Immediate Family
-
daughter
-
daughter
-
daughter
-
daughter
-
daughter
-
father
About Morits Jenssen Rygg
Futen Morits Jenson var fødd i Søring i Jylland i 1585 og døydde på Rygg i Gloppen omlag 1639. Morits var fut i Nordfjord. I 1620 budde han på Elvebakken i Gloppen men flytta til Rygg i 1626.
Morits vart i 1613 gift med Margrete Jensdatter, dotter av Jens Christenson Lesemeister.
Dei hadde borna:
Anne Moritsdtr f. 1617 g. Jakob Olavson Bjørkedal.
Maren Moritsdtr g. Frans Olavson Rødset
Jens Moritsson g. NN som overtok garden
Asseline Moritsdtr
Morits bygde hus på garden men ingen av desse husa står på garden enno. Garden ber enno namnet Moritsgarden etter Morits Jenson.
Før Morits vart utnemnd til fut var han ting- eller sorenskrivar. I dei tider stod futen over sorenskrivaren i rang. Dette vart endra utetter 1600-talet. Morits sine forgjengarar i embedet har fått eit dårleg rykte. Morits er ikkje kjend korkje som bondeplagar eller økonomisk vinningsforbrytar. Hans embedsstilling var vel heller anonym. Morits kom i ein tragisk krangel med Anne Abelsdtr (med tilnamnet "Blodbytta"), enkja etter ein av sine forgjengarar. Sik skriv Per Sandal i "Soga om Gloppen og Breim, band I":
"Interessant er det å høyra om segna som fortel om ein strid han kom opp i med den manndomssame Anne Abelsdotter vedkommande noko skog som ho urettmessig freista å rive til seg. Anne tapte i retten men gav seg ikkje. Ho hadde sine kontakter med makthavarane. Mot betaling fekk Anne kongens kommisær til å gje henne rett, og Morits måtte bøye unna og ta dødsdom i striden. Medan hn sat fengsla og venta på avrettaren, skal han ha dikta ein salme som tok til slik: "Gud fri og døm min sag".
Etter denne segna, må Anne i folks auge ha vore så sterk og mektig at ho hadde fullstendig tak også på futen".
Morits døydde i 1639 (avretta eller ei) og enkja dreiv garden vidare til 1649. Dei åtte odels- og pante-gods i Leivdal, Hjelmelandsbrket og Humborstad i Davik (no Eid).
(Etter Geir Strands ættesoge: anene og etterkommarane til Ole Karlsen og Karen Nikoline Johanne von Cappelen.)
Morits Jenssen Rygg's Timeline
1585 |
September 24, 1585
|
Sødring, Jylland, Denmark
|
|
1614 |
1614
|
Elvebakken,Volda
|
|
1617 |
December 6, 1617
|
Elvebakken, Gimmestad,, Gloppen, Sogn og Fjordane, Norge (Norway)
|
|
1620 |
1620
- 1626
Age 34
|
Elvebakken, Gloppen, Sogn og Fjordane, , , ,
|
|
1621 |
June 14, 1621
|
Rygg, Gloppen, Sogn og Fjordane, Norge (Norway)
|
|
1626 |
1626
- 1639
Age 40
|
Rygg, Gloppen, Sogn og Fjordane, , , ,
|
|
1634 |
September 24, 1634
Age 49
|
Rygland, Gloppen, Sogn og Fjordane, Norway
|
|
???? |
Rygg, 12/3
|
||
???? |