti må ha hatt eit knutepunkt i indre Sogn, for det finst merke etter dei i eit par av dei store veidefelti kring Blåskavlen og i Låvisdalen i Aurland.

Soga har ei lang namneliste over folk i denne ætti. Ho må spenna over fleire hundre år. Men desse namni er ofte berre nakne namn, personnamn som det ikkje er sagt noko meir om.

Ved munningen av Låvisdalen, øvst i Låvisberget, finn me den gamle buplassen i dette området, Grimsete, som gjennom seinare hundreår har vore brukt som støl. Grimsete er eit gamalt namn frå Bunasætti. Det har på ein måte har grodd fast i marki og er framleis eit levande namn.

Dette Grimsete er som skore ut or Bunasætti si soge. Grim-namnet går att i den ætti der me finn både Vedrargrim og Bjørn Grimson Buna. Han var ein hovding i ætti og var far til Kjetil Flatnev og Brynjulv Bjørnson. Det må vera denne Bjørn Buna, eller forfedrane hans, som hadde valt seg eit strategisk punkt i munningen av Låvisdalen, der dei hadde eit veldig godt utsyn over heile det store jaktfeltet som ligg i denne dalen og innover i fjellheimen.

Yttergrensene for dette veldige jaktfeltet kring Grimsete er Viddalen, Liverdalen og Leinene sørvestover mot Ljosberg. Feltet strekkjer seg ogso sørover mot Lyngvellene

(dial.: Lyngvedledn) og Knutseggi og austover mot Grind. Dette store jaktfeltet er

berre eit av dei sju store jaktfelti innan Aurland sine grenser, der alle fire soknene, Vangen, Flåm, Undredal og Nærøy har sine store jaktrettar.

Staden Grimsete er strategisk vald når det gjeld fangst, og dertil var det ein triveleg buplass med utsyn ned til Vatnet (Vassbygdevatnet) og innover jaktfeltet. Dei må ha vore røynde veidefolk dei som valde Grimsete som buplass og standplass. Derifrå såg dei både løypner og beitemarker og kunne då lett halda auga med dyri.

I seinare år har Grimsete vore støl for garden Låvi, men i lange tider må det ha vore eit veldig godt sentrum for den veidingi som har funne stad i og kring Låvisdalen.

Det må ha vore røynde veidefolk som valde Grimsete som buplass, for ved sida av dette at plassen ligg lognt til, fekk dei her eit veldig godt oversyn over heile jaktfeltet. Grimsete var soleis eit strategisk punkt, ein ynskjestad for eit veidefolk som levde i og av fjellet. Utsyn mot reinsløypnene og gode beitefelt var avgjerande. Det finst enno eit interessant arkiv i stein innover alle fjell, der dyregraver, bogastille og dyrestup enno vitnar om fangstfolket sin levemåte. Det er her tale om ei hovudnæring som har vore liv laga i fleire tusen år. Det må ha vore hardføre folk som levde i sine steinbuer, i hellerar, i langhus, der reinsskinni var umissande, både sommar og vinter.

Det ser ut til at Bunasætti ogso har hatt det andre store jaktfeltet kring Blåskavlen i sitt vald, det som ligg på nordsida av den nedre Aurlandsdalen, dalen mellom Vassbygdevatnet og Vangen. Dette feltet er omringa av gardar som ligg i ein halvsirkel frå Skjerdal, over Vangen og Dalen til Vassbygdi. Her må det ha vore storjakt i gamle dagar. Ei mengd dyregraver, bogastille og dyrestup er enno godt synlege, både på Leimseggi og på austsida av Blåskavlen (sjå Aurland I s. 31–43).

Etter det soga fortel, ser det ut til at Kjetil Flatnev har rådd over dette veidefeltet, for dotter hans, Aud den djuptenkte, kalla sin nybygde gard på Island for Kvam, mykje truleg ei oppattkalling etter garden Kvam i Aurland. Sjå om hennar sendeferd til Aurland, der Høskuld var leiar. Denne ferdi er omtala i sogeheftet 1999: Aurlandsætti i mellomalderen – på Island og her heime, s. 20–22. Der er det fortalt at Høskuld og sendeferdi sette skipi på land i Bergen og tok den gamle gangstigen over Voss til Kvam i Aurland. Aud må ha trødd sine barneskor der. Det må ha vore hardt for Bjørn Buna og Kjetil å forlata desse to jaktfelti og dermed røma landet.

Bror til Kjetil, Brynjulv, heldt på si venskapsline ut til Kongsgarden Husabø og vart elles stamfar til ætti på Sult, den som oftast går under namnet Aurlandsætti. Men Aud gløymde aldri den gamle garden Kvam i Utbygdi i Aurland, den garden som låg og ligg ved foten av det store veidefeltet kring Blåskavlen. Det er vel som eit ekko frå desse tider når det i Aurland framleis går segn og soge om dette Kvam som ein gong skal ha vore ein storgard, der gjævtfolk budde.

Desse to jaktfelti peikar tilbake på Grimsete som er eit kjernepunkt i Bunasætti si dramatiske soge.

