Johannes Guttormsson Sollid

Is your surname Sollid?

Connect to 678 Sollid profiles on Geni

Johannes Guttormsson Sollid's Geni Profile

Share your family tree and photos with the people you know and love

  • Build your family tree online
  • Share photos and videos
  • Smart Matching™ technology
  • Free!

About Johannes Guttormsson Sollid

-0.1-

Sollid – karene.

Av Johans Sollid

Det var tvo gutar på Skare, Johans og Svein. Johans var fødd i 1866, og Svein tvo år etter, 15. Januar 1868. Far deires, Guttorm, høyrde til ei gamal Morgedalsætt, som hadde sete på Skare i hundreår. Mor deires, Åse, var komi frå Omtveit i Brunkeberg, dotter til Svein Omtveit. Han var litt av ein kjempekar, denni Svein'n, og ein mann med godt hovud. Gutane er fødde og vaks upp på Skare, men då faren var ut i åri komen, flutte han til Sollid, ein mindre eigedom som høyrde til Skare. Derifrå hev gutane navnet sitt.

Då dei var små var dei ute i skibakken til kvor dag. Rundt ikring Skare og Sollid er nok av bakkar og ufsir. Det var bare å binde på seg ski utmed stoguveggen og sleppe seg til nedetter bakkane, so blei det råd å koma uppifrå. Ei røys, ei rein hell ei ufs låg alltid so til at det gjekk an å snerte bortpå og so blei det ei luftreise på nokle meter, eit stempla nedslag i lause snjoen og ein sving so snjospruten stod lengst nede mot allmannvegen. Rett som det var kom Kallåkgutane heimom. Det var helst Olav, Sveinung og Halvor. Dei var syskinbon med Sollid gutane og gode bussar. Då blei det kapphopping so det mona, til Skarsbakkane var hardløypte som ein tuntrandel,

Skulestogo låg nedom Skare, tett med allmannvegen. Ned bakkane dit hadde dei ei mokalåm som dei løypte i kvar morgon, og i kalde, frostklåre morgotimar gjekk det so det rann or augo. Ein kveld hadde Johans og ein annen gut som heitte Hans Refsstaul, han var au litt av ein løypar og ein heluve til å laga kneikar og holur i denne mokalåmi. Om nåtti blei det veris og om morgon hadde det skorpa seg i låmi og ikring so det var seroms fljott. Svein, som var liten då, kjende ikkje dessi kneikene. Han sula i veg som vanleg på ski sine ned til skulen etter mokalåmi og farten auka etterkvart på den fljote skorpa. Fyrste kneiken greide han, og andre au, sovidt, men då han kom til den tridje som var ein av dei verste, skar eine skiet ut og han gjekk hovudstup i skaresnjoen. Det svidde som eiter då han grov seg upp att, det draup raude blodet frå nasatipp og kinnbein og heile talskive var hudrosa og sår. Han stod der og sutra og gret litegrand, men so turka han tårir og blod, knytte nevene og lova vondt. Han skjøna nok at det hadde vore skarvar på ferde. Det var ein av dei fyrste motgangane honoms som skiløyper, men ei prøve truleg som herda han til den urædde og djerve løyparen han blei.

Johans var betre på ski dei fyrste skuleåri, men då det leid på drog Svein framom. Fyrste gongen eg skjønna at Svein strauk forbi meg, løypte me pa nokle ufsir sunnafor Sollid. Eg løypte fyri på ufs etter ufs og Svein etter. Det varde og rakk og ufsine blei høgre og høgre. Men det var ei stygg høg ufs med ein stor stein uppå. Eg gjekk framom, fortel Johans, og tenkte at ingen kunde løype der. Nei, men her må me hoppe, sa Svein då, krabba upp, laga hopp på steinen, tok renne og let det stande til.

‑2‑

Han drog ski dugeleg oppunder seg i tilspranget og heilt upp, fugleflaug gjennom lufte, kom ned langt nedom ufsi og stod som ein brodd. Det var heiltupp eit kaldsleg hopp. Eg kunde for skams skuld ikkje anna hell prøve gjera det etter, men eg rulla som ein sekk. Då skjønne eg at Svein var meg for hål, og seinare greidde eg han aller.

I dei seinaste skuleåri var Svein basen millom skulegutane, Knut Loupedalen som var lærer i Utbygdi då, heldt jamleg premieløype for skuleungane og han rettleidde dei og fekk dei til å stande fint med skii tett i hop og god kroppsføring, Svein minnest at han på eit skuleløype i Hegnibakken fekk ein ekstrapremie av Knut for finaste låmi. Knut såg då etter både korleis dei stod og korleis sjave låmi i lause sjoen såg ut.

.Av eit Morgedalsbrev frå 1881 som alt talar for Knut Loupedalen hev skrive og som stend i "Fedraheim" på den tid, syner det seg at han la stor vikt på at smågutane fekk høve til å løype og kappast på ski. Brevet syner vidare at Svein Sollid alt då var fyrst på premielisten. Det bli teke med her

Morgedal. ' (Brev). Torsdagen 3de februar hadde smågutane her i krinsen eit lite skirenn på Haugji. Some av dei hadde so plent agta seg til Kristiania på skirennet der, men so fekk dei den bodi, at der turvte ikkje smågutar melde seg, og so laut dei sita heime, endå det fall nok heller tungt, Skjiklubben meinar det nok vel med smågutane, når han negtar dei vera med, han vil ikkje lata dei til med dei er unge, mjå lemir kunne take skade. Men eg fæler klubben er litt på villstrå, når han meiner han hjelper skjiidrotten her i landet best fram ved slike vaksenmanns renn som han no hev bejynda med Dei er nok ikkje utan verd slike øvingar hell, langt ifrå, men skal skjiløyping fremjast, so det bli noko til munars, so tenkjer eg gutane lyt henta fram veterhestane sine litt fyri dei er i 17- års alderen. Inkje hell trur eg det er so mykje mindre farlegt fyre bein og bonur i den meir tilkomne alderen. Skal det noko vera, so kanskje me snarare vil hava set småguten bergje seg igjenom på låmir og løype seg bort i reinar og røysar og haugar og haddir og andre farlege stader, der den vaksne mang ei Herrens gong hev fare sine verste rusuferdur. Nei, ein fær fjera svingjen i barneåri, heiter det, seinare vert det ingen. Den vesle kan mykje lida, den vaksne vil alltid kvide. Men skjiskule, skjirenn fyr berre vaksne. Ingjen mors sjæl kan utav slike "ubekvemme materier" vente seg anna enn mjøltråvarar og vanlege skjusmerrir. Ikkje kjenner me i Telemarkji nokon regtig god skjiløypar, utan han hev øft seg i konsti frå bån av.

