Matching family tree profiles for Haakon Salomonson Solheim
Immediate Family
-
son
-
son
-
daughter
-
daughter
-
father
-
mother
-
sister
About Haakon Salomonson Solheim
Dei overtok halve Solheim ved skøyte i 1734. Etter at faren døydde i 1742, løyste Håkon ut arvepartar etter syskena og halvsyskena så han hadde 3/4-partar av garden. I 1753 kjøpte han den siste fjerdeparten av stemora Kari. I 1761 måtte han gje 15 riksdalar for odelsretten til fru Müller (Sandvik i Kvinnherad) som var arving etter den siste fru Rosenkrantz. Det var eit tvilsamt krav, men Håkon ville vel ikkje ha noko odelssak og hadde pengar nok til eit forlik av ein slik sum.
Ekteparet var særs velståande folk, som hadde pengar å låna ut til andre, fortel fleire tinglyste panteobligasjonar. Når Håkon ikkje betalte sakskostnadane etter saka mot Kletta i 1761 og i staden let Kletta få bruka to bøstykke på Solheim, må det ha hatt andre grunnar enn økonomien.
Håkon var beistahandlar og det var nok det som heldt oppe velstanden. Då han døydde hadde han 398 riksdalar ute på lån hos andre og 53 riksdalar i reine pengar. Bruttobuet var i alt på 810 riksdalar. Dei fire borna hadde fått 18 riksdalar og 4 mark i heimegifte, nemleg kvar tre kyr, ein vetring, ein kalv, tre geiter, tre sauer, ei gryte, ein skjæring, eit åkle, ein høyen (sengeklede) og i bryllaupsgjerd 15 riksdalar pengar. Kari ville at av hennar halve bu skulle 200 riksdalar straks delast på borna.
Håkon vart kalla opp etter fostermannen på Skorpo. Det må ha vore etter den første Håkon Solheim det såkalla Håkovatnet vart kalla opp etter. Det er eit lite vatn rett ved Nyavatnet i Uggdalsfjellet, der grensa mellom Uggdal, Borgjo, Håheim, Øyjoro og Singelseter møtest. Det var ein "Håko" frå Solheimsdalen som skulle vera fadder for eit barn på Dalen anten 1. eller 2. juledag. Han tok seg fram på ski over Uggdalsfjellet, men gjekk gjennom isen i dette vetle vatnet og kom aldri fram. Det var gudsteneste i Uggdalskyrkja 2. juledag 1775, men ingen barnedåp. Gravfestingsdagen til Håkon var 19. januar, så han har døydde kring nyttår ein gong.
Haakon Salomonson Solheim's Timeline
1703 |
1703
|
Solheim, Tysnes
|
|
1736 |
1736
|
Tysnes, Hordaland, Norway
|
|
1737 |
1737
|
||
1740 |
1740
|
||
1741 |
1741
|
||
1745 |
1745
|
||
1748 |
1748
|
Solheim, Tysnes
|
|
1776 |
January 1, 1776
Age 73
|
Tysnes, Tysnes, Hordaland, Norway
|
|
January 19, 1776
Age 73
|