Sjå òg:

A. Ohnstad: Aurland I, 1962, s. 53,

”Aurlandsætti i mellomalderen”, 1999, s. 23-24,

Gardssoga for Aurland, bd. III, 1996, s. 20 (Låvi)

Kongemakt eller stormannsvelde

Ein langvarig kamp mellom to ulike styringsformer

Då Bunasætti på 800-talet delte seg i to, fekk det alvorlege fylgjer både for Noreg og dei som rømde til Skottland, Irland og andre vesthavsøyar. Dei vikingkongedømi som voks fram der ute i vest, vart med åri ein viktig del av dei norske utbygdene. Den delen av Bunasætti som vart verande i Noreg, fekk ein mykje dugande leiar i Brynjulv Bjørnson. Dei to brørne, Kjetil Flatnev og Brynjulv, reagerte ulikt på Bunasætti si dramtiske deling. Den gamle hovdingen Bjørn Buna, sonen Kjetil og hans folk rømde mot vest, medan Brynjulv heldt på det gamle venskapsbandet ut til kongsgarden Husabø på Systrond, der Harald Gullskjegg, Halvdan Svarte og Harald Hårfagre residerte. Det vart to ulike syn som her støytte saman. Dei som rømde mot vest, heldt på sine gamle rettar, der sjølvstende og fridom var noko sjølvsagt. Kan me ikkje slå Harald Hårfagre i eit slag, rømer me heller landet, sa dei.

Og det gjorde dei. Dei ulike syn på land og styreverk som her støytte saman, vart langvarige. Striden dukka opp både i Stigar–Tore og Egil Aaskjelsson si oppreist og ikkje minst i borgarkrigane på 1100-talet (sjå sogeheftet Aurlandsætti i mellomalderen 1999, s. 45-47).

Både Egil og Tor miste livet i strid mot Magnus Berrføtt, som tykte det var ille at slike høgætta folk skulle dømast til galgen. Opprøret syner at den gamle striden mellom kongemakt og lendmannsvelde var levande på tusentalet og slo ut i full loge under borgarkrigane på 1100-talet. Det fanst åtak frå baglarane ogso i Håkon Håkonson si styringstid, men då hadde kongemakti fått betre tak, særleg etter slaget ved Fimreite i 1184. Stort sett var 1200-talet ein fredeleg periode, bortsett frå at Skule Jarl tok kongsnamn i strid mot Håkon Håkonson. Både Magnus Lagabøte og dei to sønene hans, Eirik og Håkon, var meir opptekne av lovarbeid og styringsverk enn av landevinning.

Magnus fekk gjeve ut ei ny landslov like før han døydde i 1280. Erik hadde teke over som konge då Vangskykja i Aurland stod ferdig i 1280-åri. Freden i Pearth 1277 hadde redusert noko av det gamle Noregsveldet, men stort sett var Magnus-sønene si styringstid (1280–1319) fredeleg. Håkon V var likevel ottefull då dotteri Ingebjørg vart gift med den svenske hertugen Eirik av Folkungaætti. Han ottast at utanlandske (særleg svenske) stormenn skulle få for mykje makt i riksstyret, og at norsk sjølvstende kunne få vanskar. Slike tunge tankar vart endå meir aktuelle då Svartedauden braut ut i 1350.

Sjå òg:

A.Ohnstad: Aurland I, 1962, s. 53,

”Aurlandsætti i mellomalderen”, 1999, s. 23-24,

Gardssoga for Aurland, bd. III, 1996, s. 20 (Låvi)

Aurdalsgodset og Aurlandsætti

Frå storgard til prestegard og i seinare tid skulegard

Den dramatiske pesten, som me oftast kallar Svartedauden på 1300-talet, må ha vore meir dramatisk og fælsleg enn nokon kunne tru, for han let etter seg nedlagde gardar og avfolka grender over heile Europa.

Her i Aurland skulle berre 6 – 7 menneske berga livet. Ei segn fortel at desse få overlevande samla seg kring Bønesteinen framfor stavkyrkja på Rygg. Me kan lett tenkja oss kva dei bad om, for livet er kjært.

Det finst ogso ei segn om ein gamal mann som truleg hadde overlevd pesten framme i Aurlandsdalen. Han var heilt i villreide om dag og tid då han kom ned til Vassbygdi. Denne segni er kanskje noko liknande som den om Jostedalsrypa. Det finst ogso ei segn her i bygdi at Aurland ein gong i gamle dagar skulle ha opplevd ei stordomstid. I Kvam skulle det ha budd storfolk, og den 300 år gamle prestegarden Urdal, skulle berre vera som ein skugge av den gamle storgarden Aurdal, som var i si velmakt i høgmellomalderen (1050 – 1350).

Det finst ei segn om den store haugen midt i prestegardstunet. Etter den segni skulle den motige og djerve Egil Aaskjelsson, som var med i Steigar-Tore si oppreist, vera gravlagd her. Denne segni er truleg av yngre dato. Det kan vera prestane som har lese om oppreisti sist på 1000-talet, og då trudd eller innbilt seg at den djerve Egil kan ha vorte gravlagd i denne haugen. Eg vil tru at denne haugen er mykje eldre og let difor fagfolk koma med sine tankar om denne haugen som skal vera ein av dei verkeleg store gravhaugane på Vestlandet.

Vestlandet sin mektige lendmann og husfrue, Ingrid Kollsdotter, var retteleg storfolk i Aurland si mellomaldersoge. Deira velmaktstid må ha vore i fyrste helvti av 1100-talet. Me ser enno rester av storgarden Aurdal, der dei budde, men noregssoga er so knapp at ho ein stad berre fortel at lendmannen, Jon Peterson, ogso kalla Jon Fot, budde i Sogn. Ein annan stad fortel ho at han budde i Aurland.

Ein lendmann sat ikkje berre med nokre åkerlappar, men kvar låg jordegodset og dei rikdomane han rådde over? Vår lokalsoge sit ofte inne med so verdfulle opplysningar, ogso for rikssoga, at det hadde vore bra om bygdesogene vart skrivne før rikssoga. Slik er det både for storgardane Aurdal, Kvam og ættegarden Sult (Unestad). Lokalsoga veit ofte meir enn det rikssoga fekk tak i.

