Matching family tree profiles for Jens Bastian Jensson Fauske
Immediate Family
-
father
-
brother
-
brother
-
brother
-
sister
-
brother
Om Jens Bastian Jensson Fauske (Norsk)
Gift med Hanna Johanne Andersdtr., flyttet til Ålesund i 1843 og vart handelsmann. [Gardssoga for Sykkylven, band I, side 66.]
Fauskestykket (Fauskegarden), bnr. 7. Ut frå bnr. 1 i 1872. Skyld: Frå 1872: 0-1-13, frå 1878: 0-1-9, frå 1886: 0,50 skm. (skyldmark), frå 1979: 0,30 skm.
Jens Bastian Jenssen Fauske, født 1810 i Sykkylven, død 1890, gift med Hanna (Anna) Andersdatter, født 1819 i Borgund, død 1891.
Fauske dreiv først handel i Eidsvik, er det sagt. Dette er vel noko tvilsamt, flytteattesten syner nemleg at Fauske kom til Ulvestad frå Borgund, saman med kona, i 1867. Han fekk dette året feste på "fire hustomter og et markestykke" av bnr. 1 [p%C3%A5 Gnr. 102 Ulvestad]. Alt året før hadde dei teke til å grave i tomta til nytt hus (sjøbua?), og der fann dei, nede i grunnen, restane av ein skipskjøl og litt til av den gamle skipreidebåten, fortel Peder Fylling. I 1866, tinglese 1867, fekk Fauske assuransekontrakt på våningshus og sjøbu. Våningshuset var om lag 12,5 meter langt og 9 meter breitt, og assuransesummen var 1500 dalar. Det var bakaromn og bryggjepanne i kjellaren, og "værelser" i 1. og 2. etasje, med sperreloft over. Sjøbua var på to etasjer, med same breidd, men 14-15 meter lang og assurert for 1000 dalar. I 1873 fekk Fauske skøyte på arealet, "sjøbu, to åttringsnausttomter, våningshus og et lite markestykke". Bak stod kjøpmann Magnusse, seinare kjøpmann Hagen. I 1878 vart handelsbua og området der selt til Ole Hove, og vart utskilt som bnr. 8, med same namn, Fauskestykket. Det som då var att, vart på same tid lovt til Lars Oppshaug, som seinare også fekk skøyte på det. Sjølv fekk Fauske og kona kjøpe eit stykke lenger oppe ved vegen, Fauskeminde, som var tenkt som ein slags aldersbustad. Alt tyder elles på at samarbeidet mellom Fauske og Hove var svært bra. Hove var ennå ungkar, og først langt seinare hadde han bruk for å få familiebustad for seg sjølv. Fauske og kona hadde ikkje barn. [Vatne Bygdebok, band II, side 278.]
Fauskeminde (Eliasgarden), bnr. 5. Ut frå bnr. 4 i 1887. Skyld: Frå 1887: 0,07 skm. (skyldmark), Frå 1979: 0,06 skm.
Hanna Fauske, født ca. 1819, død 1891, gift med Bastian Fauske, kjøpmann på Vatne, busett bnr. 7, Fauskegarden. Fauskeminde var sikkert tenkt som bustad for dei to gamle. Men båe døydde snart, slik at opphaldet på bruket vart kort. [Vatne Bygdebok, band II, side 271.]
Jens Bastian Jensson Fauske's Timeline
1811 |
September 1811
|
Fauske, Sykkylven, Møre og Romsdal, Norway
|
|
October 6, 1811
|
Sykkylven, Møre og Romsdal, Norway
|
||
1890 |
July 25, 1890
Age 78
|
Fauskeminde, Ulvestad, Vatne, Haram, Møre og Romsdal, Norway
|
|
July 30, 1890
Age 78
|
Vatne, Haram, Møre og Romsdal, Norway
|