Matching family tree profiles for Knut Olson Tveit
Immediate Family
-
daughter
-
daughter
-
mother
-
father
-
brother
-
brother
-
sister
-
stepfather
-
half brother
About Knut Olson Tveit
Odda, Ullensvang og Kinsarvik i gamal og ny tid
m. 1634
_________________
Knut Olson frå Tveit i Simadalen i Eidfjord vart gift med dotter til Sjur Olson på Rogdo. Dotter til Sjur vert kalla Ranveig under foreldra, men som kone til Knut Olson vert ho kalla Åsa. Knut Olson var saman med søskena sine, arvingar til ein større part i Freim. Og då han vart gift ikring 1634 med dotter til Sjur, samla han det meste av garden på si eiga hand, og så kjøpte han opp andre småpartar og var sjølveigar på Freim i 1647.
Knut var om seg og for seg, og vart ein halden mann etter kvart. Han åtte partar i heng, Jøsendal, Seljestad, Stana, Helleland, Espe og Foss i Suldal. Knut låg i krangel med presten om bygsleretten til Freim. Den tid Freim var utstykkja i mange småpartar, var prestebordet største eigaren og hadde bygsleretten til Freim. Nå meinte Knut at den tilkom han. Presten peika på at Knut ingenting åtte sjølv då han kom til Freim, men verfaren hans åtte ½ laup smør som han skifte mellom barna sine. At Knut seinare hadde kjøpt opp dette og mykje meir, rikka ikkje ved at tiendbøkene frå Colding og Brose si tid viste at presten hadde bygsleretten. Soknepresten Peder Rasmusson ville like vel ikkje krangla med soknebarna sine, og han overlet det til ombodsmannen Johan Frimann og futen Hans Hansson ("min svoger") å ordna opp i floka. Ved dom av 18. april 1672 vart det fastslått at dei hadde bygslerett kvar til sitt. Dersom etterkomarane til Knut ville leiga den andre parten, fekk dei bygsla av presten.
Etter segna var det Knut som skal ha bygd den gamle røykstova som stod på Freim til den vart riven i 1966. Det var òg eit gamalt langbord som han skal ha maksla til av ein einaste stokk, det var 7 alner langt, 6 tommar tjukt og 30 tommar breidt. Knut var lensmann frå 1640 til 1657 og er ein segnfigur i Odda. Knut hadde døtrene Ranveig og Angunna. Knut døydde i 1678 og vart jorda under golvet i kyrkja i Odda. Då kyrkja vart riven i 1870, fann dei kista til Knut Freim. Ho var staselegare enn dei andre og var den einaste med namneplate på. Det vert sagt at han låg med kården ved sida si. Ei historie om Knut Freim er om då han skulle føra ein vanfør legdslem frå Freim til Eitrheim. Det var vintersdag og mannen vart dregen på kjelke over isen. Knut var sikker på at fyren simulerte. Då dei var komne til midten av fjorden, tok Knut til å hogga eit hol i isen. Han gjekk av og til bort og målte den andre over akslene med økseskaftet. Til sist mulla Knut: "No tenkjer eg at det er stort nok". Då spratt krøplingen opp og tok til beins.
Knut Olson Tveit's Timeline
1607 |
1607
|
Eidfjord, Hordaland
|
|
1636 |
1636
|
Odda, Hordaland
|
|
1648 |
1648
|
Odda, Hordaland
|
|
1678 |
1678
Age 71
|
Odda, Hordaland
|