Storgarden Aurdal og bygdi Aurland er interessant både geologisk, arkeologisk og historisk, men her skal eg berre kort nemna at bygdi er delt i to lutar, med Aurlandselvi som ei eldgamal delelinje.

Den gamle ættegarden Sult har nok dominert sørsida, medan Aurdal har rådd over nordsida av Aurlandselvi. Båe gardane ber våre eldste gardsnamn og har mange historiske minne. Både små og store gravhaugar er enno synlege, trass i at mange er nesten jamna med jordi.

Desse gravhaugane talar for seg sjølve, men det ser ut til at heile sørsida av Aurlandselvi har vore eit samanhangande landstykke frå Markaonao (Stampao) ved Otternes (Aotnes) til Grimsete og Grind med det store jaktfeltet Låvisdalen, vidare framover i Viddalen og Liverdalen, mot Daudør og Ljøsberg, alt på nordsida av Storskavlen.

Den andre halvparten av bygdi, nordsida av elvi, har det store fjellmassivet kring Blåskavlen i sin midte (1809 m.o.h.), og strekkjer seg vidare austover mot Hallingdal.

Eit mellomaldergods gjennom skiftande tider

Dei to mektige lendmennene, Salmond Sigurdson på Austlandet og Jon Peterson på Vestlandet, låg i strid på 1100-talet, for båe ville vera høgste hanen i korgi. Det var sjølvaste Sigurd Jorsalfare som fekk slutt på denne striden ved dom i 1129.

Den gamle storgarden Aurdal, ved sida av ættegarden Sult, hadde sine beste år i høgmellomalderen, før Svartedauden slo ned både folk og gardsdrift.

Me ser nok rester etter Aurdalsgodset og Aurlandsætti på 1500-talet, men den gamle stordomen er borte. Den store mannedauden, med tap av sjølvstende og eit dominerande framandvelde, knekte Aurlandsætti sin stormaktsperiode.

Reformasjonshundreåret vart eit kaos både politisk, økonomisk og kyrkjeleg. Heksebrenning og moralsk nedgang gjorde vondt verre.

Midt i dette kaoset fanst det embetsmenn og godseigarar som slo under seg ei mengd gardar og på den måten skapte eit nytt godseigarvelde, der mange bønder vart leiglendingar.

Slik var det med sokneprest Henrik Reiersen Urdal, frå 1650. Han kjøpte opp mykje jord mellom Vangen og Skaim. På den måten bygde han opp ein stor prestegard i tillegg til den gamle prestegarden på Vangen. Denne garden var eigentleg restane av det gamle Aurdalsgodset, det som i si velmaktstid rådde over det Aurland som rakk frå Sygnastrondi, dvs. Vossestrand vest for Oppheimsvatnet, til langt bort i mot Hallingdal. Heile nordsida av Aurlandselvi må ha vore kjernen i Jon Peterson sitt gardsvald, ein storgard som i si velmaktstid på 100-talet og 1200-talet gav kyrkjetomt både til Rygjakyrkja og kyrkja på Aurlandsvangen.

Jon og Ingrid sin soneson, Jon Stål, vart ein av landet sine mektigaste menn ved sida av kongehuset. Det er truleg han å takka at korbogen i Vangskyrkja vart so høg (10 m), for Jon Stål var over til England for å studera engelsk byggjekunst, samtidig som han vitja Thomas Becket si grav i Canterbury. Det var nett i den tidi då dei hadde teke til å byggja kyrkja på Vangen.

Det er mogeleg at den gamle ættegarden Sult har klart å halda på sine rettar på heile sørsida av elvi, men den råderike lendmannen Jon Peterson, som til sine tider må ha vore ei plage for storbonden Une, kan vel ogso ha hatt ei hand over nokre av Aurland sine 5–6 store veidefelt. Ved sida av dei to jaktfelti Låvisdalen og Blåskavlen, hadde både Flåm, Undredal og Dyrdal velkjende veidefelt, men me veit ikkje sikkert grensene for Jon sitt gardsvald.

Økonomisk bakgrunn

Det går greitt fram av rikssoga at dei to mektige lendmennene, Salmond i aust og Jon i vest, må ha sete både med stor makt og mynde på 11- og 12-hundretalet. Me har ikkje greie grenser for lendmann Jon sitt gods, men det fortel mykje at han rekna seg jamgod, eller helst noko betre enn Salmond.

Jord og skog, jakt og fiske, handel og ferdsle var ogso med i det næringsgrunnlaget som i mellomalderen skapte velstand og til sine tider rikdom.

Når det galdt store jordvidder, måtte Salmond ha mykje å ta av, men han nådde ogso bort i jakt og fiske.

Tønsberg var nok for han eit verdfullt senter. Jon Peterson hevda likevel at han var like svær kar som Salmond.

Kva hadde so Vestlandet å by på? Den eldgamle næringsvegen veiding var levande lenge etter at korndyrking og bufé med stølsdrift var på framgang. Jon Peterson hadde ei allsidig gardsdrift, for i tillegg til veiding og eit aukande jordbruk, hadde han ei stor innkome av lakse- og aurefisket i elvane. Me veit ein heil del om dette, m.a. av det som Absalon Pederssøn Beyer har skrive i si noregssoge, ”Udi Norigs Riges historie”, om næringslivet i Sogn. Han var fødd i Skjerdal, og det er difor all grunn til å tru at han har hatt Aurland i tankane når han skreiv om ”Store bukke og vide Gresgange”. Han let ille over si samtid på 1500-talet, men skriv likevel mykje om tidi før Svartedauden.

