Embrik Sevatson Thon

public profile

Is your surname Sevatson Thon?

Research the Sevatson Thon family

Share your family tree and photos with the people you know and love

  • Build your family tree online
  • Share photos and videos
  • Smart Matching™ technology
  • Free!

About Embrik Sevatson Thon

http://www.aal-bygdebok.no/074001-.htm

Embrik overtok nordre delen av søre Thon i 1801 for 499 rd. I 1811 kjøpte han også søre delen hjå bror sin, og hadde heile garden samla ei tid.

   Embrik var soldat ei tid. I unge år var han noko av ein slagsbror. I 1805 vart han ilagt legemålsbot (6 rdlr) saman med Jørand Olbjørnsdtr. Logsengard. 
   Embrik og Sigrid gifte seg i 1805. Embrik vart attgift 1818 med Guro. Dette giftarmålet var nok utan samtykke frå foreldra hennar. Embrik fekk rekning frå svigerfaren på heile oppfostringa av Guro. ("Min datter Guro Larsdtr, 25 år eller 326 mndr eller 9131 dager a 4 måltid a 2 skilling = sum 760 rdlr 16 skilling"). 
   Embrik og Guro vart skilde i 1828. Grunnen var nok den at Embrik var saman med Gunhild Solvesdtr. Medgard Dokk 1797-1885. Etterkvart fekk han fem barn med henne: 
   Ågot 1828- ; Margit 1830- ; Bjørn Tønder 1832-1919; Gunhild 1835- ; Sevat Tønder 1838-1903. Sjå meir om desse ungane under nordre Medgard gnr. 69/4 år 1798. 
   Guro og sonen Knut flytta attende til Larsgard i Hovet. Frå 1829 til i allefall 1838 var Gunhild i Thon. I 1841 budde ho på plassen To-eie. Etterkvart kom Gunhild attende til Dokk der ho hadde arbeidd. Ho døydde i Dokk i 1885. Dei tre geitene som Gunhild hadde gjekk med til begravelsen. 
   I 1811 fekk Embrik ein dom for "lovstridig å ha deltatt i auktionsforvaltningen i Hallingdal." Ein bonde i Votndalen hadde halde auksjon hjå seg, og Embrik hadde teke på seg å rope opp. 
   Ein annan gong held lensmannen tvangsauksjon i Thon, då gjekk Embrik bort og reiv pennen or handa hans. Som inkassator sat lensmannen på 600 spd som Embrik hadde tilgode frå ein annan auksjon, likevel gjekk lensmannen bort og dreiv ut pant hjå Embrik. 
   Slik miste Embrik respekten for embetsfolk og autoritetar. Han deltok i Halvor Hoel-rørsla og bonde-opprøret i 1818. Undervegs til Kr.ania overnatta opprørarane i ein låve på Krokskogen, vart arresterte av soldatar og sende på Akershus festning til avhøyr. Embrik Thon var av dei som 'viste sig trodsig og uartig, og af hans uttrykk var det tydelig at han ikke ville reise tilbake'. Dom: 3 dagar i jarn og dessutan ei bot på 571 rd. Bota vart stadfesta av høgsterett i 1826. Men Embrik vitna 1838 at han vart friteken for straffa for 1818-uroa. 
   Som far sin var også Embrik ein kjempekar. Men den lyftesteinen som faren hadde på Fivilstølen, den greidde han ikkje. Frå bryllupet hans vart det fortalt at Embrik sat og held Sigrid på ein strak høgre arm. 
   I 1826 delte Embrik Sevatson Thon frå nordre delen garden til sonen Sevat Embrikson. Søre delen av garden var det meininga at sonen Knut skulle overta etter Embrik. I staden gjekk garden på auksjon etter ulykka med drapet i 1839. Sjå lenger nede. 
   Ein gong ordla Embrik seg slik i fylla: "Eg skal skyte i hel både skrivaren, lensmannen og han Dritibrok på Kjellargard". Uvenskapen mellom han og systersonen i Kjellargard fekk fatale fylgjer. 
   Det var i ei likferd i søre Thon 1839 at Embrik knivstakk systersonen Ola Olson Kjellargard så han døydde. I rettssaka etterpå vart Embrik sikta både for dette drapet og valdeleg framferd mot både mor og kone m.fl. Embrik vart fyrst dømt frå livet, men dommen vart omgjort til livsvarig fengsel og erstatningar. Omlag 140 vitne vart avhøyrt i denne saka, og mange hadde lite godt å seie om "den farlige Person". Men grannane hadde ikkje noko "lovstridigt" på han. 
   Lensmann Richter vitna om ein humoristisk episode: Ein gong lensmannen var innom i Thon, då kom Embrik med eit talglys i handa og spurde om "tilladelse til at sette ild på hans Bakkebart". Richter ville ikkje gje noko slikt løyve. Embrik bad om forsvarar då protokollføraren på tinget kalla han for 'en ulv'. (896),(1348) s 23 
   Embrik vart sendt til Kr.ania Tukthus på livsvarig slaveri. Der sat han visstnok og drog slipesteinen. Embrik døydde på Akershus festning i 1843, 60 år gamal. 
   I 1838 (skrivefeil?) vart garden selt til Den Norske Statskasse for 495 spd. I 1839 vart garden selt på auksjon på nytt til sonen Sevat Embrikson og Knut Olson Lofthus for 936 spd. Dei delte slik at Knut Olson Lofthus overtok den søre delen av garden. Sjå bnr. 2.


