Immediate Family
-
daughter
-
mother
-
father
-
brother
-
brother
-
brother
-
sister
About Reinert Rognaldson Igelkjøn
Igelkjøn. Gard nr. 93. Br. nr. 1.
Enkja etter forrige brukar Østen Olson, Gjertrud Henriksdtr., vart g. att m. Reinert Rognaldson Erdal f. kring 1651. Han høyrde til ei ætt som hadde vore busett i Erdal, Førde, tidleg på 1600-talet. Reinert åtte gardar i Førde og Viksdalen. Barn: a. Peder. b. Rognald, åtte garden Hellebust. c. Østen, fekk bruket. d. Kari.
MT1701: Reinert Rognildsøn, f. kr. 1651. Søner: Peder (krøpling), f. kr. 1685. Østen, f. kr. 1689. Rognild, f. kr. 1694.
I 1711/1712 gjev Reinert bygsel til to leiglendingar på Følling: Sogn og Fjordane fylke, Sunnfjord, Tingbok nr. Aa 11 (1712-1714), Rettsprotokollside, Side 86b-87a.
Skiftet etter kona (1730) nemner dei same borna som i MT1701, i tillegg til dottera, Kari Reinertsdtr. I Lensmann Steens skrifter, bd. 4, side 45-46 er det attgitt eit notat, truleg skrive av Ola Andreas Tjønneland. Der blir det hevda at Reinert også hadde ein son som heitte Helge Reinertsson, som så skal vere stamfar til Johannes Jonson Njøsen, som kjøpte bruket Erdal indre i 1782."1. Rognald Olsen Erdal, 2. Reinert Rognaldsen Erdal, Igelkjønn, 3. Helgje Reinetsen Erdal, Igelkjøn, Holsen, 4. Jo Helgjesen Holsen, Njøsen og 5. Johanes Jonsen Njøsen g.m. Olina Olsdatter Mo". Det har så langt ikkje vore mogeleg å finne noko kjelde som kan støtte denne påstanden. Skiftet frå 1730, der også Reinert skiftar frå seg sin del til borna tyder snarare på at denne påstanden IKKJE kan stemme. Denne påstanden kan ein finne att i ulike variantar som i Jul i Sunnfjord 1953, slektsbok om Erdal-slekta i 1965 og Firda Folkeblad i 2/2 - 5/2 1981. Det ser ut som at Nils Husetuft kan vere opphavsmannen til dette mogelege slektsviruset.
Reinert levde i 1731 då han selde siste halvpart av gardsbruket på Igelkjøn til eldstesonen, Peder, men var salig (død) i 1739, då sonen selde garden Følling.
Reinert Rognaldson Igelkjøn's Timeline
1651 |
1651
|
Erdalen, Førde, Sogn og Fjordane
|
|
1685 |
1685
|
||
1689 |
1689
|
||
1689
|
|||
1694 |
1694
|
||
1731 |
1731
Age 80
|
||
???? |
Iglekjøn i Fjaler, Sogn og Fjordane
|