Når han skriv om ”store Bukke”, er det ingen tvil om kva slags bukkar dette var, for reinsjakti, veiding over alle fjell, var framleis ein stor naturrikdom, ved sida av eit veldig rikt lakse- og aurefiske i elvane. Dette er midt i Aurdal si velmaktstid. Me treng ikkje tvila på det han skriv, for me har enno eit solid arkiv i stein over store fjellvidder. Dyregraver, bogastille, eller skyttargluggar, ved sida av dyrestup, er enno godt synlege. Gamle fangstmåtar i elvane er ogso synlege (sjå illustrasjonar i Aurland III s. 216–224).

Magister Absalon legg ogso stor vekt på ”de vide gresgange”, dvs. gardane nede i bygdi og beite i fjell og dalar.

Stølsbruket er gamalt. Me har eit greitt prov om det, for då Sverre og birkebeinane tok seg ned til fjellgarden Frondalen etter uveret i 1177, støytte dei på ein støl, truleg Haoasete, før dei nådde garden. Nokon meiner at stølsbruket kan vera minst 2000 år gamalt. Dei byggjer då på Phyteas si ferd nordover til Thule (Noreg?).

Dette var 300 år f.Kr. Dei såg då folk som flytte inn i fjellet om våren og attende om hausten. Nokon trur at det har vore stølsfolk, men det kan òg ha vore veidefolk eller samar.

Det finst ogso stølar i Aurland som ser ut til å ha hatt ein eldre og ein yngre støl, eller stølsvoll (selbø). Det kan vera Svartedauden som her har sett eit skilje.

Det ser i alle høve ut til at korndyrking og stølsbruk kan vera eit par tusen år gamalt.

Garden Aurdal nede i bygdi og Aurdalen i fjellet

Er Aurdalen, ogso nemnt som Øvstebø og Østerbø, eit støls- eller gardsnamn som er avleidd av det store Aurdal nede i bygdi? Det ser slik ut, for det store Aurdal nede i bygdi hadde ein grei fjellveg over Nalfarhøgdi og austover til den vakre fjellbygdi ved Aurdalsvatnet. Frå gamalt av kan det ha vore ein logn og triveleg buplass for veidefolket, eit sentrum inne i fjellet. Med tidi har det vorte både støl og fjellgard. Det låg nok nede 200–300 år etter Svartedauden, men på 1600-talet kjem gardane att. Namnet Aurdalen framme i fjellet tyder på at den store garden Aurdal nede i bygdi har i si velmaktstid, før Svartedauden, brukt dette vakre fjellområdet som eit verdfullt tillegg til hovudbruket. Det kan ha vore tale om reinsjakt, stølsbruk og/eller gardsbruk.

Sikkert er det at fjellvegen austover frå Aurdal og Utbygdi var både greiare og laglegare enn å ta seg fram over elvar og tronge gjel nede i dalane. Nalfarhøgdi var truleg halvfares mellom bygdi der nede og Aurdalen.

På denne strekninga austover, over Aurdalen og Stemmerdalen, må jaktfeltet kring Blåskavlen ha vore veldig verdifullt, for det låg nær hovudbygdi, stutt veg når ein hadde tunge bører med kjøt og skinn.

Dei store mengdene med jaktfeller, dyregraver og bogestille fortel greitt om ei storviltjakt som har engasjert ikkje berre den einskilde jegeren, men storfamilien, ja, truleg ei heil grend.

Me har segn og soge om odelsgutar som heller valde jaktrettane i fjellet framfor odelsgarden heime. Det fortel litt om fjellet sin rikdom i eldre tider. Me har ogso segner om at tenestefolk ikkje ville ha altfor mange laksemiddagar. Alt dette med fjellet, stølar og jakt, kom i tillegg til det gardsbruket kasta av seg.

Magister Absalon skriv om dei veldige smørmengdene som kom frå gard og fjellstøl. Smøret var boden sitt gull, ved sida av kornet som alltid fekk den beste åkeren. Aurdal har hatt store vidder nede i sjølve dalen, og Vinjane, Utbygdi, med sine leiner hallande ned mot sjøen, må ha vore eit godt jordbruksområde, for det er gamal sjøbotn. I istidi gjekk sjøen om lag 150 meter høgre enn i vår tid. Dessutan ligg Utbygdi beint i mot soli.

Frå Rygg til Skjerdal hadde ein ogso eit veldig godt utsyn, både utover og innover fjorden. Det har gått gjetord her i bygdi om dei tre beste korngardane: ”Høvringen på Holo, Hadli i Li og Leinao på Bjørgo e’ jamningar tre.”

Det går ogso segner om dei mange gardskvednane her i bygdi. Det ser ut til at alle gardar som hadde kvednavatn, ogso hadde si eigi kvedn. Kornbøra og flatbrødbøra på stabburet var to kjernepunkt i det gamle hushaldet. Aurdal hadde både gode korngardar og rikeleg kvednavatn.

Aurdalsgodset i oppgangs- og nedgangstider

Legg me til slutt alle historiske fakta på bordet, stig det fram eit bilete av ein storgard, eit gods, som har hatt eit vidt vengjefang med ættegreiner til mange kantar. Det er ikkje berre tale om ein del av Aurland, men kanskje heile Aurland, der Flåm, Undredal og Nærøy er med, men ogso eit område utanfor bygdegrensene. Me veit litt om storleiken på lendmannsgodset her vest, for Jon Peterson rekna seg for å vera like svær kar som Salmond Sigurdson i aust.

