Sigurd Olsson Fekjan

public profile

Is your surname Olsson Fekjan?

Research the Olsson Fekjan family

Share your family tree and photos with the people you know and love

  • Build your family tree online
  • Share photos and videos
  • Smart Matching™ technology
  • Free!

Sigurd Olsson Fekjan

Birthdate:
Death: before 1628
Fekjan, Lyngdal, Flesberg, Buskerud, Norge (Norway)
Immediate Family:

Father of Olav Sigurdsson Fekjan

Managed by: Olaf Erik Rønneberg
Last Updated:
view all

Immediate Family

About Sigurd Olsson Fekjan

Flesberg-bok Bind IV

Gnr:92 Fekjan -- Side 349

Sigurd (Sjurd) Olsson Fekjan nemnas i tida 1577-1628. Summen med sokneprest Mikkel Pederson og Ulv Li sette lagrettesmannen «Siurd Fittum» i 1577 opp ein oversikt over jordeige og anna eige som hovudkjørkja i Flesberg og annekskjørkja i Svene åtte. Oppdraget var utan tvil eit tegn på rang og tillit. Vi ser au at Sigurd Fekjan var med og undertegna eit kongehyllingsbrev i 1591.

I 1581 kjøpte Sigurd Oison treaparten av Aslefetenga i Flesberg med eit stykkje skog inntil det gamle deilet i bekken. Det hadde før kømme fra Aslefet ved brødrebyte. Seljar var Egil Tordson, og prisen var 6 gamle dalar. Østen Tølløvsson og Tjøstolv (Olson) utferda brevet, som vart skrivi på Fekjan i Lyngdal.

Den 4. april 1588, som var skjærtorsdagen, var Sigurd Olson Fekjan ned til Bakke, der han gjorde ein ny handel, dennen gongen med Peder Olson frå Ringerike. Han kjøpte da tri kyrlag i Toen i Veggli av Peder og gav han full betaling, som var ein punds kjel og 3 dalar. Gullek Simonson (Bakke) og Kittil Helløvson (Bekkjorden), lagrettesmennar i Flesberg Sokn, stadfesta handelen, som vart avslutta med handerband. Sigurd og Peder var systersønir og like skyldte til det jordegodset, og Sigurd var nærast til å kjøpe og behølde det.

Det er mogeleg at Sigurd Oison Fekjan åtte ein deil av Åsen i Eggedal og rådde for bygsla der. I alle fall var det ein Sigurd Olson som tilbaud Tørjer Tord-son å bygsle Åsen. Det skjedde nyttarsdagen 1593 på Moen i Røllag, men dei bynte å trette og vart ikkje einige. Sonen Olav Sigurdson måtte seinare samre året for far sin ved Røllag Kjørkje og fekk lensmannen til å ta opp vitneprov om ha som var blitt sagt. Det er fristandes å sjå opplysninga i sammenheng med at Nils Torvaldson Fekjan, som omtalas seinare, gav odelsløysingsskjøte på Åsen til Narve Asleson Eikje i 1668. Dersom saka frå 1593 angår folka her på Fekjan, må Olav Sigurdson Fekjan ha vøre ung da han utførte det nemnte oppdraget for far sin.

Sigurd Fekjan skatta i 1615 av 1 hud 3 skinn i Fekjan, 1 hud i Letmolia, 10 skinn i Ulleberg i Sandsvær og 4 skinn i Toen i Veggli. Fekjan var fullgard. Siste gong vi fint Sigurd i skattelista, er i 1620. Forutan vanlege skattar betalte han da ein sum for å fornye leigeavtala på krongodset Kampestad, grannegarden her.

Skiftet etter Sigurd Fekjan vart holde 22. februar 1628. Av innholdet kjenner vi berre til at Kolbjørnsenga ved Engerud vart utlagt på ein systerlott. Tørjer Guleksson Nerli åtte seinare enga som odelsmann, så han var nok ein etterkommar av Sigurd Fekjan, kanskje ein dotterson.

view all

Sigurd Olsson Fekjan's Timeline

1502
1502
1628
1628
Age 126
Fekjan, Lyngdal, Flesberg, Buskerud, Norge (Norway)
????
Fekjan, Lyngdal, Flesberg, Buskerud, Norge (Norway)