Historical records matching Hans Johan Vilhelm Juuhl
Immediate Family
-
son
-
son
-
father
-
sister
About Hans Johan Vilhelm Juuhl
Ordførar i Fjell frå 1868-1887). Slekta til Hans Johan Wilhelm Juuhl var knytt til Knarrvika og Brattholmen på austsida av Litlesotrai Fjell kommune. Bestefaren Anders Magnussen (1775-1846) kjøpte Knarrevika i 1838 og starta opp kornmølla der. Tre generasjonar av familien Magnussen dreiv denne industriverksemda fram til tidleg på 1900-talet. Dottera til Anders Magnussen, Engel Karine (1813-1892) vart gift med Johan Vilhelm Juuhl (1794-1868), som kjøpte Brattholmen i 1844. Her slo familien Juuhl seg til som gjestgjevarar og handelsfolk. Engel Karine og Johan Vilhelm fekk sonen Hans Johan. Han var ein dominerande figur i Fjell frå han overtok som gjestgjevar og handelsmann i Brattholmen i 1862. Han var aktiv i samfunnslivet, og hadde mellom anna vervet som ordførar i kommunen frå 1868 til 1887. Han gifta seg med Johanna (Hanna) Berntine Bjelland (1841-1932) og dei fekk fire søner: Johan C. W. (1866), Harald (1872), Hjalmar (1877) og Rikhard (1885). Ved folketeljinga i 1875 er familien registrert som busette i Brattholmen. Mor til Hans Johan Wilhelm og tre tenarar er også nemnde i hushaldet. Johan Christian Walhammer Juuhl vart seinare kjend som journalist og forfattar. Han skreiv t.d. bøkene Havstrilen og Kvalsryggen, som beskriv livet strilene hadde på den tida. i dag er han i stor grad gløymt, men for dei som er interesserte i historia til den ytste delen av strilelandet og folket der, er bøkene hans vel verdt å henta fram att.
Firmaet vart drive vidare under det gamle namnet, H. J. W. Juuhl. Johan tok over styringa av forretninga, truleg saman med mora. I februar 1890 brann den gamle hovudbygningen i Brattholmen, men Juuhl-familien bygde eit nytt, i sveitserstil, som stod ferdig året etter. Ved folketeljinga i 1891 vart familien Juuhl registrerte som busette på Klosteret i Bergen. Her budde enkja Johanna Berntine med dei fire sønene. Johan vart nemnt som «Bestyrer i Kjøbmandsforretning Brændevinforretning». I 1894 gjekk forretninga konkurs. Johan greidde å kjøpa eigedomen attende, men sat berre ei kort stund med denne. Frå 1895 var både hus, eigedom og forretning i Brattholmen på framande hender. (Kjelde: Wikipedia)
I 1887 har Juuhl fått seg bygd eit skip med tanke på å traffikkere vestsida av Sotra og søndre del av Herdla. I 1888 vert det gjort framlegg i kommunestyret om tilskot til ein stabil dampskipsfart, og Fjell Herad teikner seg for 300 aksjar i Sotra og Herdla Dampskipsselskap under føresetnad at dampskipet S/S Lyngdal vert kjøpt av Fjell, Sund og Herdla. Dokument kring S/S Lyngdal er kome Fjell kulturminnelag i hende vil bli lagt ut etterkvart. http://www.fjellkulturminnelag.org/Maanadenskulturminne.html
Hans Johan Vilhelm Juuhl's Timeline
1839 |
April 28, 1839
|
Fjell, Hordaland, Norway
|
|
1866 |
September 25, 1866
|
Brattholmen, Fjell, Hordaland, Norway
|
|
1872 |
January 18, 1872
|
Fjell, Hordaland, Norway
|
|
1877 |
1877
|
Bergen
|
|
1885 |
March 3, 1885
|
Bratholmen gård, Fjell, Hordaland, Norge
|
|
1910 |
1910
Age 70
|