![](https://assets10.geni.com/images/external/twitter_bird_small.gif?1699376784)
![](https://assets12.geni.com/images/facebook_white_small_short.gif?1699376784)
public profile
Gards og ættesoga for Nærbø, Torland, s. 313, nr. 9
Halhuor Thørlandt er nemnd i 1602 og Haffuor i 1613. Truleg er det den same og skal vera Håvard. Det har vore halde fram at han var Håvard Eivindson frå Sørnes i Håland og gift med enkja etter Erik Torland (Lisbet Olsdtr.?), som nok var den andre kona hans. Kanskje heitte første kona Sissel? Han må då ha kome til Torland kring 1598 og døydde truleg kring 1614. Han hadde nok ikkje barn i andre gifte, men truleg fleire i første. Millom dei var truleg dei fylgjande:
-----------------------------------------------------
Det var han som heitte Eivind Lode og som stakk Torbjørn Ødemotland i 1617.
Sidan må han ha kome til Hobberstad i Varhaug, for i 1630 stemnde presten Peder Nilsen på Haa
- " een hans leilending, nemblig Even Ø:Moetland, med hans bøxelbreff, heller tagevidtner, eller och huad bescheen hand haffuer for sig, til samme grd. for liffsfeste hans tiid att nyde". Eivind sa at han var komen til denne gard, Ødemotland, som han hadde " bøttet sig fra goed kongens gaard, Hobberstad, med Tormoe som boede før ham på Ø:Moetland, och leiet dend saa aff salig Herr Christen".
- Men han hadde ikkje noko bøkselbrev eller vitner utan Tormod Hobberstad som hadde gjort jordebyte med han. Presten Peder Nilsen baud Eivind 4 1/2 vetter korn landskuld i Helvig mot dei 3 vett i Ødemotland. Men Eivind sa at jorda på Helvig var ikkje så god som den han hadde nå på Ødemotland. Eivind vart buande på Ødemotland. Me har meint at han var gift med dotter til lensmann Erik Torland, som i så fall måtte vore strykdotter til far hans, eller kanskje strykdotter til Eivind si stykmor. Det er truleg at Eivind var gift 2) med dotter til Jon Omundson Bø (sjå Bø 9). Men korkje det eine eller det andre er visst, sjøl om sumt talar for at det kan ha vore slik.
1590 |
1590
|
Torland, Haa, Rogaland
|
|
1613 |
1613
|
Ødemotland, Nærbø, Rogaland, Norway
|
|
1620 |
1620
|
Ødemotland gnr 18 Nærbø 1 side 237 nr 3
|
|
1630 |
1630
|
Ødemotland, Nærbø, Rogaland, Norway
|
|
???? |
Ødemotland gnr 18. Hå nr 1 s 237 nr 3
|