Smågutane våre fekk då som sagt halde seg til sine eigne bakkar og eigne premier, Men var premiane små, so skal ingjen segja bakkana var det. Veret var regtignok noko tykt, og føret hell ikkje av det alle fljotaste, so dei hoppa ikkje so langt som dei kanskje ellest­kunde hava gjort, det var so millom 15 a 25 alner, trur eg, men av gutar i 10 til 14 årsalderen kann ein ikkje so mykje meir vente. Må dei alle med heils, vil det nok med tidi syne seg, dei ikkje er stolne utor ætti.

3

Av gutane som var ivi 12 år, var dessi dei beste: Svein G. Sollid, Hallvard Bj. Brekke, Hallvard T. Hemmestveit, Olav A. Bergland, Kjetil H. Hauganne, Olav Bj. Brekke, Hallvard 0. Gjersund, Olav S. Bygland, Åsmund S. Norheim, Olav Sv. Runningane og Steinar H. Bakkjen. Mange av bygdis unge, spræke gjentur hadde sama dagjen møtt fram på sine skji, og det var bisneleg kor utifrå godt dei greidde deg i den hengjande bratte slalåmi. Med det skal mange stader vera liksom ein skam fyr kvinfolkje å syne seg på skji, sjølv om so konsti fyr dei i tusen tilfelle er likeso naudturvelege som for karane. At då Kristianiadamur og Kjøpenhavnerinnur skulle i dette stykkje måtte gange Telegjentune fyre med eksempel.

11/2 -81. Johans Sollid strauk på lærarskulen i Kviteseid 1883, gjekk der ihop med Olav Bergland. Dei var på premiløype i Syftestadbakken og Johans var millom dei fremste på skider.

Svein, derimot, ble heime. Han dreiv med gardsarbeid og snikkararbeid, blei ein stor sterk gut, som i ryggtak og halling var betre hell dei fleste. Seig og sinaberr var han, høg breibringa og mannsleg. Fjorten år gamal var han på eit løype på Ofte, Han løypte heile dagen der uppe og var so trøytt då han kom heim om kvelden at han gret seg i svevn.

Det er vel 1-1/2 mil frå Utbygdi til Ofte.

I 15-16 års alderen var han i Vinje, ihop med Hemmestveitgutane, hjå Aslak Høgetveit i snikkarlære, kom sea i timmermannslære og blei ein dugans timmermann. Det er mest ikkje tal på alle dei husi han hev sett upp i Morgedal, og bygdane ikring, og om vetrane hev skiarbeidet vore det vissaste attåt gardsarbeidet, Helles kan han gjera kva det skal vara, når det gjeld praktisk arbeid. Han hev vore ein slitar som hev hange i frå morgon til kveld. Kvild hev han mest ikkje unt seg. Likevel er han med på ski når det so høvde, gjekk beint ut av arbeidet og på langrennslåmi, og hoppet , mange gode premiar tok han og kjend blei han.

I 1888 var han i Huseby ihop med Torjus og Halvor Hemmestveit. Han sprang godt, det blei jamvel dikta ei vise om honom, som han nå bare minnest ei strofe av: " ~ledig og lett og forsvandt som en skygge". Han fekk 4.pr. då, ei lommeklokke. - Det var godt føre då me sprang, fortel Svein og var so lett den dagen, det gjekk som ein dans bortetter, og eg var kje det grand trøytt då eg kom inn att, endå låmi var heile 25 km. Men eg lika ikkje Husebybakken. Det var vrie nok å stande eit 20 meters hopp der, for bakken var altfor stutt etter det høge hoppet.

Etter Husebyrennet 1888 tok Svein det med ro nokle år. Han var med heime på bygdeløypi, men hadde kje vidare hug på Kastelbakken meir.

4

Men då Holmenkollen var ferdig, melde han seg til fyrste rennet der, han og fire andre morgedølar, Olav Bergland, brørne Halvor og Sveinung Bjørnson  Olav Bjåland, Olav bare i hoppklassa. Dessuten Eivind Jensen fra Kviteseid og fire Oddkarar. Av morgedølane hadde Olav Bergland fenge 5.pr. i Huseby i 86, Svein Sollid 4. pr. i 88. Men det hadde gjenge år sea og dei visste at bygutane nå ikkje var å spøkje med. Men dei la iveg med godt mot, Johans Sollid var med på denni turen og han fortel:

Eg var ikkje innmeld, og hadde ikkje tanke om å reise, men sunndagen fyr dei skulle reise, kom nokle av karane ivi til Dalane, der eg heldt skule og tok til å freiste på meg at eg skulde bli ned. Eg budde på øvre Dalen, og der var det just krinsmøte denni sunndagen. Dei lokka meg og snakka og hugen til å vera med auka. Men eg er kje innmeld. Det gjer ikkje noko, du veit å du fær melde deg inn når du kjem fram, nøyare på det er dei nå ikkje. Ja, ja, det kunde vera moro å prøve seg i Holmenkollen. Eit par regtig gode furski hadde eg og dagane fyri hadde eg gjort eit meistarhopp ute med Bjønnflatin, tykte eg, so det kunde tenkjast eg kunde gjera eit varp inne i Kollen.

