![](https://assets11.geni.com/images/external/twitter_bird_small.gif?1711387293)
![](https://assets10.geni.com/images/facebook_white_small_short.gif?1711387293)
Gard og ætt i Sola, Vestre Stangaland, bruk 5, side 480, nr. 4
Erik Simundson var frå Søre Sunde i Madla, bruk 18, huslyd 3,4. Han bygsla bruket etter Matias Østenson, og vart 23/4 1693 trulova med enkja etter han, Guri Østensdtr., vigselsdatoen finst ikkje i kyrkjeboka. Skylda var framleis 18 spann. Guri døydde alt i 1695, grl. 24/6, skifte 14/8. Andre kona var Anna Jakobsdtr. frå Harvaland, bruk 2, huslyd 5,3, vigde 6/1 1697. Erik hadde bruket til han døydde i 1731, grl. 17/6. Anna vart grl. 30/1 1738. Det var ingen born i Erik sitt første ekteskap, så vidt vi veit.
Born i 2. ekteskapet:
Det må ikkje ha sett lyst ut for Erik og andre kona heller med omsyn til å få ein ny generasjon i huset av eige avkom, for dei tok ein systerson hennar som fosterson. Jørgen Nilsson heitte han og var son til Kirsten Jakobsdtr., fødd 27/8 1702. Sjå under far deira på Harvaland. Dei fekk det som dei ynskte, fostersonen bygsla bruket etter dei, og det var dei same 18 spann.
1700 |
September 12, 1700
|
Sola, Rogaland, Norway
|
|
September 1700
|
Vestre Stangaland, Sola, Rogaland, Norway
|
||
1700
|
Vestre Stangaland, Sola, Rogaland, Norway
|