Einar Hugleiksson Hegranes

Is your surname Hegranes?

Connect to 21 Hegranes profiles on Geni

Einar Hugleiksson Hegranes's Geni Profile

Share your family tree and photos with the people you know and love

  • Build your family tree online
  • Share photos and videos
  • Smart Matching™ technology
  • Free!

Einar Hugleiksson Hegranes

Also Known As: "Einar Hugleikson", "Einar Hugleiksson", "Einar Hugleiksen"
Birthdate:
Death: 1367 (62-72)
Immediate Family:

Son of Hugleik Audunson a Hegranes
Father of Ragnhild Einarsdatter Myklabø

Managed by: Jahn Harald Loen
Last Updated:

About Einar Hugleiksson Hegranes

Dei gamle slektene i Bødal skal og ætte frå Audun Hugleikson, og etter segna er slekta til Audun koma frå Lodalen. Denne segna har ikkje noko historisk prov som no er litande å hal.de seg til. Segna seier det slik at ein spansk adelsmann måtte røme frå landet og kom her til Lodalen kring 1200. Det vart nemndt at det var i Nesdal han slo seg til. Det skal vere ein kårde som har gått i arv i slekta, som dei kalla spanskekården, og som skulle vere etter han. Der var og nokre sauer som dei kalla spanskesauer, og denne rasen skulle ha halde seg i Nesdal og Bødal. Der var og kome ned i Loen av den langrumpa spanskesauen. Dette er segna, men noko historiske fakta har ein vel ikkje å byggje på. Det sikraste merke som viser attende til Audun Hugleikson, er det som står i Bygdeboka (s. 614-615) og som viser til at slekta til Audun Hugleikson åtte eigedomar i Bødal i 1300 talet. Einar Hugleikson åtte her eigedomar i 1360, og han var vel ein soneson til Audun. Og i eit diplom dagsett 25. januar 1367 ser vi at det vert halde eit makeskifte i Loen i Øvre tunet ovan for kyrkja, mellom Sigurd Isakson og kona Ragnhild med Øystein Simonson, på vegne av dotter hans Gyrid. Der Sigurd og Ragnhild fekk bytt til seg jord i Bødal mot å late ifrå seg eigedomar i Jølster og Breim. Denne Ragnhild er vel dotter til Einar Hugleikson og mannen hennar er vel son til, den Isak Helgeson som kjøpte og fekk skøyte på eigedom i Bødal, og no har dei auka eigedomane sine der med dette makebytet. Både Isak Helgeson og Einar Hugleikson skriv under som vitne på dette makeskiftet. Frå dei har sikkert slektene gått vidare i Bødal og Nesdal og dei nærmaste bygdene. Hugleik er ikkje noko vanleg namn, men det går ofte igjen i Lodalen og i Loen. Dette syner noko av korleis slektene her i desse avstengde bygdene vart samanbundne og gjekk opp i kvarandre.

view all

Einar Hugleiksson Hegranes's Timeline