Før Svartedauden, då Aurlandsætti stod i sin beste brage, må Aurland ha vore eit kjernepunkt i denne ætti. Både ættegarden Sult og storgardane Aurdal og Kvam står midt i biletet. Det hindrar ikkje at Aurlandsætti hadde ætterøter til mange kantar, jamvel utanfor landegrensene.

Lendmannen Jon må ha hatt ein av sine største eigedomar her i bygdi, truleg den største. Me veit at han var næraste nabo til storbonden Une på Sult og at Aurdalsgodset breidde seg over storparten av Aurland på nordsida av elvi. Det var Jon som bygde det største skipet til krossferdi i 1153–54. Det skulle vera eit stasskip med forgylt framstamn, og det må ha vore bygt i Aurland, anten på strondi under Vinjane eller på Onstadsida. Jon tolde ikkje at Salmond på Austlandet trakka han på tærne.

Me veit ogso at Jon samarbeidde med Ragnvald jarl på Orknøyane. Det var heilt naturleg, for Jon hadde i 1129 gift seg med Ragnvald si søster, Ingrid Kollsdotter frå Agder. Mor hennar kan ha vore Gunhild frå Orknøyane (iflg. P.A. Munch),ei syster til Magnus jarl, som vart gravlagd i eller ved Magnuskatedralen. Dei fekk sonen Brynjulv, som vart far til Jon Stål. Denne Jon Stål vart rådgjevar både for kong Inge Bårdson og Håkon Håkonson. Sistnemnde vart gift med Margareta, dotter til Skule jarl, som hadde ætterøter inn i Aurlandsætti, der Sigrid Torkildsdotter var gift med Guttorm på Rein. Det vart soleis både venskaps- og ætteband mellom Aurdal i Aurland og Orknøyane.

Me veit at Svartedauden, tap av sjølvstende og eit aukande framandvelde, var ei landsulukke. Tome hus og nedlagde gardar fortel at bygdene vart nesten avfolka. Høgmellomalderen hadde bygt både kloster og kyrkjer, og krossferdene hadde auka både handel og ferdsle. Utmarker vart rydda og gardane voks både i tal og i storleik. Det er ikkje berre magister Absalon som skriv vakkert om mellomalderen. Det me no veit gjennom andre kjelder om Aurdal, peikar ogso i den lei at Aurdal må på 11- og 12-hundretalet har vore ein storgard eller eit gods, med innkomer frå fleire kantar. Lendmannen her vest må verkeleg ha vore ein storbonde, ein godseigar.

Kor vidt hans landområde har nådd, er uvisst, men Aurdal må ha vore eit hovudsete for han. Aurdalsgodset og Aurlandsætti må ha hatt si stormaktstid like før Svartedauden. Rett nok miste lendmann Jon Peterson livet på krossferdi i 1153, men han og husfrue Ingrid fekk mykje dugande etterkomarar, og den vidgreina og mektige ætti var nok på si høgd då Vangskyrkja vart bygd. Men då nærma ein seg nedturen og det dramatiske fallet då Aurdal vart som stroken av kartet.

Dette storgodset rakk frå Fylkesgrovi ved garden Bidne på Sygnastrondi, ved enden av Oppheimsvatnet, og like til Hol i Hallingdal. Svartedauden gjorde Aurdalsgodset nesten opp i ingenting. Det fortel kor alvorleg stoda var på 1300-talet, då pesten la i grus både gard og grend. Det er mogeleg å rekonstruera noko av det godset som Vestlandet sin mektige lendmann, Jon Peterson, rådde over på tusen- og ellevehundretalet. Aurdalsgodset må ha vore ein kjerne i denne godssamlingi, som hadde reinsjakt, laksefiske og gardsdrift som sitt økonomiske grunnlag.

Når me i dag set saman små og store rester av det som ein gong var eit stort gods, skimtar me litt av det byggverket som Svartedauden og nedgangstidene la i grus.

Gunhild Sultan, kong Sverre si mor

Problem i Sverre-soga

Det kan sjå slik ut at Aurland ligg i ein avkrok langt inne i Sognefjorden. Men slik er det i grunnen ikkje. Vår lange fjord, med sine greiner sprikjande til mange kantar, er riksveg nr. 1, ei ferdsleåre som er open storparten av året. I tillegg fanst det ein gangstig inne i landet frå Bjørgvin til Oslo. Denne gangstigen, som ogso var ein kløvjaveg, gjekk gjennom Aurland og Lærdal. Desse to bygdene vart knutepunkt i ferdsle og handel, men ogso Årdal og Luster peikar austover. Når kystbygdene opnar seg mot havet, opnar våre inste fjordarmar seg mot Austlandet. I seinare tid har bil og bane bygt vidare på dette gamle sambandet.

Etter kvart som historisk og topografisk gransking har avdekt landskap og folkeliv, stig det fram eit interessant bilete av våre fjord- og fjellbygder. Dei har trass alt vore meir med i vår rikssoge enn me trudde. Når islendingane skreiv om sine stamfedrar som kom frå Vestlandet i Noreg, spesielt frå Aurland, brukte dei oftast bygdenamnet i staden for dei gamle gardsnamni.

Men går me i djupni her og tek med detaljar, stig det fram interessante soger både om Bunasætti og den gamle Sult-ætti, som med tidi vart kalla Aurlandsætti. Då trur me ikkje lenger at Jon Stål, Sverre sin gode ven og slektning, var ein oppkomling i birkebeinarflokken. Han var då soneson til Vestlandet sin mektige lendmann, Jon Peterson og Helga frå Sætre (Sætesdalen). Jon sin far, Peter, var son til Serk Brynjulvson. Dermed er me midt inne i Aurlandsætti. Me kan på lokalhistorisk grunn peika både på Jon Peterson sitt jordegods og på naboen Une (Onn) sin ættegard på Sult. Bygdenamnet Aurland greip om fleire gardar, slike som Aurdal, Sult, Kvam og mange fleire.

