Ingeborg Eivindsdatter Askvik

Is your surname Askvik?

Connect to 543 Askvik profiles on Geni

Ingeborg Eivindsdatter Askvik's Geni Profile

Share your family tree and photos with the people you know and love

  • Build your family tree online
  • Share photos and videos
  • Smart Matching™ technology
  • Free!

Ingeborg Eivindsdatter Askvik

Birthdate:
Birthplace: Askvik, Jelsa, Norge, Rogaland
Death: 1563 (26-35)
Tjentland, Årdal, Rogaland
Immediate Family:

Daughter of Eivind Pederson Asvik
Wife of Tore Ivarson Tjentland and Ivar Lauritsson Larsson
Mother of Ivar Toreson Tjentland

Managed by: Cecilie Nygård
Last Updated:

About Ingeborg Eivindsdatter Askvik

602. Tore Ivarson døydde cirka 1603 i Tjentland, Årdal, Rogaland, NOR,.

Generelle notat: Tore levde i tida 1563-1603. Om faren som heitte Ivar budde på Tjentland, veit ein ikkje, men det er rimeleg han var frå Valheim. Han legg kyrkjeskatt i 1563 og betaler 1 dalar sølv. I 1602 skattar han 3 ½ laup 1 pund smør, som syner at han har vore eigar av stort jordegods. Han var med å forsegla hyllingsfullmakta til utsendingane til kongehyllinga i Oslo i 1591 og brukte bokstavane T.I. Det står i Rogaland historie og ættesogelag sitt årshefte for 1964 at Tore Ivarson truleg var gift to gonger. Først med n.n. Eivindsdotter Askvik (faren Eivind Askvik var født etter 1522 og død før 1563). Etterpå med Ragnhild (Knutsdotter) frå Sedberg. Om han hadde barn med båe konene kan ikkje avgjerast. Det kan tyda på at Ragnhild var mor til dei fleste. (side 58). "Ragniltt Thimsslandt" står i odelsjordebok 1617 oppført under Fremre Sedberg der ho legg i landskyld 18 merker smør, leidang 2 kalvskinn. 8. april 1623 var det målstemne på Sedberg om arven etter den barnlause Ola Knutson Sedberg (svoger til Tore Ivarson og bror til andre kona hans, Ragnhild Knutsdotter). Eivind Toreson Nessa stemna Halldis Knutsdotter Sørbø (svigerinne til Tore og syster til Ragnhild Knutsdotter) med fullmakt frå brørne sine, Ivar Toreson Tjentland og Peder Toreson Kåda, samt Anders (Paulson) Furre og Bjørn Staurland og fleire på deira medarvingars vegne for fjerdingsgåve og tiendgåve som Halldis sin bror Salige Ola Sedberg gav sine brødre- og systerbarn før han døydde, og som Halldis nå ikkje vil halda. Først vitna Reiar Østigard at han var skyld Halldis, ho i 2. ledd til han og han i 3. ledd til henne. Eivind Nessa og Peder Kåda var tremenningar til Reiar Østigard. Reiar sa at han var nyttårsdag hos Ola Sedberg og høyrde han gav gåva etter odelsbolken. Johannes Svaberg hadde same slektstilhøve som Reiar til dei andre og hadde høyrt det same. Lars mele hadde òg same slektstilhøve og han høyrde Ola Sedberg 20. dag jul. Då sa Ola at dei berre var to søsken, Halldis og Ola, og om Halldis døydde før Ola, så skulle hennar barn være del i gåva, for arven falt då under Tysdalsbarna. Men dersom Ola døydde før Halldis, skulle barna til Halldis ikkje ha denne fjerdingsgåva. Eivind Nessa sa at Ola Sedberg døydde natta før kyndelsmessa. Rasmus Sørbø møtte for svigermor si og sa at gåva ikkje var gjort på lovleg vis. Saka vart vist til lagmannen. 3. desember 1623 var det fallt dom i saka, då stemna Anders Mortenson på Halldis Sørbø sine vegne, Eivind Nessa for kost etter Bottolfi Lagting 19. juni. Saka var tilbakevist til heimting. I 1624 ser det ut til at Halldis hadde godset, då står Rasmus Sørbø på vegne av vermor si med 2 pund 6 merker smør i Sedberg og ½ pund i Vadla. På same ting gjer Ommund Olson på Øvre Tysdal kjent at han pantset odelen sin på ½ pund smør for 6 riksdalar i Tysdal til herr Daniel på Hjeland. (Sjå også: Rogaland Historie- og ættesogelag 1964, side 54-74)

Tore gifta seg med Ingeborg? Eivindsdotter, dotter av Eivind Pederson og Ukjend, cirka 1550 i Jelsa kyrkje, Jelsa, Rogaland, NOR.

Barn av dette paret:

         i.  Peder Toreson vart fødd cirka 1550 i Tjentland, Årdal, Rogaland, NOR og døydde cirka 1623 i Kåda, Fister, Rogaland, NOR i ein alder av omkring 73 år. Peder gifta seg med Karen Toresdotter, dotter av Tore Sebjørnson og Marit Bergesdotter, cirka 1604 i Sjernarøy kyrkje, Sjernarøy, Rogaland, NOR. 

ii. Ola Toreson vart fødd cirka 1552 i Tjentland, Årdal, Rogaland, NOR og døydde cirka 1625 i Strand, Strand, Rogaland, NOR i ein alder av omkring 73 år. Ola gifta seg med Ingrid Larsdotter, dotter av Lars Knutson og Ingeborg Pålsdotter, cirka 1575 i Strand kyrkje, Strand, Rogaland, NOR.
iii. Eivind Toreson vart fødd i Tjentland, Årdal, Rogaland, NOR og døydde cirka 1639 i Nessa litle, Årdal, Rogaland, NOR. Eivind gifta seg med Ingeborg Svendsdotter, dotter av Svend Bjørnson og Eli Jonsdotter, cirka 1620 i Strand kyrkje, Strand, Rogaland, NOR.
iv. Ivar Toreson vart fødd cirka 1560 i Tjentland, Årdal, Rogaland, NOR og døydde cirka 1640 i Tjentland, Årdal, Rogaland, NOR i ein alder av omkring 80 år. Ivar gifta seg med Anna Jonsdotter, dotter av Jone Olson og Berta Tollaksdotter, cirka 1585 i Hjelmeland kyrkje, Hjelmeland, Rogaland, NOR. Ivar gifta seg deretter med Guri Ivarsdotter, dotter av Ivar Kristofferson og Ukjend, cirka 1620 i Strand kyrkje, Strand, Rogaland, NOR.

view all

Ingeborg Eivindsdatter Askvik's Timeline

1532
1532
Askvik, Jelsa, Norge, Rogaland
1560
1560
Tjentland Farm, Årdal Parish, Ryfylke, Norway
1563
1563
Age 31
Tjentland, Årdal, Rogaland