Krinsmøte gav meg lov til å skofte skulen i 8 dagar og so blei det avgjort, eg skulde bli med. Onsdagen starta me frå Brunkeberg i 12-tidi- og akta kon til Gvarv om kvelden. Det skulde vera langrenn i Oslo, og ingen av kon var trena, difor skulde turen til Gvarv tene som ein treningstur. Det var filleføre, blaut og seigt, so det blei til at me rusla innom Sandsdalen i Siljord og kaupte kaffe, åt av nista og kvilde ei god beite. Drog so iveg att ut Seljordstråndi, men filleføre heldt på, det var bare sovidt skii seig ned dei bratte Telarsbakkane. Komne forbi Ulvneset, ivi Hakadrag og uttetter mot Bø, klårna det upp og kalna, og føret tok til å bli bra. Detti friska på humøret og so tok treningi til for ålvor med den eine spurten kvassare hell den andre, utetter dei lange, flate mogane gjennom Bø,

Straks på kvelden var me på Gvarv og fekk hus for nåtti på Sjøbua. Ete og stelt kon var me friske fantar att so eg meinte det skulde gjenge med lettvinda til Skien om kvelden.

Torsdagsmorgon tok me båten til Skien og derifrå med toget til Oslo. Vel me på Gvarv hadde kome ombord på Nordsjøbåten, trefte me Klas Eika frå Bø, han kjende me og med honom blei me ihop til Skien.

Komne eit stykke ut på Nordsjø spandera Klas Eika øl, og med me kring bordet sat og rødde om løyping og turen me var på til Holmenkollen, sa Klas til Svein: Vil du på von og vågan ha 50 kronur for premien du vinn? Svein drog so til og kom ikkje til å svara noko, sat der og eva seg og visste ikkje kva han skulde hell vilde svara. Du skal få min, du skal få min til den pris, så me andre, men det var som han ikkje rektig vilde høyre til den kanten me sat, hadde vel ikkje so stor tru på kon då, ventelegvis.

5

‑Vil du hava 25 kronur for halve premien då, sa Klas att. Svein sat bare og flirde og svara kje noko visst då hell. Me tok til å telje til den eine etter den andre, at han burde taka handelen for 25 kronur var mange pening i dei dagar. Ja, so blei det til det då at han tok bodet, Klas betalte 25 kronur og Svein stakk penningane i lomma og tenkte

Ein fugl i håndi er bet hell 10 på taket.

Me tok toget frå Skien og var i Oslo om kvelden. So snart me hadde fenge kon losi, strauk eg til styret for løypet, vilde få melde meg. Men det let seg ikkje gjera, for alt var ordna, programmet trykt og var ikkje plass for nokon nykomar. Detti tok eg for å vera snakk og mindre god vilje frå styret, men seinere hev eg kome til det, at det i slike høve ikkje er so liketil å forandre noko i det ferduge programmet.

Dagen etter fekk eg vite at nokle av dei innmelde ikkje kom, og så gjekk eg upp til styret att og bad om å få plassen og nummeret til ein av dei, men nei, det hell kunde ikkje lata seg gjera, var svaret. Då eg kom tilbakars til kameratane, sa eg: Å nei, det nyttar nok ikkje, dei hev ein skrekk i seg for Telemarkingane, ser det ut til.

Nå ja, det var visst ikkje noko gjera med det, og mang ein gong seinare hev eg sagt til meg sjølv, Du var visst lykka skyld som ikkje fekk med i rennet. for det blei eit føre som likna ingen ting, då dei om laurdagen gjekk langrennet. Og utrena som eg var, er det ikkje godt å vita kor godt eg kunde ha av slik ein tur.

Nå var det tri av kon som ikkje skulde ganga langrenn, og me blei då sette til å vera ærendsveinar for dei tri storløyparane me var i fylgje med. Fredagen skulde dei liva på diæt og kvile godt ut til dei skulde i elden laurdag. Me blei sende ut i byen for å finne ting å styrkje seg på til næste dag maltekstrakt, havrekjeks og egg og eit og anna som me trudde kunde seta mot og merg i karene. Ja det gjekk bra, dovne var dei, låg og rette seg inne på rommet og åt det dei var gode til å få i seg, skal vera visst.

Ein skiløyper i dei dagar slapp og arme seg ut med klistring og miksing og smørjing og andre kunstir som dei nå må drive med ski sine, Me fekk tinge ein vognmann som skulde køyre karane til Holmenkollen om laurdagen, dei skulde ikkje arme seg ut med å gange dit upp, men møte som karar, moda og sterke og godt utkvilde. Morgonen kom og vognmannen, karane sette seg i sleden og til niste hadde dei eit tjug hardkokte egg som dei vilde maule i seg på turen upp til Kollen,

Men den diet "bekom dem ilde" Magen min låg som ein stein under bringa ivi halve løypa, sa Svein då han kom inn att,

6

Det var skodde og grått nede i byen om morgonen, men då me kom upp i var det so mildt i veret at det draup av skogen som nysnjoen var i. Kring peisestova var det travelt ute og inne. Karane fekk nummeri sine og såg etter skibandi, vitsa og lædde og meinte dei skulde syne at ennå var ikkje alle morgedølar daude.

Olav Bergland var nr, 32, Svein Sollid nr. 40, og Halvor Brekke nr. 42, Karane stelte seg upp til start og med 1 minutts millomrom drog dei iveg. Løypa gjekk ut frå peisestova og nord-aust innivi skogåsen, ned Sørkedalen, ut den og so skulde dei koma uppatt skogliane sudom Frognersæteren. Olav Bergland, tettvaksen og sterk, kanskje litt for tung, lagga iveg. Nå fær du taka i, var helsingi han fekk med frå kon. Sea Svein Sollid, senaberr og turrlagt. Tvo nummer etter, Halvor Brekke, staut og stor med kjempekrefter, kanskje litt for tung, men han sende iveg bort ivi lii, og kvarv i den våte skogkanten.

