![](https://assets10.geni.com/images/external/twitter_bird_small.gif?1678127079)
![](https://assets11.geni.com/images/facebook_white_small_short.gif?1678127079)
Endre Hallsteinson Garatun overtok garden på Litlatun då han gifte seg med Herborg Olsdatter Litlatun, og 1. desember 1807 løyste han ut arvepartane til søstrene til kona med 300 riksdaler. Jon Vestrheim som også av og til gjorde teneste som bygdeprokurator, meinte at Litlatun vart for lågt taksert ved skiftet etter Ola Endreson i 1805, og han anka saka til høgsterett. Saka var føre på hausttinget i 1810, der det vart innkalla vitne til nærmare opplysning av saka. Konrad Lægreid, som hadde vore takstmann ved skiftet, prova at dei hadde sett vel over garden og sette verdet til 1300 riksdaler. Dette var noko mange tykte var alt for mykje når ein tok omsyn til at det også skulle ytast kår, som enno ikkje var fastsett, og at garden før var innkjøpt for 350 riksdaler. Etter dette vart saka avvist.
Endre eigde og dreiv også Garatun bruk nr. 1, så han sat med to av dei likaste gardane i Eidfjord og dreiv dei godt. Dessutan var han handelskar. Om våren kjøpte han opp storfe som han hadde på fjellbeite om sommaren. Om hausten drog han austover til marknaden med dyra. Herborg var ei uvanleg kvinne, handlekraftig og raus. Då mannen døydde i 1815, sat ho aleine med 5 små barn og to store gardsbruk.
1777 |
1777
|
Eidfjord, Hordaland, Norge (Norway)
|
|
1805 |
1805
|
Eidfjord, Hordaland, Norge (Norway)
|
|
1807 |
1807
|
Eidfjord, Hordaland, Norge (Norway)
|
|
1809 |
1809
|
Eidfjord, Hordaland, Norge (Norway)
|
|
1812 |
1812
|
Eidfjord, Hordaland, Norge (Norway)
|
|
1815 |
1815
|
Eidfjord, Hordaland, Norge (Norway)
|
|
1815
Age 38
|
Eidfjord, Hordaland, Norge (Norway)
|
||
???? |
Eidfjord, Hordaland, Norge (Norway)
|