![](https://assets10.geni.com/images/external/twitter_bird_small.gif?1705512431)
![](https://assets13.geni.com/images/facebook_white_small_short.gif?1705512431)
Minneord om Harry Tangedal
Harry Tangedal (78) døydde i Vancouver fredag 16. desember 2005. Han var fødd i Vancouver, men var berre liten gut då faren, Erik Tangedal frå Masfjorden, drog tilbake til Noreg for å vera evangelist innan pinserørsla. Familien flytta rundt på Vestlandet i mange år. På Sletta på Radøy vart evangelisten reiskap til ei vekking i 1932 der over 60 nyomvende vart lagt til menigheten, dei fleste mellom 18 og 25 år. Men Harry opplevde det nok tøft mang ein gong å veksa opp i ein fattig evangelistfamilie, og i tillegg verta mobba både i skulen og elles for sin dissentarbakgrunn. Espeland, Skudenes, Surnadal forutan Sverige var stader der dei budde gjennom åra. Men i 1948 flytte familien tilbake til Vancouver igjen for godt.
For Harry var det då å starta livet på nytt. Med ungdommeleg pågangsmot tok fatt på noko han aldri hadde gjort før: byggja fiskebåt og starta laksefiske. Laksefisket dreiv han med heilt til han vart pensjonist, og han hadde mange gode fiskarvener med røter på Vestlandet. Mellom fiskesesongane dreiv han også prøvefiske i British Colombia for Den internasjonale laksekommisjonen. Harry vart nyleg heidra som medlem i Sons of Norway gjennom 50 år. Han måtte oppleva den sorg å fylgja to søner og si kjære kone Evelyn til grava. Evelyn, f. Monsen, var frå Nesttun ved Bergen, og slik hadde begge nær kontakt med slekt i og vener i Noreg. Mange som hugsar han vil kjenna sorg og vemod når han nå er lagt til kvile på den store gravplassen ”Valley View Memorial Gardens” i Vancouver. (Skrive av Erik Tangedal, søskenbarn)
1927 |
May 24, 1927
|
Vancouver, Greater Vancouver, British Columbia, Canada
|
|
2005 |
December 16, 2005
Age 78
|
Vancouver, Greater Vancouver, British Columbia, Canada
|
|
December 2005
Age 78
|
Vancouver, Greater Vancouver, British Columbia, Canada
|
||
???? |
VANCOUVER, BRITISEH COLOMBIA, Canada
|