Me stod på startplassen til alle var farne, gjekk me so løypa sud forbi Frognersæteren og inn ivi skogen for å møte karane når dei kom tilbakars. Me såg ikkje etter andre hell dei tri morgedølane, rødde bare um dei og gav sytten i alle andre.

Som me hadde kome eit stykke inn i skogen fekk me ein vond kvekk, der kjem nr 8, Nils Kamphaug, so det susa, like frisk og spretten som ei fjær i løypa. Han sende forbi og kvarv bort i svingen. Den du, bli kje god klå seg på. Han var langt fyri nokon av dei andre. Me gjekk vidare og rødde om karene kons. Olav Bergland var nå den me venta å sjå i kvor ny løypar med møtte. 8 - 9 stykke hadde fare framom kon nå, men ingen Olav. Sjå 10, 11,12,13, men Olav då, kor bli det av deg? Nå var me komne langt sud i skogen og stod der på ein bakke og såg løypa langt ned gjenom lidi. Den eine etter den andre kom strevans uppivi bakken, some utmødde og bleike som bast, andre såg ut til å vera like gode. Some stansa og spurde etter eit og anna, andre hadde ikkje stundir til det, men drog framom kon med krum hals og kampspende sinar. 14, 15 ingen Olav Bergland. Nei, hoss vil detti gange? Der kom den sekstende, men det var hell ikkje nr. "32". Modet sakk og me stod der og sturde. Men der-- kva ser med nede i glipen? Jau so sandeleg, er det kje nr. 40. Svein kjem smettans upp av skogholti og drog på uppetter mot kon. At me skreik hurra tar eg kje fortelje, fann fram og stod ferduge med apelsinur og sjokolade og kva det nå kunde vera, men han vilde ingen ting hava, drog vidare, innbiten, bleik, kald. Nå lika me kon, han hadde gjenge forbi 23 stykke. Detti såg ut til å bli noko av kvart. Ein stund til stod me der, venta på å få fylgje med Olav og Halvor inn, men ingen av dei kom. Ein etter ein kom, men ingen morgedøl. Men kva er det? Nede i glipen smett 52 ut av skogen og kjem langans uppetter. Det kvakk i kon, det var kje so lenge sea Svein hadde fare. Kven var detti, upp med programmet. Ja, so sandeleg var det Jonas Holmen fra Bærum, han som hadde vore fyrstemann i fjor. Det såg spjokeleg ut. Me gav han eit hurra då han sula forbi, men ein stygg agg sat og lura, Skulle han verkelege...........

7

Ennå eit bil venta me på Olav og Halvor, men spanningi blei for sterk, me laut inn å sjå kven som hadde blive den beste, Jonas Holmen hell Svein Sollid. Ein av dei måtte det bli, sopass hadde me fylgt med. På startplassen fekk me vita at Svein hadde blive bestemann og om ei liti stund fann me han inne i peisestova. Han var i full orden, men hadde gnagsår på alle tærne.

Dei tunne tæsune hadde vore for mjuke I detti slafseføret. Du kan vera glad du ikkje blei med, sa han til meg, det var eit skrekkjeleg klent føre utigjennom Sørkedalen, skii stokklabba so me måtte banke klabbane av for annakvart stiget Om ei stund kom Halvor og Olav au, og so bar det nedetter til byen att,

On me var i stemning og nøgde med dagen? Og då Svein hadde fenge reiva og stelt tærne, kunde han tala med skjemt om sine sår og jamvel Olav og Halvor tina upp og kunde læ og vitse om klabb og filletider. Olav tok sats med kraftige ord og meinte på det at dei i morgo i hoppet skulle sjå ein som klara sprøyten dei hadde laga i kollen uppom Besserudtjørni.

Ernst Bjerkenes fortalde i 1928 i "Aftenposten" eit minne han hadde om Svein Sollid i langrennet:

«Kongepokalen i det første Holmenkollrenn. Jeg så navnet i Aftenposten i går, og med det samme stod billedet av den vakre telemarksgutt for mig, han som med sin skiløperferdigthet har imponert meg mer enn nogen annen helt fra Mikkel og Torjus Hemmestveits dager til Thorleif Haug og Johan Grøttumsbråten.

Jeg så ham kun i nogen flyktige sekunder, og dog har det han presterte i disse sekunder for snart 40 år siden, brent sig inn i min erindring, sa jeg ser det for mig som det var igår.

Det var i Frøenvollkleven. Nu smiler vel nutidens storløpere, Frøensvollkleven, er det noget å snakke om. Nå, det er mange år siden jeg passerte den kleven, så jeg har ikke sett, hvad våre skiløpere nu kan prestere av terrengløp. Forhåpentlig er bakken skrumpet inn like så raskt som hopplengdene er vokset og skiløperferdigheten øket, så de nu klarer kleven like overlegent som Svein Sollid gjorde,

Det var blitt nokså glissent med telemarkingenes deltakelse i de siste Husebyrenn. Bæringene og våre bygutter hadde ved ihærdige øvelser og trening kommet sig godt op på siden av dem. Det var ikke så lettvindt lenger å ta sig en markens tur til Kristiania og samtidig sope med sig hjem de første premier i Husebyrennet, Vår gutter hadde jo også med hell konkurrert med telemarkingene i deres egen hjembygd.

8

Nu hadde atter en telemarking meldt sig til det første Holmenkollrenn. Jeg hadde tatt plass ved foten av Frøenskleven for å se hvad våre skiløpere kunde prestere av terrengløp efter den voldsomme anstrengelsen som et 17 - 18 km langrenn er,

Det var et sørgelig syn. Bakken var hårdtråkket og tilfrosset, full av hauger og daler og dype groper, Der fants ikke feste å få for skiene, En rutsjebane av verste slaget. jeg tror ikke man nu våger å by våre lengdeløpere den slags løyper.

