Immediate Family
-
daughter
-
daughter
-
daughter
-
mother
-
father
-
stepmother
-
half brother
-
half brother
About Lars Jacobson Uggdal
Lars Færavåg var son av Jacob Sle i første ekteskapet hans, og som far sin var han storkar. Mellom anna eigde han ein del jordegods. I 1613 skatta han av 2 laup smør 1 hud.
Han var involvert i ei rettssak i 1623.¹ Han var noko uroleg av seg og måtte dette året bøta 6 dalar "for han overfaldt en borger med slagsmaal og skielden".
Han eigde ein del jordegods i 1624.¹ Halve Færavåg, 2 pund smør og 2 slettemark i Uggdal, 20 merker smør 1 geiteskinn i Hodlekje og 16 merker smør 1 geiteskinn i Kleppa.
Han var involvert i ei rettssak om slagsmål i 1628.¹ Han måtte ut med 3 dalar for slagsmål med Tomas Søreid.
Han var involvert i ei rettssak om hærverk i 1630.¹ Han måtte bøta 6 dalar for å ha skore av selen på hesten til Torstein Reiso.
Han var involvert i ei rettssak om overfall i 1630.¹ Han måtte bøta 4 dalar for overfall på Henning Paulson (Myklestadeie) i eit bryllaup "og slaget efter hanom".
Han var involvert i ei rettssak om slagsmål i 1631. Han måtte ut med 2 dalar.
Han var involvert i ei rettssak i 1633. Han måtte bøta 10 dalar "for hand sigtet Jacob Møklestad for en tjuff og det hand ikke kunde bevise". På 10 år kom bøtene opp i 31 dalar, eller så mykje som verdien av 10 kyr. Det gjekk då også nedover med velstanden. I 1644 selde han det han eigde i Færavåg (1 1/2 laup smør, 1 1/2 hud) til Erik Orning. Sidan sat han som leiglending på garden. Då hadde også resten av jordegodset hans fare. Han var likevel ingen fattig mann.
Han arbeidde som skaffar i 1636.
Vår Felles slektshistorie Slede/Dall-greina, "CD-ROM," s.60.
(by Irene Røyneberg)
Se også Tysnes : gards- og ættesoge. 1 side 569: https://www.nb.no/items/37b7d0113b9d176936c73c055d22d6d6?page=571
[http://slektsforskning.com/login/person/anetre/tekst/Laurits%20Jaco...]
Lars Jacobson Uggdal's Timeline
1581 |
1581
|
Uggdal, Tysnes, Tysnes, Hordaland, Norway
|
|
1600 |
1600
|
Tysnes
|
|
1615 |
1615
|
Færavåg, Tysnes
|
|
1620 |
1620
|
Færavåg, Tysnes
|
|
1622 |
1622
|
Færåvåg, Tysnes, Hordaland, Norway
|
|
1624 |
1624
|
Færavåg, Tysnes, Hordaland, Norge
|
|
1636 |
1636
|
Færavåg, Hordaland, Norway
|
|
1660 |
1660
Age 79
|
Uggdal, Tysnes, Tysnes, Hordaland, Norway
|
|
???? |