![](https://www.geni.com/images/external/twitter_bird_small.gif?1712687055)
![](https://www.geni.com/images/facebook_white_small_short.gif?1712687055)
Dei gamle eigedomstilhøva [p%C3%A5 Hakestad]
Det er noko uklart om brukarar som er nemnde på Hakestad på 1300-talet, også var eigarar på garden. Dei eldste vitnemål om eigedomstilhøve har ein frå 1500-talet. I 1567 bad Torstein Magnusson Øydvin lagretten om å vitna at han var sann odelsmann til ein part av Hakestad som Torkjell på Fet då sat med. I vitnemålet var det innteke eit brev frå 1483 som stadfesta at havtor Erlingsson var odelsmann til ein part som Ivar Sjursson sat på. Odelsmenn etter Havtor Erlingsson var mellom anna Hallstein Simonsson og Hallstein Ellingsson og deira born. I 1567 møtte Torbjørn Olavsson på Sandvin og Torstein Magnusson Øydvin i Bergen lagting og klaga over at Torkjell Fet i Kvinnherad og Per Jonsson på Stedje i lang tid hadde forhalde dei ein jordepart i garden Hakestad. Dei la frem velsegla odelsbrev som synte at forfedrane deira hadde kjøpt Hakestad til odel og eige alt i kong Eirik sitt femte styringsår (1392). Torbjørn og Torstein gjorde krav på å løysa inn jorda, og dei fekk medhald i retten. Frå tingbøkene kjenner ein også andre tvistemål om eigedomsretten til jordepartar i Hakestad. Erling Arnesson reiste i 1505 sak for å få tildømt 2 mmb. som Ivar Sigvardsson sat med. Ivar hadde fått godset som arv med kona si, Hallbera Eriksdtr., for over 20 år sidan, og vart frikjend. Eit diplom frå 1588 fortel at Hallstein Erlingsson (den same som er nemnd ovanfor som Hallstein Ellingsson) vel hundre år tidlegare vart inngift med Josteinsfolket på Hakestad. Han vart gift med Ragnhild Åmundsdtr., og med henne fekk han ein jordepart i øydegarden Aurdal, som Jostein var odelsmann til. Hallstein "reiste sin boning" på Hakestad og la denne parten (Aurdal) til odelsgodset sitt. Hallstein hadde sonen Ulv (Olav), og Ulv hadde sonen Gunnar, og dei hadde brukt jorda upåtalt i eit stort hundreår, dvs. 120 år.
Ulvik 2, s. 32
Sitat*: Sitat fra Ulvik bygdebok.1
var lensmann i Ulvik i 1591 då han var med på kongehyllinga i Oslo. Han hadde ombodet til 1610. Sidan sønene hans og ikkje han sjølv var arvingar etter Marita Pust på Drage, må Gunnar ha vore gift med dotter hennar. Kring 1606 flytte han til Oppheim. Han åtte ikkje så reint lite jordegods, nemleg i Hakestad, Oppheim, Syse, Kvåle, Aurdal, Børve, Sandstå og Brimnes. Då han hadde skøytt frå seg Oppheim til sonen, flytte han attende til Hakestad, og der døydde han i 1623.
1550 |
1550
|
Hordaland, Norway
|
|
1595 |
1595
|
Hakasta, Ulvik
|
|
1623 |
1623
Age 73
|
Hordaland, Norway
|
|
???? |