Nu begynte skiløperne å komme, trette og slitne etter løpet, og utmast efter den siste opstigning, og så skulde de hovedkulls utover dette helvede av en bakke. Det var ikke en som klarte dem på skikkelig vis, De som forsøkte å stå, blev slengt overende som om de ikke skulle eie kraft i benene og kom trillende kast i kast nedover. De få som klarte bakken uten å falle kom skrevende og bræmsende og ridende på stavene på den ynkeligste måte, men mange, jeg tror næsten de fleste, overgav sig helt og tok det naturlige bræmseapparat til hjelp, og akte på sin ende hele kleiven ned.

Midt i all denne elendighet, prestert av våre beste skiløpere, kommer så Svein Sollid som et lyn fra klar himmel. Med et himmelhøit hopp fra den øverste kneik suser han nedover bakken. Kuler og kneiker, groper og fandenskap generer han ikke. Han har ikke feste for skiene, han kan ikke styre dem mere enn de andre, men han lar det stå til. Han hopper og spretter, så han er like meget i luften som på bakken. Dit skiene fører han, er han med, sikker og stø med sluttede ben og en holdning som under et hopprenn.

Det var et syn som fikk hjertet til å stå stille. Kan han virkelig klare det? Jo, han klarte det og svingte ut over myren med en fart, så snespruten stod om ørene på tilskuerne i svingen, og vekk var han.

Man trakk uvilkårlig et lettelsens sukk.

Det var en opplevelse."

Svein hadde askeski den gongen som han sjav hadde gjort, men han hadde ikkje sett rendar under. Etter langrennet om laurdagen såg Edvard Lillehagen på ski honoms. Lillehagen var ikkje med då, han hadde lagt upp. Men han tok skii av Svein med seg og pussa dei og sette styringsrendar under, og det hjelpte meg godt i den harde tilisa Holmenkollbakken dagen etter, seier Svein. Dei rulla fælt i kollen den dagen, fleire slo seg so blodet rann. Av 114 løyparar var det bare 12- 13 som stod båe hoppi. Det hadde vore tøyver og slafseføre dagen fyri, om laurdagen, men frose på om nåtti, so bakken var hard og isa og tung, og vrien å greide. Edvard Lillehagen opna rennet med eit fint hopp, han gjorde ein flott sving på tjønni og helsa med luva. Johans Sollid hadde fylgje med Aslak Bergland, bror av Olav, upp i bakken dagen etter---.

9

Der kjem Olav Bergland, tett og stø, men au han vinglar litt i lufti, og der laut han i bakken, Og dei andre som han, Nr, 40, Svein Sollid, blei ropa upp. Spaningi hjå kon var stor. Og jammen greidde han seg og svinga lett og fint nede på tjønni, Andre hoppet var ikkje fallprocenten fullt so stor, Alle morgedølane greidde hoppet denne venda og glade var me for nå spøkte det for at Svein kanhende var basen. Vel nøgde og i godt humør drog me ned til byen att. Og eg må vel leggje til at på premieutdelingen om kvelden gret ikkje me morgedølane. Den fyrste kongepokalen i Holmenkollen hadde havna Morgedal.

Men Axel Huitfeldt var helst i suraste laget i "Norsk Idrætsblad" dagane etter, dåvisst for Osloløyparane.

Vi lærte i gamle dager af telemarkingerne. Vi tog etter, og efter nogle års forløb mestrede vi dem i hopp. Så blev telemarkingerne rent borte i nogle år, og hvad fikk vi se igjen nu, da vi var så lykkelige at få telemarkingerne igjen og spesielt en sådan hopper som Sollid. Jo, at våre skiløbere fra det smalsporede system, som er grundpillen for den telemarkske maner, var gået tilbage til det gamle skrevbente, bredsporede system og hæslige holdning.-------­

Se på telemarkingene, se hvor ræd han er for at forrykke skiernes stilling i luften. Skal han rette på sin feil balance, så skjer det ikke ved at sprelle i veiret med benene som en leamand, der er ikke noget fodfæste at få der, og se hvor behersket han faller, Dette er en kunst som er ligeså stor som den at stå, og som nettop viser herredømme, han har over sin kropp og sine ski, selv under de voldsomste luftsprang. Og al denne forandring har vi fået, fordi det er blevet moderne, den eneste tilladelige mode at "trekke opp".

De lærte det af Sveinung Svalestuen det optrækkeri, men har glemt hvordan han gjorde det. Glemt er Mikkel og Torjus Hemmestveits elegante og beherskede stilling og sprang, neppe en eneste verdig representant fandtes for denne stil, som dog er den vi har at takke for de fremskridt skiløbningen har taget hos oss, og som vi nøie skulle hegnet og værget om som vor øiensten.

Det var høgtid og fest etterpå. Telene var gjester i Telelaget og Svein måtte frampå og danse halling Men han gleid litt då han skulle spenne og kom so gale til at han kom ned att på eine kneet og slo seg so han blei både gul og grøn. Han hadde vondt av detti lenge. Likevel for han om Bøherad på heimvegen, var med i løypet på Torstveitreinane, braut av skiet sitt i andre hoppet, men stod likevel og tok l.pr. Ski til å hoppe om ekstrapremien hadde han ikkje, so den fekk Olav Bergland. Halvor Bjørnson fekk au premie og hoppa godt der. Det var då Halvor Borgja ropa til han: Du er ingen klokkar i skibakken du Halvor. Halvor Bjørnson var klokkar i Brunkeberg, Og den titelen hev det aller vore nokon. stas med. Morgedølane viste seg som rene helter på ski. Intet under at de blev bestemænd i Kristiania, Det var på hjemveien de besøkte os, skriv "Varden" etter detti skirennet.

10

Sama året var Svein i Raudkleiv i Seljord og løypte. Domarane fann at han og Lavrantz Rui løypte like godt og so skulde dei drage strå om 1. og 2. premien. Nei sa Svein me løyper om att, Dei gjorde det, Svein hoppa lenger og fekk 1 pr. der au.

