Kristian Øvrevollseie

public profile

Is your surname Øvrevollseie?

Research the Øvrevollseie family

Kristian Øvrevollseie's Geni Profile

Share your family tree and photos with the people you know and love

  • Build your family tree online
  • Share photos and videos
  • Smart Matching™ technology
  • Free!

Kristian Øvrevollseie

Birthdate:
Birthplace: Hovet, Buskerud, Norway
Death: September 13, 1973 (63)
Hovet, Buskerud, Norway
Immediate Family:

Son of Ole L. Øvrevoldseie and Anne Olsdtr. Lein
Brother of Gunhild Øvrevollseie; Birgit Øvrevollseie; Jens Øvrevollseie; Ole Øvrevollseie and Olav Øvrevollseie

Managed by: Terje Hovde
Last Updated:

About Kristian Øvrevollseie

Kristian Øvrevollseie (1910-1973) er av dei fremste spelemenn som Hallingdal har fostra; og er utan tvil den spelemann i Hol som har nådd lengst. Og vi spør oss: Koss kunne Kristian bli så god til å låte? Han fekk nok låttar alt med morsmjølka. Mor hans, Anne, var dotter av Ola Lein, spelemannen som budde i Olaslein ved Stryknasfjorden. Ho var flink til å tralle og låte på kjafte. Kristian fekk høyre goffa sin berre ein gong, men lærde nok av låttane hans gjennom mor si. Ein av dei er rein perle, som ingen spela no. Ein dag då Kristian var 6-7 år gamal fekk han høyre så fint eit ljø oppi vegen ovafor der dei budde. Der sat Eivind Hollebakken og strauk på fela medan han venta på ein gjestebodslyd som var ved kyrkja. «Kanskji du vil bi spelemann du når du bi stor?» spurte han guten som sat med store augo og lydde på. «Ja!», svara Kristian. Så bar det som gjætslegut til Guro Myrvoll, på Storestølen. Guro var ein meister til å låte på kjafte og kunne mange låttar. «Då e kom te spelemenna seinere», fortalde Kristian, «hadde eg alt lært mange låttar hjån Guro. Det var berre å få dei på fela». Så lærde han hjå Lars Holestøl, då hadde Kristian fått seg fele. Elles lærde han og av Sevat Sataøyn, Eivind Hollebakken og Helleik Kvanneberg for å nemne nokre. Han vitja og Tor Grimsgard og fekk oppleva Gamle-Dekken. Han sug til seg spel overalt der han kom. ”Det ska vera dålen spelemann um det ikkje skal vera noko å lære tå o” sa Kristian. Og alt han lærde vart det Øvrevollseie-spel av. Enkle og kanskje halvgode låtar vart lødige og fine. Og så spelte han aldri same låtten likt to gonger! Skal vi så prøve å karakterisere spelet hans? Slakk boge, flat stol, høgt rigga fele var verkemidlar han brukte. Kraftig, stø bogehand med kjappe ristetak gjorde sitt. Og så var det kort veg frå kvint til bas. Han brukte mest heile fela heile tida. Det vart ein voldsom feleklang! Tor Underberg snakka om «omen tå o Kristian» og Knut Hamre sa det slik: «Eg har aldri høyrt eit meir sermerkt felespel». Og vi kan leggje til: ofte med ein raffinert og samstundes romsleg rytme. Dansarane fekk armslag og vart leduge i skrotten. I lausen var det som han med bogen lyfte dansarane opp frå golvet og heldt dei der! Kva ville han så sjølv med spelet sitt? «E ha prøvd å få med tå nuto og vøtne i spelet mitt», sa han. Høyr «Kveldstemning på Storestø- len»! Her er det ingen nostalgi, men ei livfull, nesten offensiv naturskildring. Best likte han seg når han fekk låte å folk som sette pris på spelet hans (og dei var det mange av!) anten det var ein dansarlyd i full drøgu eller dei som berre sat og lydde. Det har vi hans eigne ord for: «Å låte ska vera som å sita prata med eit meniskji du æ i god førståels med».

view all

Kristian Øvrevollseie's Timeline

1910
May 11, 1910
Hovet, Buskerud, Norway
1973
September 13, 1973
Age 63
Hovet, Buskerud, Norway