Peter Christian Tyrholm Holtermann

Is your surname Holtermann?

Connect to 695 Holtermann profiles on Geni

Peter Christian Tyrholm Holtermann's Geni Profile

Share your family tree and photos with the people you know and love

  • Build your family tree online
  • Share photos and videos
  • Smart Matching™ technology
  • Free!

About Peter Christian Tyrholm Holtermann

Peter Christian Tyrholm Holtermann, født 1802 i Skjerdingstadhaugen i Melhus. Han tok teologisk embetseksamen 1827 og vart same år sokneprest til Kvernes. År 1831 vart han prost i Nordmøre.

Holtermann var den første ordføraren i Kvernes, og var ordførar i 6 år, nemleg til utgangen av 1843. Da sa han frå seg alle embete i kommunen. På det 10. Ordentlege Storting møtte han som 3. varamann for Romsdals amt. I 1846 vart han residerande kapellan ved Vår Frue kyrkje i Trondheim, og i 1855 fekk han Oppdal soknekall. Holtermann var så ung da han kom til Kvernes, at han levde seg inn i tilhøva her. Han var ein eldhuga opplysningsmann, og det galdt ikkje minst i praktisk leid. Mangt var smått og trongt i Kvernes den tida, og det var lågt under taket når det galdt opplysning. Holtermann søkte å få folket med seg når det galdt opplysning. Det var truleg ei lykke for ålmugen å få ein slik mann til å stå i brodden for styringa. Han var kan hende noko av ein despot, men det var vel naudturvande den tida. Det er i alle fall heilt visst at han gjorde alt han kunne for at det skulle verte ljosare og betre for folket.

Han såg det som ei livsoppgåve å føre dei fram både kulturelt og økonomisk. Han var nok glad i dette folket, og kjende seg bunden med starke band til folk og stad. Han stod da og i kontakt med folk frå Kvernes så lenge han levde.

Av større saker han fremja lyt ein nemne vegsaka. Han var drivfjøra her. Han arbeidde også ivrig for edruskap. Ein kan hevda, utan overdriving, at han staka ut kursen for komande arbeid i heradstyret. Han tok tanken opp om sparebank på Kvernes, og han peika på oppgåver som enno i 1937 ikkje er løyst. Han tala om gymnastikk i skulen, om husstellundervisning og om fjøskontroll i kvar grend.

[Strand 1975]

Kilder:

view all 12

Peter Christian Tyrholm Holtermann's Timeline

1802
November 14, 1802
Melhus, Melhus, Sør-Trøndelag, Norway
1830
April 27, 1830
Kvernes, Møre og Romsdal, Norway
1833
June 20, 1833
Kvernes, Møre og Romsdal, Norway
1835
May 20, 1835
Kvernes, Averoy, Averøy, Møre og Romsdal, Norway
1837
December 30, 1837
Kvernes, Møre og Romsdal, Norway
1843
August 12, 1843
Kvernes, Møre og Romsdal, Norway
1847
June 6, 1847
Kvernes, Møre og Romsdal, Norway