Une var ein storbonde på den gamle ættegarden, og det er nok Une- eller Onn-namnet som har stått so sterkt, at det gamle gardsnamnet Sult reint har kome i skuggen av eit Unestad (Onnstad). Dette namnebytet skapte litt forvirring trass i at det gamle Sult-namnet lever her i bygdi den dag i dag (Sult, Sulthedlao, Sultøyri, Sultadalen (i dalføret ved Håvasete)).

Dette førde til at Sylte på Møre vart forveksla med den gamle ættegarden Sult i Aurland. Fleire sogegranskarar tok feil her og fekk ikkje ættetavlene til å høva. Den gamle Sult-ætti hadde utlauparar både til Sylte og andre Møre-bygder. Men dette Sylte er noko heilt anna enn den gamle ættegarden Sult.

Me veit at mor til kong Sverre heitte Gunhild Sultan. Namnet talar for seg sjølv, for Sultan tyder då beint fram den som er frå Sult, eller på ein eller annan måten er knytt til garden Sult. Sverre går soleis beint inn i Sult-ætti (sjå sogeheftet Aurlandsætti i mellomalderen, side 48 og utover).

Då Gunhild Sultan sende sonen Sverre i lære hjå biskop Roe på Færøyane, må Gunhild og ektemaken Unås ha budd i Noreg, mykje truleg på ættegarden Sult i Aurland, der det var stutt veg til Vestlandet sin hovudstad Bergen. Rett nok hadde den vidgreina ætti slektstrådar til mange kantar, både til Sylte på Møre, til Giske og elles nordover i landet.

Det ser ut til at Aurland, med slike sentrale gardar som ættegardane Kvam, Sult, og storgarden Aurdal har vore eit av hovudseti for Aurlandsætti. Det er difor all grunn til å tru at Sverre si mor og ektemaken Unås ei tid har budd på den ættegarden som frå gamalt heitte Sult, ein gard som på 1100-talet meir og meir har fått namnet Unestad, etter den mektige storbonden som heitte Une eller Onn.

Eit tredje namn, Soopætti (Sopætti), dukka opp like etter Svartedauden. Eg trur at Soop er ei mistyding av det gamle Sult, for framande embets- og tenestemenn skjønte ikkje norsk mål og norsk kultur. Når mange ættegranskarar fekk vanskar med ættetavlene, kjem det m.a. av dette at den gamle ættegarden Sult vart overskygga av eit Unestad, eit Onnstad, eit Soop, og ikkje minst av bygdenamnet Aurland.

Mange har undra seg over dette at Sverre ikkje har tala meir ope og detaljert om den ætti han stødde seg til, ei stor og mektig ætt. Då bisp Nikolas i 1208 prøvde å få slutt på borgarkrigen, lova han at baglarkongen Filippus Simonsen skulle få Kristin, dotter til kong Sverre, som var komen av den beste ætti i Noreg (sjå Baglarsoga s. 250). Det er nok ætti til Gunhild, kong Sverre si mor, det her er tale om. Den ætti hadde truleg sitt hovudsete på den gamle ættegarden Sult i Aurland.

Men det er ikkje merkeleg, for den ætti Sverre stødde seg til, Aurlandsætti, var delt like frå 800-talet. På den eine sida stod hersar og hovdingar mot ein rikskonge, som ville avsetja dei gamle sjølvrådige hovdingane. Denne kløyvingi heldt seg ikkje berre i vikingtidi, men òg i høgmellomalderen.

Sverre sin kongstanke stod mot lendmannsveldet og kyrkja. Skulle Sverre ha gått i detaljar her, var det ikkje enkelt å setja opp greie liner, for det fanst vener og fiendar innan same ætti. Det gamle stormannsveldet hadde reist hovudet ogso på tusentalet, då Egil Aaskjelson slo lag med Steigar-Tore og gjorde opprør mot kong Magnus Berrføtt. Kampen mellom kongemakt og stormannsvelde nådde si høgd med Fimreite-slaget i 1184.

På 1200-talet må Aurlandsætti ha valt å vera kongevenlege, eit venskap som vart stadfest og styrkt då Margareta Skulesdotter vart gift med Håkon Håkonson. Likevel ottast Håkon 5te Magnusson at stormennene atter skulle trengja seg inn i landsens styre og stell.

I desse dramatiske tidene, med krossferder og borgarkrig, vart det likevel bygd både kloster og kyrkjer. Ryggjakyrkja og steinkyrkja på Aurlandsvangen fekk tufter på den gamle storgarden Aurdal, det som på ein måte var kjernen i det jordegodset som lendmann Jon Peterson rådde over på 1100-talet.

I Noregsoga vert det, som nemnt, ein stad kort sagt at lendmannen Jon Peterson budde i Sogn. Jon hevda at han var like stor og mektig lendmann som Salmond Sigurdson på Austlandet. Han var verkeleg ute på ei herferd for å tukta Salmond. Det vart helst skam og skade av den ferdi , for han fekk eit stygt hogg i eine foten (Jon Fot). Jon rådde over store fjellvidder, der reinsjakti var ei storveges innkome, og Aurland sine tre lakseelvar var fulle av laks og aure. Til dette kom det fleire gardar, der korndyrking og stølsbruk var eit tredje naturgode som synte at lendmannen her vest var ingen smågut, og tolde å verta samanlikna med Salmond Sigurdson i aust.