So høyrer me ikkje gjete Svein større fyrr i 1894 att. Gunnar Mandt hadde kome til Morgedal då fenge skipa uppatt skilaget og ein tropp på tri- fire mann var sende til Holmenkollen, for å tevle um ein lagspremle for beste trimannslagét i langrenn Premien, ein stor punsjbolle, gjekk til Morgedal ved Svein Sollid, Olav Bjåland og Åsmund Hemmestveit.

Svein blei nummer tri i si klasse i langrennet. Eg var so bakfljot den gongi, seier Svein, hadde smurt skii mine med trådvoks og slapp mest ikkje upp bakkane. Og i hoppet gjekk det au gale. Fyrste hoppet mitt var bra, so ein sa det til meg at eg stod til kongepremien, men andre hoppet rulla og og fekk då ikkje meir hell 6. pr. Det var heilt upp tregalegt, eg sleit so i langrennet den gongen, seier Svein, og smiler lognt som laget hans er.

I 1895 fekk han ein 1. pr. i Lunde og 2. pr. på Åmdals verk, og so kjem me fram til 1897 som både er sett til ære og vannære for Svein Sollid. Det var då han gjorde meisterhoppet sitt i Donstadkleivi på 31,5 m. Det lengste hoppet i landet til den tid, men det var au det året Svein Sollid gav Oslo bladi den store gleda å skrive etter Holmenkollrennet "at Svein Sollid faldt begge gange så det skranglet i Holmenkollen". Det einaste gode som bli sagt om Svein Sollid det året er å finne i årboki av Centralforeningen. Det stend der i kritikken etter langrennet at "---Især løb Svein Sollid og Olav Bjåland ualminnelig vakkert".

Dette blei seinste året Svein Sollid var med i Holmenkollen. Han fekk ikkje premi den gongen, og største grunnen til det fortel Mandt om . Han blei heller ikkje so mykje med seinare. Arbeidet og omsuti for hus og heim gjorde sitt. Til det kom at eine kneet honoms ikkje var godt. Han fekk ein skade med han var på timmerfløyting eit år og det gjorde nok au sitt,

Svein var ein typisk upptrekkjar, Han var ein råhoppar som skaut som ein fugl gjenom lufti, langt og høgt. Nedslaget var stødt og samla, låmi vidare rett og smalspora. Telemarkens Skiforbund hev gjeve han sylvmedalja si, og Vest Telemark skikrins Nordheim medalja. Nå sit han som velvyrd bonde på Brekke, gift med Margit, eldste dotter til Hallvard Midtbøen. Dei har havt 11 born, 10 liver og er friske og sterke, so han hev gjort si borgarplikt her au Svein.

Johans Sollid var au løypar, men rokk, som han sjav seier ikkje upp mot Svein. Men han levde i løypingi med sinn og skinn, og kom andre heimat med store og fine premiar, kom Johans att med livans og friske minne som han hev gøymt på like til i dag.

11

Han strekar under at den nyare måten a bruke ski på - til moroløyping, til slalåm, kneikelåm, ufseløyping, og hopping ikkje tok seg upp at fyrr i midten av fyrre hundreåret, Og rektig fart og sving i denni måten å bruke ski på, motsett nytteløypingi-, blei ikkje fyrr Sondre Nordheim kom med hælbandi. Detti blei frå fyrst av sett på som noko farleg, men etter kvort det blei meir og meir kjent og fleire og fleire tok til å bruke hælband, blei det snart til det, at det var mindre speleg med hell utan hælband. Eitt er sikkert, og det er at uten påbinding kunde ein ikkje på skikkeleg vis bruke ski på denni nye måten.

Men Johans var god å fortelje, so det var bare rimeleg at han blei tvinga til å seta seg ned og taka blyanten, endå so traud han var, og skrive upp noko frå sine unge år.

Eg er fødd i 1866 og minnest godt skiløypingi her i Morgedal frå midten av 70 åri og utetter, i den tid då skisporten her stod på sitt høgste og det var morgedølane, telemarkingane, som då var meistrane i heile den vide verd.

Eg vil ned detti næmne noko av det eg minnest frå denne tidi om skiløyping og skiløyparar. Eg vil med ein gong seia her var mykje meir løyping i Morgedal då hell nå. Nå er det bare småungane som av og til er ute på ski i ein og annan skibakke, men då var, kan eg seia, heile bygdi på ski frå tidleg morgon til seine aften kvor helgedag her var so nokolunde ute verans. Me løypte ikkje då i sama bakken og på sama hoppet, men flutte frå stad til stad heile bygdi rundt, til alle bakkar og stader, der låmir kunde leggjast, var upptråkka. Hadde her vore upphaldsver 8 hell 14 dagar so såg du kje den bakken i heile bygdi der skiløyparar ikkje hadde vore og tråkka og løypt. Når det leid ut på veten og soli tok til å virke i solbakkane ut på dagen, so var det å draga ivi på mosasida om ettermiddagen. for der var bet føre då. På den sida var det mindre av fine skibakkar der var ufsedrag og slalåmlende og då blei det nøgdi av det me kallar uvyrdsløypur, ufsir og ulendte slalåmir.

Når me kom i ein lageleg bakke, det kunde vera ein mur, ei rein helle ei fin ufs, so var det gjerne so at me gjorde kvor sitt hopp side om side bort etter so langt det gjekk an. Og so galdt det om å gjera lengste hoppet, og få finaste nedslaget i den lause utråkka bakken nedunder.

Noko av det finaste eg såg i ein skibakke frå den tid, var mange slike hopp side om side bortetter bakken. Skulde det vera fint, so måtte du koma ned med skii samla og ikkje det eine framom det andre. Når du det gjorde, so såg du ikkje meir hell eit far i snjoen, litt djupare og breidare med sama dei tok bakken og so bars det vidare med ski i hop eit spor, og so når du kom nedst i bakken sol var det svingen Telemarksving som det seinare blei kalla. Hadde me so drive med detti ei stund, so kunde det hende at me laga kon elt større hopp som me bruka i hop.

