Immediate Family
-
mother
-
father
-
brother
-
Privatesibling
-
brother
About Jon Larsson Tue
I Voldasoga til Aarviknes er Jon Larsson nemnd som son til Lars Olsson Helset. Dette er ikkje informasjon som er henta frå skifte, men er nok basert på at Jon Larsson Tue tinglas eit odelskrav på Helset i 1755 på 1,5 mellag. Korleis sambandet hans med Helset var har eg ikkje funne - kanskje var mor hans derfrå?
Det er ganske sannsynleg at Jon Larsson kom frå Dravlausholen. Mykje av dette ligg i ein part i ein annan gard, Håvika. Jons trulege far, Lars Jonsson Feden/Dravlaushol selde nemleg ein part i Håvika til sonen sin Jon den 10. november 1738 og gjer det kjend at han har "solgt, skiødet og avhænded til min kiære elskede Søn Joen Larsen 13 1/4 mk fiskeleie jordegods udj Haavigen...."
I det same dokumentet står det vidare: "(...) Illigemaade jeg Joen Joensen Ulvestad (...) selger (...) til min kiære Broder Søn fornæfnte Joen Larsen 1 mel 8 1/4 mk fisk med bøxel i Haavig". Tilsaman er jordeigedomen 2 mellag 5 1/2 mk.
Ein har ikkje funne at Jon Larsson Tue sel eigedomen sjølv, men arvingane hans sel i 1777; "fra Jon Larsen Thuis arvinger til Erich Jonsen paa 2 Mell. fisk i Haavig" Skøytet er på fol. 182 i den aktuelle panteboka.
Det er også DNA-testa to Y-DNA-linjer etter Jon Larsson Tue og Nils Larsson Dravlaushol. Eit treff her vil også prove slektskapet, og her var det treff.
Så Jon Larsson var nok frå Dravlaushol og ikkje Helset.
Jon Larsson Tue's Timeline
1713 |
1713
|
Dravlaushol, Dalsfjord, Volda, Møre og Romsdal, Norway
|
|
1777 |
1777
Age 64
|
Tue, Vanylven, Møre og Romsdal, Norge (Norway)
|