Krestina Foss

public profile

Is your surname Foss?

Connect to 11,538 Foss profiles on Geni

Share your family tree and photos with the people you know and love

• Build your family tree online
• Share photos and videos
• Smart Matching™ technology
• Free!

About Krestina Foss

GEDCOM Note

Tanten til Serina Lyse (Tveito)

GEDCOM Note

GEDCOM Note

frå Bondevennen I8. desember I993

JORDMORA PÅ VEG

Eg skulle helsa og seia at du måtte koma med ein einaste gong! Mannen står forkava i jordmor-bislaget. Så langt er han komen i sitt alvorlege ærend. Klokka er halv to om natta. Alltid skal det bera til nattes tider.

Å ja, seier jordmora og er straks i full hyre og full fart med den litle kufferten sin i neven. Ho veit kva og kven ho er, og hastens nødvendighet treng ein ikkje minna henne om. Men ein stakkars mann i jordmorskyss må eitkvart mæla. Og får han ikkje ordet fram, triv han segein stein uti neven og bankar dokk i bordkledningen. Då jordmora opnar gangdøra, knett det ikkje i mannen; han berre står der og toknar som døyande fisken på land. Men ho kjenner han og ho kjenner kona, ho har sant å seia oversyn over kvar einaste ventande barn'seng i bygda.

Midtnettes og midtvinters, djup snø, frost og aukande austavind. Og dei må ta einaste leia til den veglause Bråtveit-kverven ved Suldalsvatnet- i robåt. Det plar gå, men det er ikkje lettare enn vanleg; det er heller ein mon verre. Jordmor Kristina Overskeid har halvtår-gammalt barn sjøl ogmå beintfram ta det med på reisa.

Det kan bli bra bølgjer her inne i ferskvasslandet og slitsamt å ro med vinden imot eller på sida. To karar med kvar sitt årepar tek spenntak og slit. Det er mørkt som i kjellaren, vinden aukar på og blæs skyljebytter inn over æsinga; jordmora trivlar etter ausekopp men finn ingen. Dei slit seg forbi Foreneset og snakkar om å ta land før dei er komne til den vanlege støa.

- Ja, seier Kristina, - me kan 'kje gå imot Guds vind og ver. Ho sit i bakskuten med reivebarnet sitt innåt seg.

Bratte berg er ikkje til å stiga i land på; det er bra vonlaust å prøva her. Bølgjene slår inn. Litt lenger framme får dei likevel freista. Karane bykser på land og skal til å dra båten etter seg, men misser taket og slepper færingenfrå seg.

- Gud hjelpe oss! Der reiser jordmora ...

Nei, dei velter seg uti, somlar og vassar og bergar både båten og mora og barnet.

Kristina tykkjer ho lyt halda seg i eitkvart der ho reiser seg og kjem vassande i austeren på den vinglande farkosten. Det er ikkje lett når ein attåt skal ha eit barn i armane. Så får ein av karane ta imot det, og det går greitt for seg. To par utstrekte armar når einannan ikkje. Men no er Aslak Sandvikjo komen til med Iykt, så dei ser kva dei finn på:

- Ta imot!

Kristina kastar barnet i lause lufta, som var det ein vedabutt. Det går så greitt, atte!

Dei vassar lia i djup snø og skundar seg oppetter bakkane. Kristina kjem ikkje for seint. Det går så godt, atte!

Mykje har jordmødre til felles, men meir i oppgåve enn i vilkår. Kristina Overskeid på Nesflaten hadde ikkje plent dei lettaste vegane å gå i sine hastige, viktige ærend. Det var absolutt nødvendig med isbroddar mang ein gong, særleg i Lalibakkane når ho kom der vinters tid. Vatnet var stundom heise å ferdast på, ikkje berre nattes tider i storm. Då dei fekk motorbåt til jordmorskyssen, vrei han seg som ein navar nedmed Bismarvikjo.

- Nå blir det gale nok! tenkte ho og opna kahyttdøra, ville sjå koss han tok det, Lars Nesmoen som stod med roret.

- Det går, trøysta han.

Men KristinaIyfte døra av hengsla og held ho framføre seg som eit skjold om gale skulle skje; ho ville ha noko å flyta på.

- Ja, bevar' oss vel! Ho hadde Brattlandsdalen i sitt distrikt, og Bleskestad og Roalkvam og meir enn Bråtveit, ho hadde heiane og. Eingong hadde ho ærend til ei kone som fødde på Krokavasstølen.

- Du veit ein laut vera med så langt folk tura og levde, sa Kristina.

Det var livet som sette grenser for distrikt og gjerning. På avgjerande tidspunkt er jordmora i livet si tenest av alle krefter og heile sin dugleik. Før i verda var det alltid så at kunnige kvinner i grannelaget vart henta og gjorde nytte for seg. Ein greidde seg utan jordmor fordi ein måtte. Men når ein først hadde skaffa seg ei, vart det viktig å henta henne straks, få henne på plass. Jag på den hesten! Ro det du kan!

Når ho først var komen og barnet født, vart kaffikjelen snart hengd over. Og jordmorkaffien skulle vera sterk. Fødekona og jordmora skulle ikkje ha vondt av å ha det godt når alt var overstått.

Kristina var så varm og klok og kjenslevar; ho gav råd og trøyst i alle spørsmål. Ho let ikkje høve gå ifrå seg til å oppmoda mødrene om å gi bryst. Friskaste borna har fått morsmjølk, sa ho tidt.

Ei jordmor kjenner både folket og livet betre enn nokon. Kristina hadde røynt noko sjølv, ho og mannen Jørgen hadde ni born. Etter jordmorskulen hadde ho Nedstrand-distriktet eit år, og i Øvre Suldal gjorde ho tenest i 42 år. Ho var fødd pa Foss i nedre bygda i I884.

Frå Jon Moe: “Ryfylkiana” Mosaikk forlag, Stavanger 2001.

GEDCOM Note

GEDCOM Source

27 MAY 2019 14:01:58 GMT -0500 Morten Isebakke Lyse Lyse Web Site
MyHeritage -slektstrær

Slektsside: Lyse Web Site
Slektstre: 376279961-1 Discovery 376279961-1

GEDCOM Source

Krestina Overskeid (født Foss) 3 27 MAY 2019 Lagt til via en Smart Match Discovery

view all

Krestina Foss's Timeline

1884
January 19, 1884
1976
1976
Age 91