Aurdalsgodset og Aurlandsætti har vore mektigare enn me trudde. Det går greitt fram av Absalon Pedersøn Beyer sine skrifter. Han fortel greitt om dei store rikdomane her inne i fjordane, veiding over alle fjell, laksefiske i elvane og den store smørproduksjonen, der gardar og stølsdrift ogso var ei storveges innkome.

Etter det me veit frå gamle skriv, og etter det magister Absalon fortel, må lendmannsgodset Aurdal i Aurland ha vore veldig stort. Aurland må ha vore eit hovudsete for Jon Peterson, men heile godset må ha gripe endå vidare, skulle det hamla opp mot Salmond sitt gods på Austlandet. Det er difor grunn til å tru at Aurland sine 6–7 store veidefelt kan ha lege under lendmannen sitt velde, samtidig som han ogso hadde innkome frå andre bygder, som t.d. Kvålegodset i Sogndal.

Lendmann Jon Peterson si innkome frå jordegods på Vestlandet, må ha vore storveges. Til det Aurland me her talar om, høyrer ogso Undredal, Flåm og Nærøy, der Nærøyfjorden og Nærøydalen med Sygnastrondi er innanfor Aurland sine grenser.

Sygnastrondi, det som etter 1773 vart heitande Vossestrand, vart busett frå Sogn like ned til Fylkesgrovi som renn midt gjennom garden Bidne. Dei som budde vest for denne Fylkesgrovi, sokna til Voss og Hordaland, men dei som budde på austsida, sokna til Aurland og Sogn og Fjordane (Nordre og Søndre Bergenhus Amt).

Lendmannen på Vestlandet har truleg rådd grunnen frå Bidnegrovi i vest like til grensa mot Hol i Hallingdal. I tillegg til dette må ogso andre bygder, t.d. Kvålegodset i Sogndal, ha lege under lendmannen sitt rådvelde.

Me veit ein god del om dette vestlandsgodset, for Jon Peterson ville, som sagt, vera like svær kar som, Salmond Sigurdson på sør-austlandet, eller helst litt større.

Aurlandskyrkja er eit verdig minne om gamal stordom, men me skal heller ikkje undervurdera den veldige reinsjakti i fjellet og dei store mengdene med laks og aure frå elvane, og feitevara frå alle gardar og stølar. Storfolket på Aurdal, Jon og Ingrid, har på 1100-talet hatt eit stort vengjefang, både når det gjeld ættesamband og jordegods. Ryggjakyrkja og Aurlandskyrkja, som båe fekk tomt på Aurdal sin eigedom, har ogso ei line over til Orknøyane, der Ingrid på Aurdal sin morbror, Magnus jarl, på ein måte har gjeve namn til Magnuskatedralen der borte.

Svartedauden må ha vore ei alvorleg landsulukke når han reint tok knekken både på Aurdalsgodset og den ætti som vart rekna som ”den beste ætti i Norge”, for å bruka bisp Nicolas sine ord.

Det er ikkje noko rart at ættegranskarane fekk vanskar med ætt og ætteliner når dei ikkje var klåre over at Gunhild Sultan peikar beint attende til den gamle ættegarden Sult.

Soop-ætti

Sultætti - Soopætti - Aurlandsætti

Mellom dei mange gamle ættene her i Sogn, har denne ætti hatt noko løyndomsfullt over seg. Namnet Soop har vore ei gåte. Men i våre gamle skrifter heiter det m.a. ”Anfin på Soop”, og det skulle då peika attende på ein gard. I dansketidi, som fylgde etter Svartedauden, vart ei mengd stadnamn og gardsnamn mistydde og fekk ofte ei underleg, meiningslaus form. Det er ille nok at det vakre, klangfulle gardsnamnet Sinjarheim vart endra til Sønnerheim. Verre er det at gardsnamnet Gjerlao i første helvti av 1300-talet vart skrive Grille, og at Veim vart skrive Vidheimi osb.

Er Soop-namnet ei forvansking, mistyding eller feilskriving av det gamle gardsnamnet Sult?

Me veit at ein av dei gamle sentralgardane i Aurland heitte Sult, dvs. ein stad eller ein gard som ligg nær elv eller sjø (t.d. Hellesylt). Det gamle gardsnamnet Sult i Aurland er framleis levande. Eg minnest at gamle folk sa Svult og Svultøyri. Men med åri fall førestavingi bort, og i dag heiter det berre Øyri. Det gamle namnet Sult heng også att i stadnamnet Sulthedlao (forvanska til Salthedlao) og Sultadalen, som er ein av Sult sine stølsdalar.

Salthedlao var ei naturleg bryggje med djupt vatn og loddrett bergvegg.

Sult som gardsnamn er greitt. Det har vakse ut av landskapet ved elv og sjø. Men Soop-namnet ser ut til å vera ei forvansking, ei mistyding eller kanskje ei oppstasing av dette Sult som likna på ordet svolt. Det ville i tilfelle vera upassande for velstandsfolk som Aurlandsætti må ha hatt i høgmellomalderen. Lenge tenkte eg at Sop (Soop) var kome frå Sverige. Men svenskane har sagt at Soop-namnet dukka opp i Sverige under 30-årskrigen (1629). Dei trudde difor at Sop-namnet var kome frå Noreg. Det ser heller ikkje ut til at Sop har kome frå dansk-tysk ættesoge.

Eg måtte då gå attende til gardsnamnet Sult. Kanskje det likevel var eit faktum dette at framande embets- og tenestemenn i språkforvirringi etter Svartedauden på det grovaste hadde forvanska eller mistforstått det gamle norske gards-namnet Sult.

