Johan Andreasson Kalstad

Is your surname Kalstad?

Connect to 559 Kalstad profiles on Geni

Johan Andreasson Kalstad's Geni Profile

Share your family tree and photos with the people you know and love

  • Build your family tree online
  • Share photos and videos
  • Smart Matching™ technology
  • Free!

About Johan Andreasson Kalstad

KALSTAD

Gr.nr. 21, br.nr. 1, 4 og 5

Kalstad ligg ca. 1 km nord for kyrkja, inneklemt mellom Bergsbakkane og sjølve Vollagrenda, der Bjørgadalen munnar ut. Bekken Vigda går tett ved husa, likeså den gamle allmannvegen over Løkkenskogen, Ved innkjørsla til gardstunet står ein høg stein på skap som ein bauta, straks ved ligg ein mindre med namnet "hunden". Det er ein gammel løftarstein på ca. 200 kg. Grindvollkallen var styggelig sterk og hadde for vane å løfte denne steinen når han gjekk til kyrkja, og det gjorde han jamt. Ein gong hadde dei smurt råtjøre på undersida, og da kallen tok i, glatt taket. Han vart arg og tok i tilgangs, og steinen kom høgere enn nokongong før, enda han hadde votter på. Her er også funne sverd frå yngre jarnalder. Like ovanføre husa ligg ei rund høgd med namnet Tærshaugen og innhegninga Kalvhagen. Segna fortel at husmannen Halvor Djupa (han er også i slektstreet til Røttereng-slekta. Kari-Elin) først på 1700-tallet fann ei likkiste av kopar her, men da han venta ei tid etter at han hadde kunngjort funnet, før han skulle hente ho ned, var ho bortkomen. I smia på Kalstad skal spiret på Meldalskyrkja vera gjort.

Matrikuleringa 1723 fortel at garden hadde ein husmann, ei lita sæter, ei kvern og 1/10 part i laksefisketie. Åkerjorda i sollia, "sen undergiven, temmelig kornviss, vaadlendt, lidet eng hjemlig, bedre i marken. Letvunden, men årlig bekkebrudd undergiven, som løber over baade ager og eng. Behøver noget avtag ( - 12 mrkl ). Utsæd 9 t. halvbygg. Høeavling 70 læs"

Bekken Vigda og elva har fleire gonger gjort innhogg i åker- og englandet. Såleis i 1728 da dei årleg hausta 70 lass høy, tok bekken 20 sommerlass og storelva 9. I 1740 var det atter syns- og granskningsforretning på garden. Garden sitt beste eng var brote ut i "længden 291 Favner og i Bredden 30 favner, hvor nu rinder den stride Elv og aldrig mere staar til at forbedres igjen". Eit avlingstap på 23 lass årleg. Så kom "Ofsin" i 1789 og braut ut eng som svara til 120 lass høy, ifl. takst av 23. oktober s.å. Det var da serleg Engan og Sandteiggrava det gjekk utover. Vinterfødinga på garden var føre flaumskaden 2 hestar, 12 storfe og 10 småfe. Utsæd 9 t. korn. Etterpå rekna dei med berre 1 hest, 6 kyr og 6 småfe "der det for det meste må næres af Halm". Utsæd 7 1/2 t.

Jordtaksteringa 1802 slo fast at garden var god til høy- og kornavling, men ingen skog. Oppsitteren sat godt i det. Ved matrikuleringa 1864 var dyrkajordarealet kome opp i 85 da. Av naturleg england 15 og frauhøy 5 sommarlass. I utslåtter 30 vinterlass. Frådrag for elvebrot og oversvømming, mangel på brendeved og gjerdefang. I 1858 vart utmarka skift. Det vart Heimmarksteigen i Bukkbuliene på søraustsida av allmannvegen ved Koltjønna, Osplihaugen og Sigridfallet. Vidare på andre sida av vegen: Æresstuggulia og Vigdalslotten fram på Bjørga. Sætermarkteigen går utover mot Frilsjøen. Der var sætra som var ibruk fram til 1944. Her er Nonshaugen, Nonshaugdalen og Gunnargruva. Av eng var det Kalstadslåtta nede på Midtskog og Moaslette som fikk navnet fordi Bergsmohusmannen slo der. Garden var med i den store utskiftinga av dyrkajorda for Vollagrenda i 1879/82 og fekk stykke på Engan, Vigdlotten og Sandteigen utanføre riksvegen, dertil Lia, Tærshaugen og Bjerjabakkane. Ved jordmålinga 1937 var det 110 da. dyrka jord.

Husa er bygde med eit trongt gardstun, stuggu truleg frå 1650-åra, og her var gjestgivar- og lensmannsgard, posthus og tingstad. Den noverande bestestuggu var tingsal. Her var ordna med ei ekatra dør, så øverheit og almuge fekk kvar sin inngang. For enden av kårstuggu stod ein stor ferdastall. Husa er ombygde og vølt ned gjennom tida. På veggklokka står E.A.S.K. 1817, og på grøtsteinaneskinnane: E.A.S.K. 1821. Nyfjøset vart bygd i 1888. Ferdastallen vart da nedriven, og låven avkutta noko.På ein av låvestokkane sto årstalet 1621. I 1898 vart fjøset påbygd og utvida. Grønlia (gr.nr. 59/1) har vore bruka til avlgard ifrå 1736. På dei tider kjøpte lensmannen også Stolsmoen, men leiglendingen klaga på overdraginga da han meinte å ha rett på første tilbodet, og handelen gjekk oppatt. Det var Maren Sal. lagmann Schøller som var bygselrådig her i leiglendingstida.

Ole Kalstad, f. omkring 1600 er den første leiglendingen ein finn nemnt. Sigrid, f. 1602, som vart 89 år gammal, var helst kona hans. Kvegskatten i 1657 var 1 rigsd. Endre Olsson, f. 1627, var son til førstnemde. han var bygselsmann i 1664. Frå 1678 må det ha vore to leiglendinger på garden, for da er også nemnt Bersven Andersson. Han døydde 1689 og let etter seg enkja Mildri Olsdt. (syster til Endre?) og borna: Brønil, Guru og Brit. "gaardens første beboer, jeg har hørt omtalt, var en drikfeldig mand, hed Bersven, som i Kalstad tilbyttet seg Ramlo i Rennebu av en Andreas Frank der blev lensmand i Meldal", skreiv Lars Gammallykkja omkr. 1830. Kor mykje som ligg i dette, veit ein ikkje. At Andreas kom hit er klårt, men Bersven døydde på Kalstad, og det høver ikkje med segna. Seinare er nemd leiglendingen Mads Kalstad som i 1693 vart gift med Sigrid Hansdt. Kalstad. Ingen av disse er med i folketellinga 1701, men derimot Ole Endresson. f. 1675, g.m. Marit Arnsdt. Heli 1688, og dei må det ha vore som har gjeve bygsla frå seg til Andreas Frank, - stamfaren for den noverande slekt på garden. Landskylda var på 1 spd. 2 øre

view all

Johan Andreasson Kalstad's Timeline

1701
1701
Meldal, Sør-Trøndelag, Norway
1735
1735
Meldal, Sør-Trøndelag, Norway
1736
1736
Meldal, Sør-Trøndelag, Norway
1740
1740
Kvikne, Tynset, Hedmark, Norway
1743
1743
Meldal, Sør-Trøndelag, Norway
1744
1744
Kvikne, Tynset, Hedmark, Norway
1751
1751
1774
1774
Age 73
Meldal, Sør-Trøndelag, Norway