12

Då blei det gjerne til det at det blei kapphopping og då måtte me hava ein til å struke ut og tråkke bakken, og sjå etter kven som gjorde lengste hoppet. Då kan du tru me hadde mang ein morosam dag i skibakken her i Morgedal.

Eg kan ikkje tenkje meg ein friskare, morosamare, meir utviklans leik både for kropp og sjel hell ein slik dag i skibakken. Dalen ligg der roleg og fin med kald, mjølen snjo og sol ivi tind og nut og snjotyngd skog uppetter liane på båe sidur av dalen.------

Det verste for kon smågutar var at me hadde so kleine ski.- ja slett ikkje. Dei vaksene karane hadde nok ski, gode fine furuski. Dei fleste av dei gjorde skii sine sjave, og for andre au, men me småkarane måtte vente.

Kor mang ein gong eg stod i tunet på Skare og såg på skuleborni som svinga seg på ski i Skarsbakkane i alle friminuttane. Verst var det når her var komen nysnjo og det so klårna upp og bakkane låg der slette og fine i tindrans frost med sol ivi åsar og fjøll, sjå detti og ikkje hava ski var reine Tantaluskvaler. Nei, det måtte bli ski.

Det var nok ikkje hickoriski med Huitfeldtband då som nå for kon små gutar. For ei tid sea hadde me i skulen om Salomo. Eg kom då til å spørje: Om de hadde vore i staden av Salomo og fenge lov til å beda om kva som helst, kva vilde de då ha bede om? Ein smågut sette fingeren i veret med ein gong.= Nå kva vilde du ynskje deg? Svaret kom stilt fort: Eit par Huitfeldtband. Nå ja, læ ikkje åt guten for det. Det var sers liketil og barnslegt. Om eg hadde fenge den spurnaden då eg var i den alder, so hadde eg nok ikkje sagt Huitfeldtband, men eg er mest sikker på eg hadde svara: Eit par Nordheimski. Det stod sikkert for meg og mange andre smågutar i den tid som det største me kunde få. Skii våre var til å byrje med nokso primitive. Kunde me få tak i eit par avbrotne ski etter ein vaksen, so var me uppå heilt. Det var å gjera dei um til koltur og få ein bøyg på dei, so var det svært til greidur. Braut me av dei, som så tidt hende, so var det bare å laga ny bøyg på dei, blei dei for stutte å bøyge framme, so var det bare å snu bak fram det, og laga bøygen der.

Eg gnog so lenge på far etter ski at han til slutt hadde tala ned Sondre Nordheim om eit par ski til meg. So var det ein sundag ut på veten. Her var komen nysnjo og det tok til å klårna upp. Skarsbakkane låg kvite og reine som uskrevne blad utan ei skilåm. Eg sat i glaset og såg ut på all denne herlegdom, men hadde ikkje ski. Far og Olav Drangstveit sat framme i gruva og rødde, mor rusla i stogo med sitt, såg av og til bort i spagryta som stod og koka, Då fekk eg sjå ein mann ute i Haugansvingen kom glidans etter vegen med eit skipar på oksli. Kven var det? Ja, det var nok ingen annen hell Sondre det, eg kjende han der han leug og lett kon, ruslans.

13

Kvor skulde han av i dag tru? Kven var det nå "han var ute med ski til? Der svinga han upp i Skarsledet. Det skulde nå vel aller vera ? Det skulde nå vel aller vera ålvor i det far hadde sagt ein kveld eg dreiv på med den gamle leksa om nye ski. Kanskje det kunde bli nye ski snart, dersom du er snill gut. Sat eg såg på Sondre der han muna seg uppetter bakkane. Gildare kar hell Sondre finst ikkje, tykte eg. Der var han ute i tunet, ledar av seg skibandi, set skiparet frå seg utfor dynni og kjem inn. Gudag, me hev fint ver idag, seier han. Ja, det ser ut til å ljosne upp, svarar far, Eg kjem med dette skiparet du tala on, eg. Nei jaso, er dei alt ferduge.  Du fær vel etter dei du då, Johans, sier far. At eg ikkje let meg beda tvo gongur til, det seie seg sjav, og at eg tykte far og Sondre var dei snildaste og greidaste karane i verdi, er greit. Ja, nå hadde eg ski og finfint føre, men so var det band då.

Olav Drangstveit tente hjå kon då, og då han såg eg skjønna kva som mangla, tok han so ski og han og eg drog til eldhuset og om ei liti stund stod dei nye Nordheimskii mine med band og fulde greidur ferduge til å brukast. At dei ikkje fekk stande lenge er sjavsagt. Inn etter vottur og so bars det ut. Innan kvelden hadde eg gjort mange låmir og mange pylsur i Skarsbakkane.

Det var ein gild dag og ei gild viku som nå kom. Men kor lange var Adam i Paradiset. Neste sundag var det avtale at eg skulde koma til sudigard Brekke for å løype med gutungane der.. Leid ut mot eftan fann me på å gjera kon eit lite hopp i hagen på Brekke, skulde hoppa ivi hagagjerdet, snjoen var stor. Ja det gjekk bra ei stund, men so kom ulykka. Eg stelte meg til, skulde gjera eit meisterhopp, men vingla i låmi, stupa utivi hoppet, og sette eine skiet inn i hagagjerdet. Knakk og der låg eg.

Grov meg uppatt, fann att skistubben og stod med den i håndi. Men då det for ålvor gjekk upp for meg, kva for ei ullykke som hadde hendt, at eg virkeleg hadde brote av dei nye ski mine tok gråten meg og eg pusla på heimvegen med skihavet under den eine armen og staven under den andre.

Våt og frossen med klaka vottur og sorg i sinn pusla eg meg inn. Det var det fyrste, men ikkje det seinste skiparet det gjekk so med for meg.

