Palle Olson Kolnes

Is your surname Kolnes?

Connect to 992 Kolnes profiles on Geni

Share your family tree and photos with the people you know and love

  • Build your family tree online
  • Share photos and videos
  • Smart Matching™ technology
  • Free!

About Palle Olson Kolnes

  • Gard og ætt i Sola, Nor-Kolnes, bruk 5, side 231, nr. 5.5
  • Gard og ætt i Sola, Nor-Kolnes, bruk 5, side 232, nr. 6

Gard og ætt i Sola, Nor-Kolnes, bruk 5, side 231, nr. 5
Ola Svenson frå Rott, bruk 1, huslyd 2,5 og Kari Olsdtr. frå Grannes, bruk 1, huslyd 3,7 gifte seg 24/6 1696, og dei bygsla bruket etter Rasmus Rasmusson og Bereta Asbjørnsdtr., men dei gjorde dette bruket som lenge hadde vore på 12 spann, til eit storbruk på 39 spann. Dette fekk dei til ved overføring frå andre bruk, frå nr. 1: 18 spann, frå nr. 2: 6 spann og frå nr. 6: 3 spann. Ola døydde i 1732, grl. 24/6, men Kari sat med det store bruket som enkje til ho i 1738 fekk skifte etter eige ynskje, og folge. Ho døydde i 1766, grl. 23/12 90 år gammal.
Born:

  1. Sven, dpt. 13/2 1696. Han vart trulova 22/2 1733 med Inger Salmundsdtr. Ølberg, men døydde straks etter, grl. 22/3 1733. Inger gifte seg seinare med Rasmus Larsson Søre Sunde, bruk 10, huslyd 6.
  2. Bereta, dpt. 28/3 1701, Meland, bruk 1, huslyd 6.
  3. Eli, dpt. 2/12 1703, Tjora, bruk 19, huslyd 8.
  4. Ola, fødd ikr. 1705, Hellestø, bruk 2, huslyd 6.
  5. Palle, dpt. 15/12 1709, Nor-Kolnes, dette bruket, huslyd 6.
  6. Maren, dpt. 24/9 1713, Nor-Kolnes, bruk 6, huslyd 6.
  7. Kari, dpt. 28/7 1720, sjå Sør-Kolnes, bruk 1, huslyd 6.

Gard og ætt i Sola, Nor-Kolnes, bruk 5, side 232, nr. 6
Palle Olson tok over bygsla etter mora i 1738, som vi såg, men berre av 30 spann av dei 39 som foreldra hadde hatt. Dei 9 spann vart førde over til bruk 6 som fekk ein skyldauke fra 15 til 24 spann.
Det må ha vore ei rimeleg utjamning, og dei 2 bruka hadde same jorddrott. Det var gammalt stiftsgods som Saxe-ætta nå åtte. Palle Olson var gift 2 gonger.
Første kona var Ragnhild Ommundsdtr. frå Skas, Klepp g. og æ. s. 243, nr. 8c.
Ho døydde i 1750, grl. 3/5, skifte 13/7.
Andre kona var Guri Hansdtr. frå Øvre Åse, Klepp g. og æ. s. 337, nr. 6b, som døydde i 1805, grl. 3/5.
Ho fekk skifte 17/11 1795 etter eige ynske. Det var skifte etter Palle Olson 26/10 1781.
Born:
i første ekteskapet

  • 1. Ola, dpt. 29/10 1741, Meling, bruk 5, huslyd 7.
  • 2. Ommund, dpt. 26/12 1744, Revheim, bruk 1, huslyd 5.
  • 3. Bereta, dpt. 12/11 1747, grl. 16/3 1749.

i andre ekteskapet

  • 4. Hans, dpt. 28/4 1752, Nor-Kolnes, dette bruket, huslyd 7.
  • 5. Sven, dpt. 16/6 1754, grl. 8/5 1755.
  • 6. Sven, dpt. 16/3 1755, døydde føre manntalet 1758.
  • 7. Ragnhild, dpt. 25/1 1756, ugift, budde meste tida heime på Nor-Kolnes, men døydde hjå systera Karen på Risa. Det var skifte etter henne 18/7 1814, grl. 27/6.
  • 8. Karen, dpt. 16/7 1758, Risa, bruk 5, huslyd 9.
  • 9. Palle, dpt. 22/8 1762, Tjora, bruk 22, huslyd 8.
  • 10. Inger, dpt. 23/1 1766, Tjora, husmpl. 4, huslyd 2.

Døpt 15,12,1709.Gift 2.gang med Guri Hansdatter Øvre Åse,i Klepp


GEDCOM Note

<p style="text-align: left;" dir="ltr">Jfr. Gard og Ætt i Sola: Nor-Kolnes, side 232, bruk 5, huslyd 6. Født på Nor-Kolnes i Haaland (nå Sola), side 232, bruk 5, huslyd 5,5.</p> <p style="text-align: left;" dir="ltr">(Nils-Rune Kolnes, Des 2016)</p>

view all 18

Palle Olson Kolnes's Timeline

1709
December 15, 1709
Nor-Kolnes, Sola, Rogaland, Norge (Norway)
December 15, 1709
Haaland, Rogaland, Norge (Norway)
1741
1741
Nord Kolnes i Sola- g og æ s 232 bruk 5 nr 6.1, Rogaland, Norway
1744
1744
Kolnes, Sola, Rogaland, Norway
1747
1747
Nord Kolnes, Sola, Rogaland, Norge (Norway)
1752
1752
Nor-Kolnes, Haaland, Rogaland, Norge
1754
1754
Nor-Kolnes, Sola, Rogaland, Norway
1754
Nor-Kolnes, Haaland, Rogaland, Norge
1755
1755
Nor-Kolnes, Haaland, Rogaland, Norge