Immediate Family
-
wife
-
daughter
-
daughter
-
son
-
daughter
-
son
-
daughter
-
father
-
mother
-
brother
-
brother
-
brother
About Gaut Andersen Sørå
Benna, gardsnummer 48 i Vikna kommune, Nord-Trøndelag Benna ligg rett i vest av Bondøya, mellom denne og Nordøyan. Det er fleire øyer her, skilt frå kvarandre med grunne sund eller valar. Størst er Stor-Benna, så er det Heimværet, Benn-Kalven, Hallarsøya og Storholmen. Hamnetilhøva er ikkje dei beste i Benna. Likaste hamna er på sørvestsida, mellom Stor-Benna og Storholmen - Bennsluga (eller Bennsluket) som den blei kalla. Busettinga var på Heimværet. Benna ligg utmerkt til for fiske. Her er det kort veg til fiskefelta, enten ein vil drifte ute på opne havet eller inne i råsene. Fisket har då også gjennom alle tider vore viktigaste eksistensgrunnlaget for folket her, men her var også ein del jord, og oppsitjarane hadde god stønad av det som jorda gav.
Ein må rekne med at Benna som buplass er av like gammal opphav som dei andre øyene på vest- og sørvestsida av Vikna. Vi finn tre oppsitjarar her i 1666 . . . Men elles er opplysningane om Benna svært spreidde og tilfeldige. Folketeljinga i 1701 nemner ikkje Benna, heller ikkje matrikkelkommisjonen i 1723. Men i 1745 finn vi nemnt Nils Knudsen Benna som då har eit barn til dåpen. Barnet blir døypt Elsa. . . Den første faste oppsitjaren vi får nærare kjennskap til i Benna er Johan Andersen. Han var født i Sørå i Nærøy 1761 og gift med Marta Olsdotter født i 1765 på Moritsøya i Nærøy. De busetter seg i Benna i 1790 og fekk ni barn.
Johan Andersen Benna hadde ein bror,
Gaut Andersen. Han var født i 1755 og gift med Karen Olsdotter, født i 1764 på Storvea i Nærøy. Gaut budde ei tid i Benna, men vi finn han som oppsitjar fleire stadar i Vikna. I 1801 var han gardbrukar på Vikestad, men her var han visstnok ikkje lenge. Han kom attende til øyene i Vikna, og er nemnt under Gjeslingan i 1805 (sjå Arnt Solem, "Sør-Gjeslingan"). I 1815 var han ført opp som innarst i Karstenøy. Han var då enkemann.
Gaut Andersen og Karen Olsdotter hadde desse barna:
1. Ellen Gautsdotter født i 1792, gift med Hans Jensen Bondøy (sjå Bondøya).
2, Ingeborg Gautsdotter født i 1795, daud 2 år gammal.
3. Oleanna Gautsdotter født i 1798, gift med Nils Hansen Fjukstad (sjå Hellesøy).
4. Anders Gautsen født i 1800, gift med Nelle Tørrisdotter Fjukstad (sjå Bondøya).
5. Johannes Gautsen, født i 1805. Ugift. Omkom på sjøen saman med Mikal Dinesen Sør-Gjeslingan i 1846.
Karen Gautsdotter, født 1809, er ikkje med i oversynet i Viknaboka.
I 1825 var Gaut Andersen innarst hos svigersonen Hans Jensen Bondøy. Gaut døydde 1830. Karen Olsdotter var daud i 1813.
- KJELDE: Bjarne Borgan. Viknaboka: Gards- og ættehistorie. Bind I. Gnr. 1 til 21: Kråkøya—Innersund. Vikna: Vikna Historielag, 1969, s 380-81.=
Gaut Andersen Sørå's Timeline
1755 |
1755
|
Søråa, Nærøy, Nord-Trøndelag, Norway
|
|
1792 |
1792
|
Benna, Vikna, Nord-Trøndelag, Norge
|
|
1795 |
1795
|
||
1796 |
1796
|
Nærøy, Nord-Trøndelag, Norway
|
|
1798 |
1798
|
||
1805 |
1805
|
||
1807 |
1807
|
Nærøy, Nord-Trondelag, Norway
|
|
1830 |
May 9, 1830
Age 75
|
Bondøya, Nord-Trøndelag, Norge (Norway)
|
|
???? |
Nærøy, Nord-Trøndelag, Norway
|