Når det i våre skrifter heiter ”Anfinn på Soop”, lyt me tru at preposisjonen på peikar

på ein stad, ein gard eller på eit gods eller på eit gardskompleks.

Desse namni, Sult-ætti, Soop-ætti og Aurlandsætti, tyder, etter mi meining, det same. Rett nok er ættegarden Sult noko av eit sentrum for denne ætti, men det hindrar ikkje at ætti har spreidd seg over eit større område, der alle fire soknene har greiner utover til mange gardar og grender, ikkje berre i Aurland, men ogso vidare. Denne ætti, med sine tre ulike namn, har eit vidt vengjefang, ogso utanfor landegrensene.

Når magister Absalon brukar uttrykket ”de Sooper”, må det vera folki på garden eller gardane Sult han tenkjer på. Det er ogso mogeleg at dersom bygdefolket uttala Sult som Svult (Svolt), vart det kanskje eit klengenamn som ikkje høvde på slike store gardar som Aurdal, Kvam, Undredal og Sult. Kva synsvinkel me enn har på dette namnet Soop, ser det likevel ut til å vera ei forvanska form av gardsnamnet Sult. Når me les Magister Absalon sine skrifter frå 1500-talet, er det eit fælt samansurium av uttrykk frå mange språk, latin, hollandsk, tysk, svensk og engelsk. Den oppstasa, langdregne ”bendelormstilen” var so heilt ulik den knappe, fyndige norrøne forteljemåten. Det er nok berre å minna om at vårt enkle ord har eller hev, vart skrive ”haffuer”, og på same måten Veim (Veum) vart skrive Vidheimi.

Når gardar og grender var nesten folketome, var det vel ikkje anna å venta enn at ogso mål og målformene vart farga og forma av dei mange innflytte tenestemenn som lite skjøna norsk mål og norsk kultur.

Kjelder:

P.A. Munch,

Snorre,

Noregssoga jubileumsutg. 1914

m/fleire forfattarar,

historikar og forfattar Alexander Bugge

Frå Ryggjakyrkja i Aurland

til Magnus-katedralen på Orknøyane

Når me grev djupt i Aurland si mellomaldersoge, dukkar det opp interessante og verdfulle opplysningar. Det syner seg at den mektige lendmannen, Jon Peterson, som rådde over store deler av Vestlandet, må ha hatt eit knutepunkt i Aurland. Soga seier at Jon og naboen Une på Sult var to mektige karar. Truleg var dei nær skylde, men ikkje alltid gode vener.

Jon hevda at han var like mektig som Austlandet sin Salmond Sigurdson. Han må difor ha rådd over store deler av Vestlandet.

Her i Aurland må storgarden Aurdal ha vore hovudsetet, eller ein av storgardane hans. Dette godset Aurdal, med Aurland og alle soknene i sentrum, må ha nådd frå Fylkesgrovi på garden Bidne på Sygnastrondi (no Vossestrand) like til Hol i Hallingdal. Det er mogeleg at den gamle ættegarden Sult ogso ei tid har lege under Jon sitt herrevelde.

I striden mellom dei to mektige lendmennene, Jon og Salmond, var det til slutt Sigurd Jorsalfare som løyste floken og dømde slik at no skulle alt vera oppgjort. Som pant på fredsavtalen skulle Jon Peterson gifta seg med Ingrid Kollsdotter frå Agder. Faren Koll, som var ein hovding i Agder, var gift med Gunhild, søster til Magnus Jarl på Orknøyane, han som ikkje ville liggja i strid med bror sin om jarl-tittelen, og som ofra seg sjølv. Det er ei dramatisk soge som fortel både om heltemot og om offervilje.

Denne Magnus vart gravlagd ved eller i den store katedralen på Orknøyane, som var under bygging på 1100-talet. Ingrid Kollsdotter, som då vart husfrue på Aurdalsgodset, vart gift med Jon Peterson i 1129. Truleg året etter fekk dei ein son som fekk namnet Brynjulv. Det er då rimeleg å tru at Ingrid, som var av ei religiøs slekt, har bede husbonden sin, Jon Peterson, om å få bygt ei kyrkje på Aurdal sin vakre utsynsstad Rygg. Her ligg ein kjempestor stein som det går segner om på høgste og fremste pynten av denne ryggen, som har utsyn både oppover dalen, ut fjorden og innover fjorden.

Ein vakrare og verdigare kyrkjestad kunne dei ikkje finna. Det går soleis ei venskaps- og ætteline frå Rygg i Aurland til Magnus-katedralen på Orknøyane. Det er difor rimeleg å tru at Ryggjakyrkja kan ha vorte bygd i 1130-åri, om ikkje før. Me kan ikkje sjå bort ifrå at ho kan ha vorte bygd like etter Sigurd Jorsalfare si krossferd kring 1108, for me merkar oss at kong Sigurd var dommar i saki mellom aust og vest, i striden mellom dei to mektige lendmennne.

Det finst rester av Ryggjakyrkja i Aurland, men mykje av kyrkjetømmeret vart sendt til Korskirken i Bergen. Litt inventar og utstyr hamna på museet i Bergen.

Johannes Vinjum fann òg nokre gamle fjølabitar der han prøvde å måla litt på dei verdige kyrkjerestane. Han hadde ein viss sans for det som var gamaldags. Då denne stavkyrkja vart riven kring 1575, hadde stavkyrkja på Vangen teke over som soknekyrkje.

Aurland i august 2003 – Anders Ohnstad

view all

Brynjulf Bjørnson til Aurland's Timeline