Embrik overtok nordre delen av søre Thon i 1801 for 499 rd. I 1811 kjøpte han også søre delen hjå bror sin, og hadde heile garden samla ei tid.

Embrik var soldat ei tid. I unge år var han noko av ein slagsbror. I 1805 vart han ilagt legemålsbot (6 rdlr) saman med Jørand Olbjørnsdtr. Logsengard. Embrik og Sigrid gifte seg i 1805. Embrik vart attgift 1818 med Guro. Dette giftarmålet var nok utan samtykke frå foreldra hennar. Embrik fekk rekning frå svigerfaren på heile oppfostringa av Guro. ("Min datter Guro Larsdtr, 25 år eller 326 mndr eller 9131 dager a 4 måltid a 2 skilling = sum 760 rdlr 16 skilling"). Embrik og Guro vart skilde i 1828. Grunnen var nok den at Embrik var saman med Gunhild Solvesdtr. Medgard Dokk 1797-1885. Etterkvart fekk han fem barn med henne: Ågot 1828- ; Margit 1830- ; Bjørn Tønder 1832-1919; Gunhild 1835- ; Sevat Tønder 1838-1903. Sjå meir om desse ungane under nordre Medgard gnr. 69/4 år 1798. Guro og sonen Knut flytta attende til Larsgard i Hovet. Frå 1829 til i allefall 1838 var Gunhild i Thon. I 1841 budde ho på plassen To-eie. Etterkvart kom Gunhild attende til Dokk der ho hadde arbeidd. Ho døydde i Dokk i 1885. Dei tre geitene som Gunhild hadde gjekk med til begravelsen. I 1811 fekk Embrik ein dom for "lovstridig å ha deltatt i auktionsforvaltningen i Hallingdal." Ein bonde i Votndalen hadde halde auksjon hjå seg, og Embrik hadde teke på seg å rope opp. Ein annan gong held lensmannen tvangsauksjon i Thon, då gjekk Embrik bort og reiv pennen or handa hans. Som inkassator sat lensmannen på 600 spd som Embrik hadde tilgode frå ein annan auksjon, likevel gjekk lensmannen bort og dreiv ut pant hjå Embrik. Slik miste Embrik respekten for embetsfolk og autoritetar. Han deltok i Halvor Hoel-rørsla og bonde-opprøret i 1818. Undervegs til Kr.ania overnatta opprørarane i ein låve på Krokskogen, vart arresterte av soldatar og sende på Akershus festning til avhøyr. Embrik Thon var av dei som 'viste sig trodsig og uartig, og af hans uttrykk var det tydelig at han ikke ville reise tilbake'. Dom: 3 dagar i jarn og dessutan ei bot på 571 rd. Bota vart stadfesta av høgsterett i 1826. Men Embrik vitna 1838 at han vart friteken for straffa for 1818-uroa. Som far sin var også Embrik ein kjempekar. Men den lyftesteinen som faren hadde på Fivilstølen, den greidde han ikkje. Frå bryllupet hans vart det fortalt at Embrik sat og held Sigrid på ein strak høgre arm. I 1826 delte Embrik Sevatson Thon frå nordre delen garden til sonen Sevat Embrikson. Søre delen av garden var det meininga at sonen Knut skulle overta etter Embrik. I staden gjekk garden på auksjon etter ulykka med drapet i 1839. Sjå lenger nede. Ein gong ordla Embrik seg slik i fylla: "Eg skal skyte i hel både skrivaren, lensmannen og han Dritibrok på Kjellargard". Uvenskapen mellom han og systersonen i Kjellargard fekk fatale fylgjer. Det var i ei likferd i søre Thon 1839 at Embrik knivstakk systersonen Ola Olson Kjellargard så han døydde. I rettssaka etterpå vart Embrik sikta både for dette drapet og valdeleg framferd mot både mor og kone m.fl. Embrik vart fyrst dømt frå livet, men dommen vart omgjort til livsvarig fengsel og erstatningar. Omlag 140 vitne vart avhøyrt i denne saka, og mange hadde lite godt å seie om "den farlige Person". Men grannane hadde ikkje noko "lovstridigt" på han. Lensmann Richter vitna om ein humoristisk episode: Ein gong lensmannen var innom i Thon, då kom Embrik med eit talglys i handa og spurde om "tilladelse til at sette ild på hans Bakkebart". Richter ville ikkje gje noko slikt løyve. Embrik bad om forsvarar då protokollføraren på tinget kalla han for 'en ulv'. (896),(1348) s 23 Embrik vart sendt til Kr.ania Tukthus på livsvarig slaveri. Der sat han visstnok og drog slipesteinen. Embrik døydde på Akershus festning i 1843, 60 år gamal. I 1838 (skrivefeil?) vart garden selt til Den Norske Statskasse for 495 spd. I 1839 vart garden selt på auksjon på nytt til sonen Sevat Embrikson og Knut Olson Lofthus for 936 spd. Dei delte slik at Knut Olson Lofthus overtok den søre delen av garden. Sjå bnr. 2.

view all

Embrik Sevatson Thon's Timeline

1783
March 16, 1783
1807
August 22, 1807
Thon, Ål, Buskerud, Norge (Norway)
1811
December 20, 1811
1816
January 14, 1816
1818
December 16, 1818
1824
January 13, 1824
1830
June 23, 1830
Ål , Buskerud, Norway
1843
1843
Age 59