Matching family tree profiles for Salomon Monsen Solheim
Immediate Family
-
daughter
-
daughter
-
daughter
-
mother
-
father
-
brother
-
brother
-
sister
-
brother
About Salomon Monsen Solheim
Kari og Salomon overtok halve Solheim då dei gifta seg, truleg ved å løysa inn arvepartar til Salomon sine sysken. I 1711 kjøpte dei odels-, innløysings- og åsetesretten av Axel Rosenkrantz for 20 riksdalar og i 1713 resten av Solheim av mor hans Mari. Då den første Kari døydde, vart godset delvis utlagt til borna, men Salomon løyste deira arvepartar. I tillegg til Solheim eigde Kari og Salomon nabogarden Skartveit ein periode, som dei tok landskyld av.
Det var velstand på Solheim. I buet etter den første Kari vart det registrert sølv for 36 riksdalar og 4 mark. og ein tobands gullring for 3 riksdalar, som nesten var vurderingssummen for ei ku på denne tida. Sonen Håkon overtok halve garden i 1734.
Salomon var smed. I eit skifte på Singlestad 1713 kravde han buet for ni ljåar og fire års tynsling av ljåar (tynsling vil seie at ljåeggen vart hamra ut i smia og ikkje slipt).
Salmon ser ut til å ha vore ein kranglefant, men naboane var gjerne ikkje betre. Med Klettana var det sjau i fleire generasjonar. Salomon var som forfedrane mellom dei fremste mennene i soknet .
Han var ombodsmann for Onarheimskyrkja 1708-1710 og lagrettemann over mange år. Så var han militær legdsmann i Solheimsdalen.
Han var involvert i ei rettssak om overfall i 1721.¹ Salomon stemna Kristoffer Vattedal for overfall på sonen då han kom køyrande på akstervegen gjennom Vattedal med to lass ved. Men han hadde ikkje vitne og saka vart "oppsatt".
Anna Kletta måtte bøta 2 riksdalar for skjellsord mot Kari og Salomon i 1726. Same året måtte Håkon Solheim bøta like mykje for slagsmål med Anna.
Han var involvert i ei rettssak om slagsmål i 1726. Salomon vart stemna av futen for 6 riksdalar bøter "for slagsmaal" som han ikkje hadde betalt.
Han var involvert i ei rettssak om lån i 1726. Plassmannen Jacob Vikjo (Sletteskog) fekk stiftamtmannen sin resolusjon på at dei 30 riksdalar han sju år tidlegare hadde lånt til Salomon Solheim, skulle betalast attende etter gammal verdi etter forordninga om pengereduksjon av 15. Juli 1726. Salomon ville gje Jacob att for det som gjaldt "førend dend allernaadigste forordning". Jacob og Salomon hadde truleg vore gode vener. Noko av midlane Salomon hadde fått låna var Jacob sine eigne pengar. Noko hadde han sjølv lånt "hos mine venner allene for at hjelpe hannem", som det heitte i klagen til stiftamtmannen.
Salomon Monsen Solheim's Timeline
1670 |
1670
|
Tysnes, Hordaland, Norway
|
|
1703 |
1703
|
Solheim, Tysnes
|
|
1715 |
1715
|
Norway
|
|
1720 |
1720
|
Tysnes, Hordaland, Norway
|
|
1722 |
1722
|
Tysnes, Norway
|
|
1724 |
1724
|
Tysnes, Norway
|
|
1742 |
1742
Age 72
|
Tysnes, Hordaland, Norway
|