Gregar Jonsson Sønstebø

public profile

Is your surname Jonsson Sønstebø?

Research the Jonsson Sønstebø family

Gregar Jonsson Sønstebø's Geni Profile

Share your family tree and photos with the people you know and love

  • Build your family tree online
  • Share photos and videos
  • Smart Matching™ technology
  • Free!

About Gregar Jonsson Sønstebø

Nore og Uvdal i Forn og Nye

Sønstebø Mellom

Gnr 17, bnr1

Del II Bind I, side 423

Straks skiftet etter Jon var avslutta den 19.09.1731, makeskifta Torkild og Gregar jordegods. Dei hadde nok planane klare. Torkild bytta bort det han hadde i Mellom Sønstebø, og Gregar det han hadde i Søre Sønstebø. Etter det satt Torkild med 1 hud i Søre Sønstebø. Det var heile garden. Gregar hadde fått hånd om 9 1/2 skinn i Mellom Sønstebø. Tgl 17.071733.

Gregar hadde vore på Enerstvedt dei fyrste åra etter at han vart gift.

Den 22.02.1734 var Gregar Sønstebø stemnd til tinget for slagsmål, men Gregar hugsa ingenting. Han hadde vore full. Turid gifta seg att i 1732 med Vilhelm Larsson Kveta. Vilhelm og Turid bodde den fyrste tida på Nord Kveta, men fra skiftet i 1731 veit me at Turid hadde halvparten i Mellom Sønstebø. Med slike eigeforhold kunne det bli gnisninger. Gregar Jonsson kom i strid med stefaren sin, Vilhelm Larsson, om ein stall. Saka var framme på tinget 23.06.1735, men det løyste seg med forlik - utan dom i saka.

Men kanskje gjorde dei den røynsla at det vil vera betre om kvar har sitt heilt for seg selv. I allefall - dette skjedde: Gregar og Vilhelm makeskifta jordegods. Vilhelm fikk Gregars del i Mellom Sønstebø. Gregar fekk Nord Kveta, skyld 6 skinn og eit mellomslag. Dat 19.09.1735, tgl 23.06.1738

Den 26.02.1748 kjøpte Gregar Jonsson Kveta og kona hans Jørand Gulliksdotter opp arvegods i Mellom Sønstebø for 84 rdl. Det var barn og barnebarn etter Anne Holgesdatter og Jon Torkildsson m.fl som solgte. Tgl. 23.06.1750. Hadde Gregar og Jørand tanke på å kome attende til Sønstebø?

Nord Kveta

Gnr 20 bnr 1

Del II Bind I, side 510

Den 19.09.1735 makeskifta Vilhelm Larsson bort Nord Kveta til Gregar Jonsson, son til Turid, og fekk att eige i Mellom-Sønstebø. Tgl.23.06.1738. Etter som Kveta sti i 6 skinn og Gregar åtte meir i Sønstebø, var det klart at Vilhelm måtte betale eit mellomlag. Dette kjem fram i skjøtet. Eit lite gløtt inn til rovdyrplaga gjev denne strofa frå tingboka 15.02.1738: Gregar Jonsson Kveta viste fellen av ein vaksen ulv han hadde felt. Det var skotpenger å få. I tillegg var han kanskje både kaut og kry.

Fam 4520, stifta 17.10.1727

Gregar Jonsson Sønstebø, dpt 31.12.1702

Jøran Gulliksdotter, dpt 04.03.1708

Born:

a Ole Gregarsson, f Enerstvedt , dpt sept 1728 - jf febr. 1754.

b Anne Gregarsdotter, f Enerstvedt. 03.03.1731 g.m. Kittil Halvorsson Tandberg den 15.10 1755

c Jon Gregarsson, f Sønstebø dpt. 29.09.1733 - jf febr. 1766

d Birgit Gregarsdotter, f Sønstebø, dpt 06.01.1736 - jf 20.10.1736

e Giøran Gregarsdotter, f Sønstebø, d 17 veker, jf 20.10.1736

f Halvor Gregarsson, f. Qvetang, dpt 13.06.1738

g Gunhild Gregarsdotter, f Qvetang, dpt 12.02.1741 g.m. Bjørn Pedersson 29.09.1769

h Astrid Gregardsotter, f. Qvetang dpt. 25.03.1746 - jf mars 1764

i Birgit Gregarsdotter, f. Qvetang, dpt. 01.06.1749

1 Mars 1752 solgte Gregar og kona Jørand gården Nord-Kveta til 'dannemand' Jon Gregarsson Staaland og kona Anne Hansdotter for 285 rdl. Gregar tok unna en plass på 'vestsida' av elva med så mykje skog som han trong til nye hus på plassen og ei seter på nordsida av 'Qvætan elven'. tgl 22.06.1752. Opplysniga "til nye hus på gården", skulle tyde på at det har vore ein plass der i lengre tid. Kvifor Gregar selde, veit me ikkje, men truleg var det økonomiske vanskar. Om det hadde si årsak i helsesvikt eller anna, kan ein bare spekulere over.

Øyan

Gnr 20 bnr 2

Del II Bind I , side 523

Når det står at Gregar Jonsson heldt att plassn i 1752, var det nok ikkje som ein sjølvstendig eigendom, men som bustad på livstid. I manntallet over ekstraskatten i 1762 står Gregar som husmann undr Nord Kveta. I plassen var då foruten Gregar og Jørand også barna Jon, Guri og Astrid. Me har i familieoversynet inga dotter som hitte Guri. Sannsyneligvis var det Gunnhild som ble til Guri.

Nok ein gong kjøpte Gregar Nord Kveta. 14.02.1767 fekk han skjøte på gården av Halvor Syversson for 600 rdl. Det var samme pris Halvor sjølv hadde betalt. Sannsynligvis hadde Gregar berre vore stråmann, for alt samme dagen selde han att gården att til Gisle Gislesson Dokka for 727 rdl. Samstundes fekk Gisle skjøte på odelsretten av Halvor Gregarsson og Kittil Halvorsson for 100 rdlr.

Det kan sjå ut som mest heile familien har vore samla om denne avgjerda, samde om å la gården gå ut av ætta. Men godt betalt må dei ha fått. Gregar tjente 127 rdl på en dag, og dei andre to fekk 100 rdl for odelsretten. Kanskje skulle dette være startkapital på ein ny stad.

view all 12

Gregar Jonsson Sønstebø's Timeline

1702
1702
Mellom Sønstebø, Rollaug, Buskerud, Norway
1728
1728
Enerstvedt, Uvdal, Buskerud, Norge (Norway)
1731
1731
Nordre Kveta, Uvdal, Norway
1733
1733
Mellom Sønstebø, Uvdal, Buskerud, Norge (Norway)
1735
1735
Mellom Sønstebø, Uvdal, Buskerud, Norge (Norway)
1736
1736
Mellom Sønstebø, Uvdal, Buskerud, Norge (Norway)
1738
1738
Kveta, Uvdal, Buskerud, Norge (Norway)
1741
1741
Kveta, Uvdal, Buskerud, Norge (Norway)
1746
1746
Kveta, Uvdal, Buskerud, Norge (Norway)