Det var eit svare mas med ski og skiband utetter nå, kan eg minnast, viubandi stod ikkje mange dagane, og so var det i éiningi å finne viur, lagelege viur, og det var ikkje alltid so liketil om veten. Men so kom me på å finne kon viur om sumaren, "hobalsviur", skorne jonsokbil, som skulde vera sterkare og bet,

Me rusa dei, vreid dei i hop i ringar for å hava, taka til om veten, og nar me stelte kon slik, var det mindre bry, stelle skibandi. Det var kje alle som var like flinke til å laga skiband. Dei skulde vera både fine og gode når rett skulde vera. Den eg minnest var ein meister her var Jon Hauge, den eldre.

14

Bandi han gjorde var for meg toppmålet av skiband. Ikkje ei borkeflis på vio og så fint lagd at det var moro å sjå. Seinare minnest eg Svein bror min au var ein svare kar til å gjera band. Vand var han om dei og masa med skibandi si gjorde han stødt.

Premiskirenn kan eg minnast her var til kvar vet. Dessi blei haldne på ymse stader i bygdi, på Sandåker, på Brekke og på Hauge. Sværaste skibakken var 15 målteigen på Donstad. Der kan eg minnast dei bruka slalåm ved premiløypi.

Den som sette mest fart i premiløypingi var lærar Hallvard Midtbøen, seinare Brekke, kan eg minnast. Nokon løypar var han ikkje nettupp sjav, men løypingi fekk han i sving. Etter at han hadde vore på Centralskulen i Oslo var han fyr og flamme når det galdt gymnastikk og idrott. 1 1887 skipa han Morgedal skilag og var sjæli og den fyrste formann i laget.

I 1893 kom Johans Sollid som lærar til Flå i Hallingdal og skii fylgde sjav sagt med. Hallingan bruka nok ski, men ikkje hælhand då Johans kon der, bare ilkeband. Svære til å løype slalåmir var dei, men fæle til å ride på staven. Gutungane dreiv og hoppa, men på flati og la seg på staven so snart dei kom nedatt. Johans kom til Flå i februar og ikkje mange vikune etter fekk han til skirenn der. Løypebakkar som var noko fanst ikkje, so dei laga hopp på ei rein og buskrudde eit stykke uppetter. Peningpremiar samla dei inn i bakken. Frå å vera ein vanleg god løypar i Morgedal, blei Johans storløypar i Hallingdal, han tok fyrstepremiar so det stod etter dessi fyrste åri.

Andre hell tree året han var der, blei det skipa idrottslag. Dei som var med og skipa laget kom køyrande i sledar, vel inntulla i skjervar og feldar, ski vår ikkje vidare på moten i bygdane der då. Johans var med gutungane i skulen og ungdomen i bygdi og løypte og dei tok etter stilen og fekk seg ski og skiband som han, og Sollidski som Svein gjorde, fekk god avsetnad. Ilkebandi blei det slutt på og hælbandi kom i staden, fyrst tåband av ler og hælband av viur, sea lerhælband med spanskrøyr i. Johans skreiv til Centralforeningen og den gav tilskot til idrottsarbeidet, soleis mange askeskipar til premiar på skirenni.

Det var vondt om gode skibakkar i dalen, men interessa var der og bakkar blei leita upp og rudde og stelte. Løypingi kom i skotet og breidde seg, uppetter dalen til Nes og nedetter og det var ikkje mange åri so sende idrottslagi løyparar til Holmenkollen.

Joli 1896-97 for dei juridiske kandidatane Trygve Heyerdahl og Fredrik Juell gjennom Hallingdal og Numedal og tala om ski og stod på ski for vantruans og truans dølar og fekk skipa skilag der slike ikkje fanst. Dei kom til Flå au og i meldingi dei sende Centralforeningen kunde dei fortelje at ski alt hadde som misjonær der, Johans Sollid.

15

Skiidrotten var alt i sving der, og Centralforeningen fekk god hjelp av Sollid, dei gav han æra for at gutane der var so flinke på ski.

"I Flå var interessen for opvisning og foredrag mærkbart større end på de tidligere steder, og i lærer J.G. Sollid fra Telemarken, broder af den kjendte løber Svein Sollid, havde vi den bedste hjelp. Vi forstod af tilskuernes bemærkninger at skjønnet på skiløbning her var ganske annerledes fremme, og det er vistnok sandt, som det blev sagt at unggutterne her var særdeles flinke i brugen av skiene. Da æren herfor er Sollids, fremhæver vi hans exempel til efterfølgelse."

Men programmet for kandidatene var at dei skulde halde uppvisning på ski der dei for, og dei laut til Flå au, endå føret var både skralt og hardt og farleg. Dei skulde preike om ski, ikkje bare i ord, men i gjerning. "Da føret var stygt med issvul og sten og næsten ingen sne blev vi som jo i embeds medfør måtte til alene om at prøve den fornøielige bakke hvor løypen gikk tvers over landeveien, med hoppsats mellom to stabbestene på veikanten". Johans Sollid stod og såg på. Dei var uvyrne som torde løype i den steinute bakken, fortel han. Dei stod visst au. Eg vilde ikkje løype der. Toss ikkje det var naud å slå seg i hel hell.

Svein Sollid var au i Flå ein vet, i 1898, og gjorde ski og løypte. Tvo rekk meir hell ein og Svein kunde nok syne flåværingane hopping.

Johans Sollid var hallingdøl i mange år, til 1916. Då flutte han heimatt til Morgedal, er lærar der og driv farsgarden, Skare. Han er gift ned Anne, fødd Tollefsrud, frå Flå i Hallingdal, og dei har havt 11 bon. Fleire av gutane honoms er flinke løyparar som nå tøygjer hoppi ivi 50 meter rett som det er.

--------------------------

view all 18

Johannes Guttormsson Sollid's Timeline

1866
April 26, 1866
Skare, Hordaland, Norway
1896
October 25, 1896
Flå
1898
April 5, 1898
Flå
1899
December 20, 1899
Flå
1901
September 22, 1901
Flå
1903
June 10, 1903
Flå
1904
October 9, 1904
Flå
1907
July 21, 1907
Flå
1909
September 23, 1909
Flå, Flå, Buskerud, Norway